Alle ungdomspartia mista medlemmar i 2020 – AUF og Raud Ungdom mista flest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.03.2021 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Raud Ungdom er eit parti som har ein veldig stabil medlemsbase og han blir alltid høgare når det er valår. Sjølvsagt er medlemstalet lågare enn me skulle ynskje, men i vårt hovud er det ikkje kriselågt.

Det seier Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus på telefon til Framtida.no.

Ho understrekar at det ikkje dreier seg om utmelding av medlemmar, men at dei ikkje har betalt kontigenten for 2020.

Lite parti, små ressursar

Framtida.no har fått tal frå alle ungdomspartia som viser betalande medlemmar ved utgangen av koronaåret 2020. Etter fleire år med medlemsrekordar har samtlege ungdomsparti opplevd ein nedgang i medlemstala frå 2019.

Raud Ungdom er det minste av ungdomspartia og har hatt den største prosentvise nedgangen. 38 prosent av medlemmane forsvann i løpet av koronaåret.

– Me har mindre ressursar både menneskeleg og økonomisk enn til dømes AUF, som har mange tilsette. Det er lettare for dei å få inn folk med teknisk kompetanse, noko som ikkje har vore mogleg for RU, forklarar ungdomspartileiaren.

– Alt er meir utfordrande digitalt

Bekkhus tok over leiarvervet via ei digital avstemming ei knapp veke etter Noreg stengde ned, og meiner nedgangen i medlemstal handlar mykje om at ein ikkje har hatt dei naturlege møteplassane og påminningane om å betala kontigenten.

Raud Ungdom-leiaren legg ikkje skjul på at det har vore mange utfordringar i hennar første leiarår.

– Alt er meir utfordrande digitalt, både motvasjonsmessig og reint praktisk. Det har vore ei utfordrande tid med lite plass til ungdom generelt, seier Bekkhus.

– Anten ein er ungdomspolitikar i FpU eller RU er det viktigaste at ein får moglegheita til å engasjera seg og endra kvardagen sin, men det er òg ein plass ein får vener, kjærastar og heile pakka, understrekar ungdomspartileiaren, som håpar skulevalkampen kan verte ein skikkeleg boost.

Tala på betalande medlemmar ved utgangen av 2019 og 2020 er levert av ungdomspartia sjølve. Illustrasjon: Datawrapper.de

AUF: – Korona har verkeleg vore ein kjepp i hjula

Arbeidarpartiets Ungdomsfylking (AUF) har den siste tida vore i hardt vêr på grunn av den omstridde praksisen med å verva såkalla «tikronermedlemmar» og på grunn av avsløringar om at Oslo AUF har oppgitt feil medlemstal til kommunen og fått støtte dei ikkje hadde krav på.

AUF er klart størst når det kjem til medlemstal. Dei har i 2020 opplevd størst medlemsflukt i absolutte tal, og har hatt 32 prosent nedgang i medlemstal frå 2019.

Generalsekretær i AUF, Sindre Lysø. Foto: AUF

AUF har ikkje svart på spørsmål om medlemstala, men i ein e-post til Framtida.no skriv generalsekretær Sindre Lysø:

«Korona har verkeleg vore ein kjepp i hjula for ungdomsengasjementet. For AUF som den store og breie organisasjonen me er, har det vore ekstra krevande under pandemien når mesteparten av aktiviteten har blitt avlyst eller har blitt erstatta med digitale løysingar. På grunn av pandemien har også mange av dei demokratiske prosessane i samfunnet vore betydeleg svekte, som har gjort det vanskelegare for ungdom å påverke direkte gjennom partipolitisk arbeid.»

Lysø peikar vidare på at organisasjonen har hatt ei naturleg utskifting, utan dei same moglegheitene til å møte og rekruttere nye medlemmar.

«Me merkar godt at me ikkje har hatt verken sommarleir eller dei vanlege møteplassane for å diskutera politikk i 2020. Me er heilt sikre på at utviklinga snur når landet blir gjenopna, og moglegheitene for å driva med ungdomspolitikk blir like gode som dei var før pandemien.»

Fire nye lokallag i Møre og Romsdal

Senterungdommen har i likskap med dei andre partia hatt nedgang på landsbasis, men har hatt mindre prosentvis nedgang enn dei andre partia. På landsbasis gjekk medlemstalet ned 4 prosent frå 2019 til 2020, men i Møre og Romsdal har dei faktisk hatt ein oppgang.

Leiar i Møre og Romsdal Senterungdom Dordi Boksasp Lerum fortel om ein medlemsauke på kring ti personar og fire nye lokallag.

– Samanlikna med andre lokallag i Senterungdommen har me kunne hatt fleire fysiske møte. På seinsommaren hadde me låge smittetal og me hadde ein turné der me fekk fleire nye medlemmar, forklarar Lerum på telefon til Framtida.no.

Leiar i Møre og Romsdal Senterungdom, Dordi Boksasp Lerum (midten) har hatt med seg partifellar ut på valkamp på alle ferjene i heimfylket. Foto: Møre og Romsdal Senterungdom

Skjermengasjement

I desember og januar har dei satsa på vekentlege webinar.

– Det er ikkje mykje, men viser at ein er del av eit fellesskap som har same mål om å få ei ny regjering, understrekar fylkesleiaren.

Ho ser likevel at pandemien har vore ei stor utfordring for ungdomspartia.

– Det er heilt klart. Det er ikkje det same å bli kjent med folk over ein skjerm. Ein har ikkje hatt dei same møta som før pandemien. Det er vanskelegare å bli engasjert når ein ikkje veit kva det går ut på, seier Lerum.

– Trur du dette året vil gå ut over ungdomsengasjementet framover?

– Det er vanskeleg å seia, men eg håpar ikkje det fordi ungt engasjement er så viktig. Uavhengig av kva parti ein er med i, så er det viktig at unge engasjerer seg, seier Lerum.

LNU fryktar langsiktige konsekvensar

Alle dei politiske ungdomspartia er medlem i paraplyorganisasjonen Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). LNU-styreleiar Isa Maline Isene har vore uroa for rekrutteringa til den unge frivilligheita sidan starten av pandemien.

– Frivilligheita er ein viktig del av sivilsamfunnet og når ein får færre engasjerte kan det få langsiktige konsekvensar, seier Isene.

Ho peikar på at når ein ikkje får rekruttert nye medlemmar til ungdomsorganisasjonane, risikerer ein å få ein generasjon som fell utanfor.

– Ein opplever ikkje at ein er del av eit storsamfunn og fell utanfor demokratiet.

Styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Isa Maline Isene. Foto: Sverre Øygarden Eikill / LNU

Digital skulevalkamp

Isene peikar på at medlemstal er viktige for organisasjonane sin legitimitet og har sett negative konsekvensar av at organisasjonane ikkje har kunna vore ute og rekruttera nye medlemmar.

– Ungdomsorganisasjonane har hatt det vanskeleg med tanke på kompetanseoverføring, særleg når det kjem til samfunnspolitiske aktivitetar.

LNU ser at fleire har klart å halda oppe infrastrukturen og medlemsdemokratiet, men at det har vore mangel på det å ha det gøy.

– No held me på å bistå ungdomspartia med å planleggja valkampen digitalt og prøva å planleggja ein skulevalkamp der dei gjerne ikkje kan kome på skulane, forklarar Isene.

Ho fortel at dei minste organisasjonane er hardast råka. Dei som har base i Oslo har òg hatt større utfordringar på grunn av dei strenge restriksjonane.

Eit dystert bilete

I desse dagar jobbar LNU med ei medlemsundersøking for å få eit endå betre bilete av konsekvensane, men Isene teiknar eit dystert bilete.

– Det har vore laber aktivitet og mange har tapt mykje økonomisk. I det heile er det eit dystert bilete. Me har snakka med medlemsorganisasjonane våre og mange er bekymra. Dei har brukt opp dei gode ideane dei hadde til medlemsaktivitet i byrjinga av pandemien, forklarar ho.

Etter pandemien meiner ho det er viktig at ungdomsorganisasjonane vert prioritert, både med tanke på frie midlar dei sjølv kan disponere, og at dei får oppsøkje stader der dei kan rekruttera medlemmar, som skular.

– Det handlar om å anerkjenna ung frivilligheit og ungdomsorganisasjonane. Me får eit mykje meir keisamt og fattigare samfunn utan eit sterkt sivilsamfunn, understrekar Isene.


20 år gamle Camilla Maria Brekke frå Holmestrand er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold og kan verta tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Arbeidarpartiet