Framtida Junior er Årets nynorskbrukar

Barneavisa får prisen for å bryte veg for meir nynorsk på nett.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneavisa Framtida Junior er kåra til Årets nynorskbrukar 2023. Avisa får prisen for å bryte veg for meir nynorsk i digitale medieflater.

– Det er ingen tvil om at Framtida Junior gjer det lettare å vere nynorskbrukar, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum, som har delt ut prisen sidan 2000.

Han meiner det var modig å skipe nett- og papiravisa i 2017, i eit medielandskap der nynorsken er for lite synleg.

Framtida Junior er søsteravisa til Framtida.no, og rettar seg mot barn i barneskulealder. Ho kjem både som nettavis og som ei månadleg papiravis i temautgåver.

Ekstra kveik

Redaktør Svein Olav Langåker peikar på at Framtida Junior sitt mål er å vise fram og styrke engasjementet til barn. Han meiner avisa syner at nynorsk kan brukast til å skrive om og for framtida.

– Denne prisen viser at me er på rett veg, og det gir ein ekstra kveik til det kjekke arbeidet vårt, seier Langåker i ei pressemelding.

Foto: Svein Olav Langåker og ein klasse ved Kinsarvik skule på journalistkurs i regi av Framtida Junior. Fotograf: Framtida Junior

I tillegg til å vere Framtida Junior-redaktør er Langåker dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som eig både Framtida Junior og Framtida.no. Framtida.no er redaksjonelt uavhengige av LNK.  

Prisen Årets nynorskbrukar er på 100 000 kroner og vert delt ut på opningsdagen av Festspela i Aasentunet torsdag 8. juni.

Prisen vert delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til ein person eller institusjon som syner evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og at dei gjer det lettare å vere nynorskbrukar gjennom sitt føredøme.

Framtida Junior er eit samarbeid mellom ABC Startsida, stiftinga Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Fleire lokalaviser samarbeider om å gi ut papiravisa.


Her kan du lese nokre av sakene frå Framtida Junior:

Les også: Martim (10) kjende seg utanfor og lei seg. Så oppdaga han ei ny moglegheit

Martim Santos (10) syntest det var kult å oppdage ein idrett som han kunne verte god i. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Tidlegare vinnarar av Årets nynorskbrukar

2022: Klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord

2021: Bergen kommune

2020: Lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag Geir Sverre Braut

2019: Frisørkjedene Floke og Balanzera ved adm.dir. Irene Stana og eigar Trude Lundevall

2018: Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset

2017: Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta