Vekas viktigaste: Oljefelt, seksuell trakassering og eitt år med krig

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal betre varslingssystemet i Forsvaret

Forsvarssjef General Eirik Kristoffersen ved pressekonferanse om tryggleiken til Noreg og krigen i Ukraina i oktober i fjor. Foto: Statsministerens kontor

Dei siste åra har det kome fram fleire varsel som gjeld seksuell trakassering og overgrep i det norske forsvaret. Førre helg skreiv NRK blant anna om eit varsel som skildrar 11 kvinnelege soldatar som vart seksuelt trakasserte. Silje Falmår (22) sto fram i saka og fortalde om uønska seksuell merksemd og overgrep.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen har no sagt at dei skal få plass eit sentralt varslingssystem. Det skal gjere at varsel blir samla på ein stad, slik at Forsvaret har betre oversikt over problemet, og gjere det enklare for folk å seie frå. Systemet skal på plass frå august.

Saka som kom fram siste veke har handla om folk i førstegongsteneste, men tidlegare har det vore saker som har involvert tilsette som er høgare opp i organisasjonen. I januar kom det blant anna fram at 15 tilsette fekk sluttpakker i staden for å bli sparka, trass i at personane ifølgje Forsvaret truleg hadde vore involvert i straffesaker.


Det er eitt år sidan Russland invaderte Ukraina

Biden og Zelenskyj framfor katedralen.

President Joe Biden kom på eit overraskande besøk til Ukraina denne veka. Foto: AP Photo/ Evan Vucci

Denne veka besøkte den amerikanske presidenten, Joe Biden, den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj i Kyiv. Der annonserte han at USA kjem til å støtte Ukraina med ein halv milliard dollar, rundt 5 milliardar kroner. I tillegg kjem dei til å kome med fleire sanksjonar mot Russland.

Besøket skjer same veka som eittårsdagen for at Russland invaderte Ukraina. Fredag 24 februar er det fleire som markerer dette, blant anna i Noreg. Den ukrainske foreningen i Norge har ei hovudmarkering i Oslo framfor Stortinget og den russiske ambassaden, men det er også fleire andre markeringar rundt om i landet.

Sidan krigen starta har det døydd over 7000 sivile personar i Ukraina, og over 11 000 er skada, ifølgje Statista. Rundt 5,2 millionar ukrainarar har flykta til utlandet og 7 millionar er internt fordrive i landet.


Kjendisar ber Storbritannia om å ikkje godkjenne Equinor-plan

Aurora er ein av dei som har engasjert seg mot oljefeltet utanfor Shetland. Her frå Sentrum scene 22. mars 2019. Foto: Stian Schløsser Møller, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Denne veka vart eit opent brev signert av mellom andre artisten Aurora, klimaaktivisten Vanessa Nakate, komikar Frankie Boyle og forfattar Gemma Styles levert til britiske regjeringa. I brevet ber aktivistane om at dei ikkje godkjenner britiske Rosebank-prosjektet.

Rosebank er eit oljefelt som er planlagt etablert nord på den britiske sokkelen, vest for Shetland. Equinor har ein 40 prosent eigardel av prosjektet. Dei fyrste planane for prosjektet har allereie vorte avvist fordi dei ikkje hadde detaljert nok informasjon rundt miljøkrava.

Dei nye planane blir behandla no. Dei som har signert brevet vil at den styresmaktene skal avvise planane, og heller investere i fornybar energi.


Nytt jordskjelv i Tyrkia

Ukrainske redningsarbeidarar i Hatay-provinsen etter dei fyrste skjelva i starten av februar 2023. Foto: Dsns.gov.ua, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

Måndag var det eit jordskjelv med ein styrke på 6,3, følgt av eit etterskjelv på 5,5 søraust i Tyrkia. Det skjedde to veker etter dei kraftige skjelva natt til måndag 6. februar i same område, i Tyrkia og Syria.

Skjelvet denne veka var litt svakare, men har gjort at endå fleire har blitt fanga og døydd i øydelagde bygningar.

Minst 11 personar vart stadfesta omkomne etter skjelvet. Bygningar som allereie hadde skader frå det førre skjelvet har rast saman. Hovuddelen av skjelvet var i Tyrkia, men vart også merka i Syra, Libanon og Egypt.

No blir det arbeidd i både Hatay-provinsen i Tyrkia og i Idlib og Aleppo i Syria for å hjelpe folk.


Norske forfattarar vil beskytte verka sine mot sensur

Kollasj med bokomslag og Roald Dahl.

Kollasj av Framtida. Bokomslag frå Gyldendal. Foto av Roald Dahl: Carl Van Vechten, 1954/Library of Congress/Fallen i det fri

Denne veka vart det kjend at forlaget til Roald Dahl sine barnebøker kjem til å endre på språket i nye opplag av bøkene. Språkendringane inkluderer blant anna at karakterar ikkje lenger blir skildra som «tjukke» eller «feite», og det blir lagt inn meir kjønnsnøytralt språk.

Endringane har fått fleire til å reagere. Gyldendal, som har rettane til publisere bøkene på norsk, har blant anna sagt at dei ikkje ynskjer å ta inn endringane, etter fleire reaksjonar.

I tillegg har fleire norske forfattar sagt at dei ynskjer å ordne avtale med forlaga sine for at dette ikkje kan skje med deira eigne verk.

Maria Kjos Fonn, Matias Faldbakken, Ingvar Ambjørnsen og Tom Egeland er nokre av forfattarane som vil bevare språket i bøkene sine.


✨Vekas lyspunkt✨: James Webb-teleskopet har funne seks nye galaksar

Seks forskjellige lys.

Foto: NASA / ESA / CSA / I. Labbe

Dei nye galaksane er truleg like gamle som vår eigen, men dei er meir kompakte. Det vil seie at dei sjølv om dei har omtrent like mykje masse som Mjølkevegen, galaksen vi bur i, er denne massen rundt 30 gongar meir tettpakka.

Mjølkevegen er altså mykje meir spreidd ut enn desse seks galaksane. Det at galaksane er så annleis, gjer at det var veldig interessant for forskarane å oppdage dei.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!