Regjeringa lyser ut 92 nye oljeblokker i nord: – Forsøk på ei sniktildeling

Fleire opposisjonsparti og ei samla miljørørsle reagerer sterkt på at regjeringa opnar for oljeleiting i fleire havområde i nord.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om vi byrjar å leite etter olje og gass i desse nye områda, vil selskapa først byrje å produsere om 15-20 år og kunne halde på til langt over 2080. Vi kan ikkje opne endå fleire delar av våre mest sårbare havområde for massive investeringar i ei næring vi må slutte med.

Det seier Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver i ei pressemelding. 

Organisasjonen demonstrerte framfor Olje- og energidepartementet kort tid etter utlysinga av 92 nye blokker i Norskehavet og Barentshavet.

Det er galskap å utvide områda oljenæringa får leite i med nesten 100 nye blokker som kan låse verda til store utslepp langt over det klimaet toler, seier Gylver vidare i pressemeldinga.

Haltbrekken: – Regjeringa speler hasard

– Regjeringa speler hasard med sårbare naturverdiar, seier SVs Lars Haltbrekken til NTB.

Han reagerer sterkt på nyheita om at regjeringa vil innlemme større areal for oljeleiting i Norskehavet og Barentshavet.

– Regjeringa opnar no for oljeboring innanfor den sårbare iskantsona, der grunnlaget for det meste av livet i Barentshavet blir danna, og på Tromsøflaket og Eggakanten Nord, som er viktige fiskeområde, påpeikar han.

SVs Lars Haltbrekken varslar kamp mot regjeringsforslaget om å utvide areala for oljeleiting. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Lover kamp

I budsjettforhandlingane med regjeringa fekk SV gjennomslag for å utsetje 26. konsesjonsrunde. Den gjeld nettopp såkalla umodne område der det ikkje går føre seg oljeleiting frå før, fram til 2025.

Dei såkalla TFO-rundane, tildeling i førehandsdefinerte område, held likevel fram som før. Men tysdag vart det kjent at regjeringa foreslår å innlemme 92 blokker i dei nordlege havområda i årets runde.

– Dette er forsøk på ei sniktildeling av areal i umodne område. Vi kjem til å slåst mot dette, lovar Haltbrekken.

– Misbruk av TFO-ordninga

Både Naturvernforbundet og WWF støttar SV i at forslaget er eit brot på budsjettavtalen.

– Det undergrev heile sigeren i budsjettforliket til SV når regjeringa no utvidar TFO med 92 nye blokker. Vi står midt i ei klimakrise der all vitskap seier at det ikkje er plass til ny olje- og gassleiting, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF.

– Eg kan ikkje tolke dette forslaget som anna enn ein ny ordinær konsesjonsrunde. Ingen av desse områda er «modne», slår leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet fast.

Det same seier Greenpeace, som meiner at regjeringa misbruker TFO-ordninga.

– Ifølgje Petroleumslova skal TFO gjelde modne område. Dei nye blokkene som er foreslått, er fleire hundre kilometer frå næraste infrastruktur, påpeikar organisasjonen.

Iskanten markerer starten på det enorme området som er dekt av is i Antarktis. No opnar regjeringa for oljeboring i område nær iskanten. Foto: Tore Meek / NTB / NPK

– Knapt til å tru

Også Raudt, Venstre og MDG reagerer kraftig.

– Vi har allereie funne meir fossil energi enn vi kan vinne ut, om vi skal unngå katastrofale klimaendringar. Dette er ikkje eit svar på klimakrisa, men låser Noreg fast i feil spor, seier energipolitisk talsperson Sofie Marhaug.

– Dette er knapt til å tru, seier Ane Breivik, som er Venstres medlem i finanskomiteen på Stortinget og leiar i Unge Venstre.

– At regjeringa vil bore etter stadig meir olje i sårbare område, viser at dei ikkje har forstått alvoret i klimakrisa, seier ho.

Ane Breivik, leiar i Unge Venstre. Foto: presse

 

– SV må kjenne seg grundig lurt etter denne manøveren frå regjeringa, kommenterer MDG-leiar Arild Hermstad.

Marhaug meiner regjeringa ikkje følgjer opp løfta i Hurdalsplattforma.

– Der seier dei at klima og miljø skal vurderast meir heilskapleg i TFO-rundar. No sender dei ut eit høyringsbrev som ikkje nemner klima og miljø med eit ord, påpeikar ho.

Fryktar taktisk spel

Organisasjonane Offshore Norge og Norsk Industri er, ikkje uventa, positive til utlysinga.

– Dette er svært gledeleg. No må selskapa følgje opp og søkje breitt på dei kunngjorde blokkene, seier forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi.

Frp, som også er ein sterk pådrivar for meir olje- og gassleiting, fryktar på si side at utlysinga berre er eit taktisk spel frå regjeringa for å skaffe seg eit forhandlingskort før revidert nasjonalbudsjett til våren.

– Forhandlingshistorikken mellom regjeringspartia og SV tilseier dessverre nye innstrammingar i olje- og gasspolitikken allereie til våren, seier energipolitisk talsperson Terje Halleland.

Også i TFO-runden i fjor lyste regjeringa ut tre oljefelt nær iskanten. Men desse vart fjerna i budsjettforhandlingane med SV.