Seks galaksar funne med Webb-teleskopet: – Det tidlege universet er eit freakshow
Astronomar har ved hjelp av Webb-teleskopet funne det som ser ut til å vere seks store galaksar som er like gamle som vår eigen, men langt meir kompakte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Galaksane kan daterast 540–770 millionar år tilbake i tid etter Big Bang for 13,8 milliardar år sidan. På den tida var universet omtrent 3 prosent av dagens storleik.
James Webb-teleskopet har avdekt endå eldre galaksar, som kan daterast til berre 300 millionar år etter byrjinga til universet, men det er storleiken og modnaden på desse seks påståtte megagalaksane som gjer inntrykk på forskarane. Funnet vart kunngjort i tidsskriftet Nature onsdag.
Like store som Mjølkevegen, men tettare
Astrofysikar Ivo Labbe ved Swinburne University of Technology i Australia og teamet hans står bak oppdaginga. Han venta å fine små baby-galaksar, men fann noko heilt anna.
Dei seks galaksane ser ut til å ha ein masse som er på storleik med Mjølkevegen, men 30 gonger meir tettpakka.
– Medan mesteparten av galaksane i denne æraen framleis er små og gradvis veks over tid, er det nokre få monster som når modnad i hurtigtakt. Kvifor dette skjer eller korleis dette fungerer, er ukjent, uttaler Labbe.
– Viss Mjølkevegen var ein gjennomsnittleg voksen med normal storleik, la oss seie 175 centimeter og med ei vekt på 70 kilo, ville desse eitt år gamle babyane ha vege det same, men målt berre 7 centimeter. Det tidlege universet er eit freakshow, seier han.
Sjekk også ut desse sakene:
- No skal forskarane bestemme seg: Om romvesen tek kontakt med jorda, kven svarar?
- NTNU-studentar vil skriva norsk romhistorie – byggjer satellittar som skal sendast til verdsrommet
- Utruleg: Forskarar vil byggja hus av blod på Mars
Les også: For første gong har forskarar dyrka plantar i månejord