Fryktar for sørsamisk språk om reindrifta mister areal

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utan reindrifta ville ikkje det sørsamisk språket eksistert i dag.

Inger Johansen er
universitetslektor hjå Nord universitet.
Foto: Nord universitet

Det seier universitetslektor Inger Johansen til Gemini.no, som først omtalte saka. Ho forskar mellom anna på samisk språk og kultur ved Nord Universitet.

UNESCO reknar sørsamisk som eit alvorleg truga språk, og i dag er det berre eit hundretals personar i Noreg som snakkar det.

Johansen peikar på at språket ikkje kan leve lausrive frå resten av kulturen og den sørsamiske identiteten, og at reindrifta står sentralt.

– Det er svært sentralt for heile den sørsamiske kulturen at det vert lagt til rette for at det skal vere mogeleg å drive med reindrift også i framtida, seier ho til Gemini.

Manglar læremiddel

Høgsterett slo i 2021 fast at norske styresmakter handla i strid med urfolk sine rettar, då dei gav konsesjon til å byggje vindturbinar i Fosen. Utbygginga øydela nemleg moglegheita for å ha reindrift i områda, noko som er ei verna kulturøving.

Dommen var ein stor siger for samane, men framleis er det usikkert kva som skjer med vindparken.

Inger Johansen frå Nord Universitet peikar på at reindrifta har fungert som ei motvekt mot assimilering blant samar i Sør-Noreg. Om sørsamar mister reindriftsareal vil det få store konsekvensar for språket, trass i at sørsamisk har fått fleire bein å stå på.

Forskaren viser til at det har vorte fleire offentlege stillingar som har sørsamisk som arbeidsspråk, men samstundes går mange samiske barn utan språkopplæringa dei har krav på:

– Den sørsamiske befolkninga lever spreidd, og dei som ikkje bur i Snåsa eller Røros, der det finst sørsamiske lærarar, opplever at dei må gjennom ein omstendeleg prosess for å få god nok språkundervisning, seier ho til Gemini og held fram:

– Ting ser bra ut på papiret, men realiteten er at mange manglar læremiddel og kunnskap.


Les også: Ina Theres (25) drøymer om å føre reindrifta vidare

Ina-Theres Sparrok har alltid visst ho vil drive med rein, slik som generasjonane føre ho. Foto: Privat