Ina-Theres (25) drøymer om å føre reindrifta vidare: – Det er ikkje berre ein jobb

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 07.04.2021 11:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er nokre gongar, når det regnar sidelengs og ein må vere ute, at eg tenkjer «i dag hadde det kanskje vore fint å jobbe på kontor», fortel Ina-Theres Sparrok før ho skundar seg å leggje til:

– Dagen etter er det fint vêr, og då gløymer ein fort dei tyngre stundene. Eg kjem på kvifor eg vil leve dette livet. Det er her eg skal vere.

For fem år sidan tok sørsamiske Ina-Theres Sparrok (25) over drifta av sin eigen reinflokk, heime i Smalåsen i Namsskogan kommune, nord i Trøndelag. Arbeidskvardagen hennar følgjer vêret og dagslyset, og ingen dag er lik.

– Reindrift er ikkje noko ein berre kan lære seg på skulen, ein lærer det heile livet, frå ein er liten, seier Ina-Theres Sparrok. Foto: Privat

– Kor mange rein har du? 

– Det er eit klassisk spørsmål, seier 25-åringen og ler. Så forklarar ho at å spørje om kor mange rein ho har vert som å spørje nokon kor mykje pengar dei har på kontoen. 

Familiebedrift

Ina-Theres Sparrok var aldri i tvil om at det var reindrift ho skulle drive med. Det var naturleg at ho skulle ta over og ho ynskja sjølv å føre drifta vidare. Reindrifta i familien strekker seg tallause generasjonar tilbake i tid:

– Så langt bak som eg kan sjå i slektstreet mitt, både på fars- og morssida, fortel Sparrok.

Mor hennar kjem frå ein reindriftsfamilie i Jämtland, medan farsslekta har drive med rein i Namsskogan, der Sparrok òg er vaksen opp. 25-åringen fortel at ein reindriftsfamilie er som ei familiebedrift, ein klarar det ikkje åleine og kvar og ein har si oppgåve.

– Det er ikkje berre ein jobb, men ein livsstil, seier ho.

Foto: Ina-Theres Sparrok

Då Ina-Theres Sparrok var ferdig på medier- og kommunikasjonslinja på Steinkjer vidaregåande skule, vart ho difor reindriftlærling heime hjå faren i to og eit halvt år.

– Det var ganske spennande å ta fagbrevet, det var litt sånn «wow, no skal nokon andre bedømme om eg kan det eg har drive med heile livet», fortel ho.

Fagbrevet tok ho på sommaren, og sensorane var med til fjells då Sparrok skulle merkje kalv. Eit av dei første minna ho har frå barndomen er frå nettopp kalvemerking. Når reinkalvane er kring ein månad gamle, så merkjer ein dei med same merket som simla ved å skjere ulike snitt i øyro.

– Eg hugsar at då eg var 4-5 år, så fekk eg hjelpe til å halde haka til kalven, minnest Sparrok.

Ina-Theres får halde haka til kalven, medan far skjerer merkje i øyro. Snittet som merkjer reinen er ofte noko ein har arva frå tidlegare generasjonar. Ina-Theres Sparrok har arva eitt som har vore i same området i tallause år.  Foto: Privat

Nokre år seinare fekk ho merkje sin eigen kalv på eiga hand. 25-åringen hugsar framleis meistringskjensla ho sat att med etterpå.

Endå det var nervepirrande å verte bedømd, så synest Sparrok det er fint å ha kompetansen sin stadfesta på papiret, at ho har fagbrev i reindriftfaget.

Mannsdominert yrke

Det er no fem år sidan Ina-Theres Sparrok tok over sin eigen flokk, si eiga driftseining. Ho fortel at reindrifta har modernisert seg mykje – no brukar ho til dømes drone til å gjete flokken på godvêrsdagar, og ho køyrer både snøskuter og ATV.

Moderniseringa har på nokre vis òg ført til at reindrifta vert sett på som eit ganske mannsdominert yrke, fortel Sparrok. Men verken ho eller systrene, Mia Erika og Lene Cecilia, har sett på det som noko hindring.

– Foreldra mine har sagt til oss gjennom heile oppveksten at «det her klarar de, sjølv om de er jenter». Dei har ikkje gjort noko annleis. Dei har alltid hatt trua på oss.

25-åringen er ein dyktig fotograf, og har ofte med seg kameraet sitt ut. Foto: Ina-Theres Sparrok

Sparrok tenkte ikkje særleg over at ho var kvinne då ho gjekk inn i yrket, og visste med seg sjølv at dette er noko ho klarar, endå ho av og til gremmer seg om ho køyrer fast snøskuteren.

For tre år sidan vart Sparrok kåra til årets unge reindriftsutøvar under landsmøtet til Norske Reindriftsamers Landsforbund. I grunngjevinga stod det at ho har utmerka seg som eit føredøme og til inspirasjon for andre unge i reindrifta.

– Gjennom næringsaktiviteten og det engasjementet ho viser, har Ina-Theres gitt viktige bidrag til å byggje opp reindrifta sitt omdømme og til å auke kunnskapen om reindrift, spesielt den sørsamiske reindrifta, sa dåværande landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Det desidert finaste

Når Framtida.no pratar med Sparrok, er ho heime i barndomsheimen i Smalåsen i Trøndelag.

– Det er ikkje mange som veit at vi driv med rein heile vegen ned til Røros på norsk side og like langt på svensk. Mange trur ein berre driv med reindrift i Finnmark, på vidda, seier ho og kan samstundes avkrefte at reindriftsutøvarar bur i lavvo heile året.

Til no har morgonen vore roleg. Reinen hennar er på vinterbeite ute ved kysten i nabokommunen Nærøysund, og ein kollega og ein slektning ser til dei.

Foto: Ina-Theres Sparrok

25-åringen fortel at eit driftsår ikkje følgjer kalenderåret, men byrjar kring 1. april med våren. Datoar er ikkje haldepunktet i året, men heller naturen og vêret.

Snart kjem tida for å flytte reinen til kalvingslandet med lastebil. Seinare vert flokken flytt til sommarbeitet, så til haustlandet før dei er tilbake på vinterbeitet.

I månadsskriftet mellom april og mai byrjar kalvinga, som er det Sparrok ser mest fram til.

– Når eg ser nyfødde kalvar, det er det desidert finaste.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Ina-Theres Sparrok (@inatheres)

Ørn, jernbane og E6

Det er likevel ikkje berre gode dagar i eit reindriftsår. Årets høgdepunkt vert gjerne følgt av årets største nedturar.

– På våren er det mange ørner som tek nyfødde kalvar. Våren er samstundes ei fin tid med nyfødde kalvar, og så utruleg trist for ørna tek dei.

Ina-Theres Sparrok har knapt ord for å skildre kva ho synest ho dagens rovdyrpolitikk. Ho meiner det er for mange rovdyr i forhold til beitedyr, og lengtar etter dagen ho slepp finne dyra sine daude. I 2019 utbetalte staten over 80 millionar kroner i erstatning for nesten 18 000 drepne rein i Noreg. Reineigarar hadde meldt inn tap av over 64 000 dyr, ifølgje NRK.

Samstundes har Sparrok jernbana, E6 og kraftverk i nærleiken av beitelandet. Ein analyse frå SSB syner at kring 89 prosent av samiske årstidsbeite og flyttelei er påverka av inngrep, med bygningar eller infrastruktur innan fem kilometer.

På hausten gjeter Ina-Theres Sparrok til fots og med hund og droner: – Då passar eg på at dei ikkje kjem ned på jernbana eller E6, så dei ikkje vert påkøyrde.
Foto: Ina-Theres Sparrok

– Det kjennest så ekkelt og urettferdig at nokon kan kome og bestemme at «her skal vi byggje». Vi som har drive med rein her i fleire generasjonar, i fleire hundre år, vi vert dytta til sides, seier Sparrok oppgitt.

Ho fortel at det i heile Sápmi er ein konstant kamp for å verne beiteområda sine frå utbygging av kraftverk og vegar. Nokre gongar har dei sigrar, som då utbygginga av vindkraftverket i Gaelpie, som på norsk heiter Kalvvatn, vart stogga. Vindkraftverket var planlagt midt i reinbeitedistriktet til Sparrok-familien.

Ina-Theres Sparrok drøymer om at storsamfunnet skal innsjå at reindriftsutøvarar ikkje er trasse og berre seier nei til alt, men ynskjer å verne om naturen. Det som motiverer ho til å halde fram er ønsket om å få leve reindriftslivet, og kunne føre det vidare.

– Vi brukar å seie at vi forvaltar berre naturen til neste generasjon. Dette er ikkje noko vi får, dette er noko vi skal ta vare på.

Sørsamisk som arbeidsspråk

Ina-Theres Sparrok brenn for å bevare reindrifta òg fordi det inneber å bevare det sørsamiske språket. For skuleåret 2020-2021 var det berre 101 elevar i grunnskulen som hadde sørsamisk som opplæringsspråk.

Sparrok har sørsamisk som sitt morsmål, og pratar det både heime og på arbeid.

– Vi pratar samisk på jobb, og eg veit ikkje om mange andre yrke der det er slik, seier ho.

Foto: Ina-Theres Sparrok

25-åringen fortel at det sørsamiske språket er rikt, med femti ord for snø og eigne omgrep for korleis ein rein ser ut – kva farge han har og korleis horna ser ut.

– Vi har ord som skildrar korleis naturen ser ut, og det er nettopp i reindrifta eg får mest bruk for det, fortel ho entusiastisk.

Båavjoeh skildrar ein rein med vanleg farge, medan geerhmnes er ein rein som er mørkebrun. Jijsen-goelke er ein rein som har farge som ser ut som rimfrost.

Har aldri angra

Det endelege ansvaret for at dyra har det bra ligg på 25-åringen, og ho har aldri angra på at ho valde reindriftslivet.

Kjærasten hennar driv med rein i Sverige, og tidvis kan ho kjenne på at tida ikkje strekker til, slik at ho får besøkt og hjelpt han. Men Ina-Theres Sparrok har òg god hjelp i familien, og kan avtale med foreldra eller systrene slik at ho sjølv får eit avbrekk. Det er trass alt ei familiebedrift.

Sparrok-systrene Mia Erika, Ina-Theres og Lene Cecilia har vakse opp med reindrifta. Foto: Ina-Theres Sparrok

Ho kjenner eit ansvar for å halde i hevd livsstilen ho har arva, slik at hennar ungar òg har høve til å ta same valet:

– Eg vil at dei skal få oppleve den same barndomen som eg har hatt, og få oppleve det same livet som eg.


Desse fem unge lovande bør du halde auge med i framtida. Foto: Ina-Theres Sparrok, Mariann Josefsen, Alice M. Jektevik, Piera Heaika Muotka, Privat. Kollasj: Framtida.no.