Kort forklart: Kva språkrettar har samiske elevar?

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg er språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk offisielle minoritetsspråk. Alle samiske elevar i heile landet har rett på opplæring i eitt av desse samiske språka.

Rundt 2600 elevar i grunnskulen som hadde samisk i 2020. Dei er ein språkleg minoritet som kan få varierande tilbod forskjellige plassar i landet.

Så kva språkrettar har samiske i skulen?

Samisk i grunnskulen

Dersom ti samiske elevar i grunnskulen i ein kommune ønsker opplæring i samisk, har dei rett på det. Det gjeld heile landet, uansett kva skule og klassetrinn dei går på.

Når kommunen sett i gong eit slikt tilbod, skal dei halde det ope så lenge minst seks elevar brukar det.

Dersom ti samiske elevar i ein kommune vil lære samisk, skal kommunen ordne undervisning. Det tilbodet skal vere ope så lenge er seks elevar som brukar det.

Korleis opplæringa blir løyst i praksis varierer rundt om i landet.

I Osloskolen var det til dømes rundt 50 elevar som lærte samisk som fyrste- eller andrespråk i 2021/2022. Kommunen kan då blant anna dekke språksamlingar for elevar som lærer sør- og lulesamisk og hospitering for dei som lærar nordsamisk, i tillegg til undervisning i klasserom.

Dersom ein skule ikkje har ressursane som trengst for å undervise fysisk, kan dei tilby fjernundervisning.

Samisk på vidaregåande skule

Samiske elevar ved vidaregåande skular har også rett til å lære samisk, men då er det fylkeskommunen som har ansvar for opplæringa. Du treng ikkje å ha hatt samisk i grunnskulen for å ha det på vidaregåande.

Kva har du rett på dersom du bur i samiske distrikt?

Det er 13 kommunar i Noreg som er samiske distrikt, der samiske språk er jamstilt med norsk, også i undervisning.

I desse kommunane har alle grunnskuleelevar rett til opplæring i  og på samisk.

Desse kommunane kan også pålegge elevane å få opplæring i samisk, men dei kan ikkje pålegge at samisk skal vere fyrste- eller andrespråket til elevane.

Korleis kommunane gjer dette i praksis varierer. Ofte kjem det an på kor god tilgang dei har på lærarar som kan samisk.

Mangel på kompetanse

Sjølv om retten til å lære samiske språk er nedfelt i norsk lov, tyder ikkje det at alle automatisk har tilgang til det dei har rett på.

I fjor skreiv NRK om at det mangla samisklærarar i heile landet, både i og utanfor samiske distrikt.

Det er ein konsekvens av få utdanna lærarar i samisk. Den samiske høgskulen i Kautokeino hadde i 2022 planlagt 60 studieplassar for grunnskulelærarar. Tal frå Samordna opptak viser derimot at det berre møtte ni studentar til studiestart på hausten.

Med andre ord er det behov for fleire lærarar, og dei som har kompetansen har fleire jobbhøve i heile landet.

Du kan lese meir om retten til opplæring i og på samisk på Utdanningsdirektoratet sine sider.


Fritt Ord-logo, blåDenne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga. Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.

 


100 skular i hovudstaden skal flagge med det samiske flagget på nasjonaldagen til minoritetsgruppa. Foto: Terje Pedersen / NTB

Kommunane som er samiske distrikt

Det er 13 kommunar i Noreg som er samiske distrikt. Dei fordeler seg slik:

Nordsamisk

  • Unjárga – Nesseby
  • Deatnu – Tana
  • Porsáŋgu – Porsanger
  • Kárášjohka – Karasjok
  • Guovdageaidnu – Kautokeino
  • Gáivuotna – Kåfjord
  • Loabák – Lavangen
  • Dielddanuorri – Tjeldsund

Sørsamisk

  • Aarborte – Hattfjelldal
  • Raarvihke – Røyrvik
  • Snåase – Snåsa
  • Rosse – Røros

Lulesamisk

  • Hábmer – Hamarøy