Det grøne skiftet: «Ikkje første gong storsamfunnet i Noreg koloniserer samane»

Julie Rødje og Elise Åsnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribentane sine eigne haldningar.

For åtte månadar sidan melde FNs generalsekretær kode raud for klimaet. António Guterres sa då at det hasta, og det gjer det i alle fall no.

Åtte månadar har gått, og kva har blitt gjort? Dessverre altfor lite.

Vi må alle oppskalere tiltaka for klimaet og naturen, og det snarast. Men det er òg viktig at tiltaka er sosialt rettferdige, og at både byrder og gode er jamt fordelte.

Ein rettferdig klimapolitikk tilseier at dei som sit med den politiske makta må ta særskilt omsyn til eksisterande forskjellar og marginaliserte grupper i samfunnet i møte med klimaendringar. Dei som har gjort mest for å forårsake klimaendringane må ta størst ansvar for å stanse dei.

Det er ingen tvil om at vi er nøydde til å ta grep for å minske dei negative effektane av klimakrisa. Spørsmålet er korleis vi skal gjere det, og kven som tener eller tapar på vegen. Klimapolitikk er makt.

Noregs klimapolitikk bryt urfolk sine rettar

I dag er norsk klimapolitikk basert på konseptet «grøn vekst». I staden for å leggje om til reelle berekraftige prosessar i samspel med naturen sine ressursar, held vi fram å handle etter ideen om evig økonomisk vekst, berre at ein no kallar han «grøn».

Denne strategien funkar ikkje når andre viktige omsyn vert ofra i det grøne skiftet sitt namn, slik som respekt for urfolk sine rettar, naturmangfald og reell lokal medverknad.

Tidlegare sametingspresident, Aili Keskitalo, har skildra delar av det grøne skiftet som «grøn kolonialisme i forkledning». Stadig oftare kan vi lese i avisa om korleis kampen om hav- og landareal kjem i konflikt med samane og deira tradisjonelle bruk av områda som no står under planlegging for utbygging.

Vern av natur- og kulturområde betyr ikkje at ein ikkje tek klimakrisa på alvor

Reindriftssamar mister beiteområde, sjøsamar fangar ueteleg fisk full av giftige metall frå sjødeponi, og landemerke med stor kulturell og religiøs tyding fell til grunn for industrialiseringa.

Det er ikkje første gong storsamfunnet i Noreg koloniserer samane, men forskjellen denne gongen er at urfolket skal tole byrda for eit felles gode; å løyse klimakrisa dei har bidrege lite til å skape.

Med argumentasjonen om at naturutbygginga er ein del av det grøne skiftet, har samar som protesterer mot inngrepa blitt skulda for å vere imot klimahandling og utsleppskutt.

Men vern av natur- og kulturområde betyr ikkje at ein ikkje tek klimakrisa på alvor – det betyr berre at andre verdiar også må bli beskytta. Klimakrisa kan ikkje bli løyst med å forverre ei anna krise. Tvert om, naturmangfaldet og samane sine rettar må bli prioriterte som ein del av løysinga på klimakrisa.

Rettar på papiret og i røynda

Den grøne koloniseringa vi ser i dag handlar om ei lang historie av inngrep der landområde vert beslaglagde for utvikling av hytteområde, kraftledningar, vasskraftverk og anna infrastruktur.

Keskitalo omtalar dette ofte som «bit for bit-politikken». På papiret har Noreg godt rettsvern for samane. Likevel ser Sametinget med uro på samane sine reelle rettar. Forskjellen mellom rettar på papiret og i røynda blir tydeleg når ein ser på manglande inkludering og vektlegging av samiske perspektiv i naturinngrepssaker.

Mange selskap oppfyller det formelle kravet om inkludering og medverknad ved å invitere lokalbefolkninga til ei open høyring i forkant av utbygginga. Likevel opplever mange at dei faktisk ikkje blir lytta til, og befolkninga sine innspel blir ikkje vektlagde. Kanskje er avgjersla allereie fatta før høyringa i det heile teke finn stad.

For å sikre reell inkludering med ei rettferdig maktfordeling må dialogen starte mykje tidlegare: Før politikk og prosjekt har blitt utvikla, og medan ein framleis har mogelegheit til å påverke.

Vi må ha ein breiare diskusjon om kva eit grønt skifte er, og kven det er som bestemmer korleis det skal gjennomførast. Berre då kan vi sikre at dei nødvendige klimatiltaka er sosialt og økonomisk rettferdige.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no!


Les også: Gina (20) og Hilja (22) vil nedkjempe klimaendringar gjennom kunst

Kollasj: Framtida.no. Gina Gylver (foto: Thor Due/Natur og Ungdom), Hilja Løvvik (foto: André Nesheim). Kunst: Gina Gylver