Drikketrend blant unge får ros

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Ungdata og Folkehelseinstituttet viser at alkoholbruken blant unge har gått jamt nedover sidan 80-talet og flata ut sidan 2015, seier Hanne Backe-Hansen til Nynorsk pressekontor.

Ho er rådgjevar innan førebygging ved Blå Kors, ein ideell organisasjon som jobbar med rus- og speleavhengnad i Noreg. Det førebyggjande arbeidet er spesielt retta mot barn og unge.

– Alkohol er framleis det vanlegaste rusmiddelet for unge. Samtidig som ungdom drikk mindre alkohol enn før, ser vi at når dei flyttar heimanfrå blir alkoholbruken aukande.

Vennar med foreldra

Backe-Hansen seier at nedgangen av alkoholdrikkinga blant unge, som har gått føre seg i 40 år, blant anna kjem av at foreldre er blitt meir involverte. Det er også fleire restriksjonar på sal av alkoholhaldig drikke, betre alderskontroll og barn og unge er meir heime enn tidlegare.

– Barn og unge er meir venner med foreldra sine og rapporterer at dei har det betre saman med dei, enn kva barn og unge hadde det før. Dei har òg blitt meir medvitne på dei negative helseeffektane av å drikke alkohol. Vi ser at der er blitt meir fokus på helse og god treningseffekt blant unge, seier Backe-Hansen.

Dobla sal av alkoholfritt

Vinmonopolet har nasjonalt monopol på butikksal av vin, brennevin og sterkøl. Det vil seie drikkevarer med høgare alkoholinnhald enn 4,75 volumprosent.

Samtidig er Vinmonopolet lovpålagt gjennom vinmonopollova, å selje alkoholfrie festdrikker. Tidlegare betydde det berre alkoholfri vin, men no har dei alkoholfrie alternativ til nesten alle varegrupper.

I fjor selde Vinmonopolet 12 prosent meir alkoholfritt enn i 2021. Salet auka òg 21 prosent frå 2020 til 2021.

I 2022 selde Vinmonopolet 12 prosent meir alkoholfritt enn i 2021. Salet auka òg 21 prosent frå 2020 til 2021. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK

Ann Kristin Heggeseth Bakkeng har kategori- og resultatansvar for alkoholfri drikke på Vinmonopolet. Ho fortel at det har vore ei dobling i salet av alkoholfrie varer dei siste fem åra.

– Vi ser at det har vore aukande sal over tid og der er ingen tendensar til at det skal minke. Det synest vi er positivt. Salsauken gjeld blant alle kundegrupper, men vi ser at fleire unge enn før kjøper alkoholfri drikke. Vi har eit viktig samfunnsansvaret i å tilby alkoholfrie varer.

Salstala viser òg at 30 prosent av all alkoholfri drikke Vinmonopolet sel i liter har Noreg som opphavsland. Dette gjeld spesielt varegruppene eplemost, musserande, limonade og sider.

Unge og helse

Heggseth Bakkeng fortel at også andre land opplever auke i salet av alkoholfrie drikkevarer.

– Folk er generelt blitt meir opptekne av helse og å kunne prestere. Det gjer at dei ved fleire anledningar vel å stå over alkoholen og heller vel alkoholfrie alternativ.

Samtidig har Vinmonopolet utvida sortimentet sitt.

– Vi har fått inn alkoholfrie cocktailar og eit større utval av drikke til fleire matkombinasjonar, slik at det skal vere eit alkoholfritt alternativ til alle anledningar og menyar.

Unge er førebilete

Hanne Bache-Hansen hos Blåkors fortel at barn og unge lett blir påverka av trendar. Organisasjonen er difor glad for at det no er alkoholfri drikke som er i vinden.

– Vi rosar arbeidet Vinmonopolet har gjort i å skape inspirasjon rundt alkoholfri drikke. Dette betyr mykje for å skape større aksept for å drikke anna enn alkohol. Forhåpentlegvis vil det gjere det lettare å unngå drikkepress.

Ho er heller ikkje overraska over at det er blant dei unge trenden er størst.

– Det er ofte dei unge som står i bresjen for å skape og teste ut nye trendar. Dei er ikkje like låste i gamle vanar, slik eldre er, som oftare kjøpar det same som før enn å prøve noko nytt.

Drikkepress

Trass i at færre unge drikk alkohol, er det framleis mange som rapporterer om drikkepress. I ei Ipsos-undersøking Blå Kors gjennomførte i fjor vår, rapporterte 55 prosent av unge mellom 16 til 19 år at dei opplever press for å drikke alkohol.

Samtidig blir 98 prosent av innhald om alkohol framstilt positivt i sosiale medium.

– Dei har òg større oppleving av at det er ubehageleg å takke nei til alkohol. Dei seier heller ja enn å fortelje kvifor dei ikkje vil drikke. Difor er alkoholfri-trenden, kor fleire kjøper det til fest, viktig for å gjere det lettare å velje alkoholfritt. Då blir ikkje terskelen lenger så høg, seier Bache-Hansen og legg til:

– Hjernen utviklar seg til ein er 25 år, så unge er meir utsette for alkoholskadar enn erfarne vaksne. Difor er det viktig med eit årvakent syn på tendensar rundt rusbruk i befolkninga. Vi ser òg at dei som debuterer seinare med alkohol i mindre grad har eit mindre problematisk forhold til alkohol i vaksen alder.


Bread Christensen heller drinkar ved NM i Bartending.

Bread Christensen heller drinkar ved NM i Bartending. Foto: Iselin Birkenes Terjesen