«Det er på tide at alkoholdebatten også når påverkarar-miljøet»

Christina Babington
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Påverkarar har blitt meir synlege og tar stadig meir plass i det offentlege rom.

Dei er no å sjå på TV i eigne program, og i realityprogram som Skal vi danse eller 71 grader nord.

Dei er ambassadørar for velgjerdshjelpeorganisasjonar og uttaler seg om dyrevelferd, psykisk helse og sosial rettferd.

Påverkarar får stadig meir makt og tar i bruk nye kanalar kor dei sjølve har kontroll over kva som blir delt og korleis dei blir framstilt.

Sunn fornuft og uformelle reglar

Etter kvart som makta deira har auka har me òg blitt meir medvitne på den negative påverknaden barn og unge på sosiale medium blir utsette for.

Det har vore forsøk på å demme opp for dette ved å lage Sunn fornuft-plakaten og andre uformelle reglar påverkarane kan forplikte seg til å følgje.

Det er positivt at det er auka medvit rundt kva som blir delt og korleis dette påverkar barn og unges psykiske helse.

Men det er eit tema som til no har vore fråverande i denne debatten: Alkohol.

Positiv alkoholeksponering

Berre i første episode av Bloggerne på TV 2 kunne ein sjå at alkohol vert eksponert heile tre gonger. Ein av gongane såg ein òg merket på drikka.

Vi kan også ofte sjå at fleire av påverkarane sine bilde på både blogg og Instagram pyntast opp med pene glas og freshe drinkar. Ofte legg me ikkje ein gong merke til den massive eksponeringa av alkohol, fordi det har blitt ein så naturleg del av det vi blir eksponert for i sosiale medium.

I nesten alle innlegga blir alkohol framstilt i ein positiv samanheng

Før jul utarbeidde Retriever ein rapport om eksponering av alkohol i sosiale medium på vegner av Actis – Rusfeltets samarbeidsorgan.

Retriever følgde 20 påverkarar – ti kvinnelege og ti mannlege – i ein månad på Instagram, Snapchat, blogg, YouTube og TikTok.

Nøkkeltala frå rapporten viser at alkohol blei eksponert i nesten halvparten av Youtube-videoane, i nesten kvart femte blogginnlegg og nesten 10% av høgdepunkta på Instagram.

I nesten alle innlegga blir alkohol framstilt i ein positiv samanheng.

Tone har det hyggjeleg

Det er tydeleg at påverkarar ikkje har tenkt over korleis deira alkoholeksponering kan vere problematisk.

Bilete frå plateomslaget til «Di første jul», tone Damli si kritikarslakta juleplate. Foto: Sony

Dette kunne ein til døme sjå på korleis Tone Damli svarte på kritikken ho fekk for hennar alkoholeksponering i sosiale medium i 2019.

Svaret hennar bar preg av ho meinte ho måtte få lov til å vise fram når ho hadde det hyggjeleg og at det ikkje var nokre problematiske sider med det. Dette opplever eg er ei vanleg haldning når påverkarar har svara på liknande kritikk frå følgjarar.

Når alkoholbruk omtalast som noko utelukkande positivt av viktige førebilete, blir det vanskelegare for barn og unge å vere kritiske til alkoholbruk sjølve.

Aukar skam og stigmatisering

Det er spesielt alvorleg at påverkarar med unge følgjarar, gjerne heilt ned i 10 – 12 årsalderen, ikkje er meir bevisst dette. For barn og unge er både eigen og andre sin alkoholbruk forbunde med stor risiko og mange problem.

Når alkohol blir framstilt som noko utelukkande hyggjeleg og gøy, bidreg det til å auke skam og stigmatisering, både for dei som har opplevd problem rundt eigen bruk, men også dei mange barna som veks opp i familiar med høgt alkoholforbruk.

Det er på tide at alkoholdebatten også når påverkarar-miljøet.

Eg håpar me snart kan få sjå nokre forpliktande reglar med tydeleg handheving når det gjeld eksponering av alkohol, og at påverkarar får ein aukt bevisstheit rundt korleis deira alkoholeksponering påverkar følgjarar, særleg dei yngste.

Sina Marlen Opseth Nyberg (15) fekk kjøpt alkohol. Foto: Wesenberg/Kolonihaven.no