Åtte av ti studentar opplevde drikkepress under fadderveka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga er utført av Respons Analyse på oppdag for DNT – Edru Livsstil, skriv Khrono.

Bo-Nicolai Gjerpen Hansen er prosjektleiar for Meningsmeny og studentprosjektet Sammen hjå DNT Edru Livsstil. Foto: DNT Edru Livvsstil

Prosjektleiar Bo-Nicolai Gjerpen Hansen i DNT-edru Livsstil meiner talet reflekterer kor normalt alkohol har blitt i kulturen vår, og spesielt i studentmiljøet.

Drikkekulturen er størst under fadderveka, men også elles i studietida opplever studentar drikkepress. Fire av ti oppgir at dei har drukke alkohol utan å ønskje det.

– Når vi møter ein tilfeldig ung vaksen i dagens Noreg, antek vi at han drikk alkohol. Dette er ei forståeleg antaking når fleirtalet faktisk drikk. Likevel bidreg desse tankane til å heve terskelen for å seie nei. Ein må stikke foten fram og bryte ei forventning, seier Gjerpen Hansen til Khrono.

Har du opplevd drikkepress?

Har du opplevd drikkepress?

Ja, støtt og stadig.4
Ja, av og til. 4
Nei, ikkje i det heile. 17
Usikker. 4
Svar totalt: 29

Mange oppgir at det går bra å ikkje drikke

Samtidig er det også mange i undersøkinga som oppgir at det gjekk bra å ikkje drikke alkohol.

På spørsmålet: «Korleis opplevde du at ditt val om å avstå frå å drikke alkohol under fadderordninga blei mottatt?», svarte heile 51 prosent «verken eller/nøytralt». 14 prosent opplevde at det vart positivt motteke, og 11 prosent fekk ei negativ mottaking.


Skjermdump frå den nye sesongen med «Bloggerne» på TV 2, der Juvente-leiar Christina Babington reagerer på positiv alkoholeksponering. Foto: C.F Wesenberg/Kolonihaven.no