KrFU-leiar krev at all øl skal stå kaldt i kjøleskapet

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei undersøking frå alkovit-organisasjonen Av og til viser at berre éin av fire butikkar i Oslo sel alkoholfritt øl frå kjøleskap. Det store fleirtalet av butikkane prioriterer berre kjøling av alkoholhaldig øl, skriv Dagen.

Denne forskjellsbehandlinga av øltypane får KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland til å reagere, og han foreslår no endringar i alkohollova.

– Her må kommunane gripe inn og gjere noko med salsløyvet. Dei må likebehandle alkoholfri og alkoholhaldig drikke, seier han til TV 2.

Han foreslår at all øl må stå kaldt i butikkane. Dersom ikkje dette er mogleg, må alle øltypar seljast i romtemperatur. Slik vil ungdomspartiet til KrF gjere det enklare å velje alkoholfritt.

– For oss handlar alkoholpolitikk om å verne om dei som slit med alkoholmisbruk og hindre skadeleg forbruk. Det inneber restriktive reglar for alkoholsal, seier han.


Illustrasjonsfoto: Stephen Chen/Unsplash