Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste trur at bartending er noko ein driv med mellombels eller at ein «eigentleg» gjer noko anna. Vidare trur veldig mange at alt ein gjer er å servere øl og ein sjeldan drink, når ein eigentleg må lære seg oppskrifter og nye produkt heile tida for å følgje med på drinktrendane.

Bartender Bread Christensen (26) arbeider ved Club21 ved Caledonien Hotel i Kristiansand.

I år vart hen kåra til årets bartender i det nasjonale meisterskapet som blir arrangert av Norsk Bartenderforening. Christensen set stor pris på at arbeidet hen legg i drinkane blir lagt merke til.

– Eg slit enno med å forstå korleis det skjedde. Eg banna høgt under annonseringa. Nivået i Noreg er ekstremt høgt i dag, så det verker så fjernt at akkurat eg skulle vinne ei slik konkurranse.

Cuba og verdsmeisterskap

Sigeren førte Christensen vidare til Cuba, der hen fekk representere Noreg i VM for bartending. Der vart det ingen tittel, men turen gjorde inntrykk:

– Cuba er noko for seg sjølv, fortel bartenderen.

Hen la spesielt merke til dei ikoniske gamle amerikanske bilane som er originalar frå før USA sette inn handelsforbod etter den kommunistiske revolusjonen for over 60 år sidan.

– For meg var det arkitekturen, samt mat- og drikkekultur som betydde mest. Berre det å dra på Hemingways favorittbar «Floridita» var ei oppleving.

Vintage car passing Floridita

Floridita er baren som skal vere opphavet til daiquiri, ein drink hen aldri blir lei av å lage. Daiquiri er laga med rom, lime og sukkersirup.

– Enkel oppskrift, men det er mange morosame vriar ein kan gjere med smaksett sirup og andre typar brennevin.

Kvardag

Bread ristar ein drink i baren.

Det er ein travel kvardag for bartenderar før jul. Foto: Victor Cerda

Dei fleste dagar som bartender er meir rutineprega. På kvardagen møter hen opp klokka 16, i helga klokka 18.

– Ein kjem på jobb, sjekkar inventaret, ser om noko må fyllast på av produkt, følgt av å tenne lys, skru på noko bakgrunnsmusikk. Så serverer ein til alkoholsalet stenger, ryddar og vaskar ned lokalet følgt av å kome seg heim igjen.

Likevel synest hen jobben bak bardisken byr på gode opplevingar.

– Det er to ting: Det takksame blikket ein får frå ein stamgjest som berre vil slappe av i baren, og gleda over å kunne servere ein gjest noko nytt dei aldri har prøvd før, men likevel elskar.

I tillegg kan det dukke opp ganske interessante gjestar.

– Ein ender opp med å servere overraskande mange kjende personar som ein ikkje kan anerkjenne at er kjendis.

– Kva drink er du lei av å lage?

– Stereotypisk nok: Irish Coffee, men ikkje fordi det er ein kjedeleg drink, det er meir det at eg ikkje alltid kan garantere kvaliteten på kaffien.

Det å finne rette drinken til rett kunde er også ei utfordring. Nokre gonger er det vanskeleg å finne ut kva ein gjest er ute etter når dei er usikre.

Starta eigentleg som statsvitar

Bartending var ikkje det fyrste Christensen prøvde seg på. Hen starta med ein bachelor i statsvitskap, men innsåg at det ville bli mykje papirarbeid, og at hen heller ville arbeide med menneske.

Det førte til at hen tok ei utdanning ved Beverage Academy i Oslo, der hen tok fire forskjellige sommeliertitlar i løpet av eit par år. Ein sommelier er ein person har spesialisert seg i forskjellige drikkevarer.

Sjølv om hen har ei variert utdanning, føler Christensen at hen brukar alt i yrket sitt.

– No treng ein ikkje å ha bachelorgrad i noko for å bli bartender, men hen har hjelpt meg å forstå tema som blir diskutert og korleis folk pratar saman, medan sommelierutdanninga førebudde meg på å kunne svare på spørsmål rundt smakar, teknikkar og produkt.

Likevel meiner hen at utdanninga ikkje er eit krav, og at yrket passar for dei som er sosiale og har energi og formidlingsevne.

– Interesse og lærevilje har mykje meir å seie enn talent, samt det å kunne lese folk utan å vere fordomsfull.

Bread Christensen på Norgesmesterskapet i Akevittcocktails.

Du må kunne prate med alle moglege folk som bartender. Her frå Norgesmesterskapet i Akevittcocktails. Foto: Alex Jørstad

Du styrer alkoholen

– Eg har alltid hatt ei enorm interesse for smak og smakskombinasjonar, og denne interessa passa perfekt til å skildre og servere diverse drikkevarer, fortel Christensen.

Og skal ein gjere det på ein god måte, kan ein ikkje drikke seg full på jobb.

– Det er ein rettmessig fordom at bartenderar drikk mykje. Likevel er dei fleste flinke bartenderar eg kjenner meir opptekne av smaken enn av alkoholen.

Hen viser til at alkohol blir spytta ut på produktsmakingar.

– Som bartender er det viktig å ha haldninga at ein skal styre alkoholen, ikkje la alkoholen styre deg.

– Prøv nye ting!

Bread Christensen på Norgesmesterskapet i Akevittcocktails.

Det lønnar seg å utforske og prøve forskjellige ting. Her frå Norgesmesterskapet i Akevittcocktails. Foto: Alex Jørstad

Dersom ein ynskjer å bli bartender har Christensen klare tilrådingar:

– Prøv nye ting, prøv nye smakar! Bartending er eit breitt yrke med mange forskjellige nisjar av stil på barar.

Å starte i barar som fokuserer på ein eller to typar drikke, til dømes ølbarar eller vinbarar, meiner hen gir eit grunnlag som ein kan byggje vidare på, med anna jobb og utdanning.

Det viktigaste er å ikkje låse seg hundre prosent til ei retning, da står ein fort på bar bakke (beklagar ordspelet) når ein må skifte jobb av uventa hendingar.

Nyttårsdrinken over alle nyttårsdrinkar

Kvart år på nyttårsaftan så sørgjer Bread for å lage ein bestemt drink: Ein French 75.

Drinken inneheld gin, limejuice og sukker, som blir rista saman. Dette blir toppa med champagne eller noko anna musserande.

– Det er alltid morosamt å servere denne til andre når ein allereie har opna ei flaske bobler saman.

French 75 kan også serverast utan alkohol. Musserande vin kan erstattast med sprite eller anna kolsyrevatn, og du kan bruke ein alkoholfri gin som Ginish, eller eit produkt frå Seedlip.

Og medan ein tel ned mot nyåret med ein drink i handa, veit Bread Christensen kva hen vil ha vidare i karrieren sin.

– Anerkjenning for ferdigheitene mine og kunnskapen min, også har eg alltid eit lite ynskje om å starte opp ein eigen stad. Eg kryssar i alle fall fingrane for å kome vidare til VM ein gong til.


Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

Bread Christensen

Alder: /strong> 26

Frå: Birkeland (men opphavleg frå Lavangen)

Yrke: Bartender ved Club21 på Hotel Caledonien

Andre utmerkingar: Bartender of the Year 2022 (også kjend som Norgesmesterskap i Bartending)

Utdanning: Sommelier, Beer Sommelier, Coffee Sommelier og Spirit Sommelier ved Beverage Academy i Oslo, Bachelorgrad i Statsvitskap.