Japansk uteliv satsar på alkoholfrie drinkar for å nå Gen Z

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommar lanserte skattestyresmaktene i Japan ein konkurranse for å auke alkoholsalet blant unge, etter ein jamn nedgang i inntekter frå alkoholsal.

Det kan du lese meir om her.

No satsar bransjen òg på alkoholfrie alternativ for å få unge japanarar til å leggje att pengar hjå dei, skriv Reuters.

Auke i sal av alkoholfritt

Nyheitsbyrået viser til at salet av lettøl og alkoholfritt øl steig med 20 prosent første halvår av 2022, medan salet av boksøl gjekk ned med 4 prosent, ifølgje selskapet Sapporo Holdings Ltd.

Talet på japanarar i 20-åra som drikk regelmessig har sokke kraftig, frå 20,3 prosent i 1999 til 7,8 prosent i 2019, ifølgje styresmaktene.

Noko å skåle med

Manaka Okamoto (22) fortel til Reuters at om ho skal opp tidleg, går ho for ein alkoholfri drink for å få ei kjensle av alkohol når ho drikk aleine.

– Og så klart, når eg heng med vennar som ikkje drikk, er det kjekt å ha noko å skåle med.

Dagleg leiar i det japanske bryggeriet Suntory, Masako Koura, trur at folk ikkje berre er opptekne av å nyte alkohol når dei møtest ute, men at dei verdset meir av kommunikasjonen i settingen og atmosfæren på staden der dei drikk.


Foto: Erna Solberg (regjeringen.no), Tore Sagen (Mattis Folkestad/NRK P3), Kyrre “Kygo” Gørrvell-Dahll (Jordan Strauss/Invision/AP) Ingrid Alexandra (Lise Åserud / NTB scanpix POOL).