Norske elevar strevar med kjeldekritikk: – Viser at vi har ei utfordring

Fleirtalet av norske 15-åringar veit ikkje korleis dei kan undersøkje om kjelder til tekstar og nettsaker er pålitelege. Dei har mindre kunnskap om å avsløre spam og om dei kan stole på avsendar enn elevar i Danmark, Finland og Sverige.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ein ny analyse om leseferdigheiter som forskarar ved Universitet i Oslo har gjort. Dei har blant anna basert seg på ei Pisa-undersøking.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

– Dette viser at vi har ei utfordring. I dag lever ungdomen ein større del av livet på nettet. Mange vil påverke tankane deira, og dei vil møte falske nyhende. Det er viktig at dei veit korleis dei skal tenkje kritisk om kjeldene. Med dei nye læreplanane har kritisk tenking og kjeldekritikk fått mykje større plass i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Statsråden understrekar at dette blir viktig å sjå nærare på. Denne månaden har ho invitert til seminar for å få innspel til korleis arbeidet med lesing og kritisk lesing kan bli betre.

Mindre kunnskap enn nordiske jamaldra

Fleirtalet av norske 8.-klassingar gjer verken reelle vurderingar av kva truverd tekstane har, eller grunngir standpunkta sine.

Basert på oppgåver i Pisa, ligg dei norske elevane på OECD-gjennomsnittet når det gjeld å kjenne til eigna strategiar for å undersøkje om avsendaren er påliteleg.

Samanlikna med nordiske land kjenner norske elevar mindre til slike strategiar enn danske, finske og svenske elevar, mens islandske kjenner minst til eigna strategiar.