Yrket mitt: Mia (23) er etisk hackar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 24.02.2021 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange trur at hackarar er den typiske stereotypien med hette, sit med energidrikke, har ingen vennar i verkelegheita og er veldig overvektig – typiske hackarar ein ser på film eller anna, fortel Mia Landsem på e-post til Framtida.no.

23-åringen frå Trondheim arbeider som etisk hackar hjå Orange Cyberdefense, og kan avkrefte bilete folk har: På hennar arbeidsplass trenar dei tilsette, nokre har kone og barn, og ingen sit med hette på. Men det går nok litt kaffi og energidrikke, så den delen har eit snev av sanning.

– Mange trur òg eg er kriminell når eg seier eg jobbar som hackar, fortel Landsem og forklarar at den eigentlege jobbtittelen er penetrasjonstestar, men det har knapt nokon høyrt om.

– Så når ordet kjem opp vert folk automatisk redd for at eg skal hacke Facebooken deira! Det er overhovudet ikkje det vi driv med.

– Blant dei råaste i si tid

Mia Landsem er eit kjent namn for dei fleste, også utanfor IT-verda. Ho vart kjend som datadetektiv då ho for to år sidan nytta ferdigheitene sine til å spore opp kven som delte nakenbilete av Nora Mørk.

Landsem vart plutseleg kjend for heile landet, noko som medførte både hyllestar og hets. Ho var finalist i kåringane Årets trønder og Årets modigste kvinne, og vart kåra til Årets veiviser og mottok Jenteprisen 2018 for arbeidet sitt.

I haust gav Mia Landsem ut boka Trygg på nett. Boka er illustrert av Linn Isabel Eielsen.

– Superman og Batman er ikkje i nærleiken, årets vinnar er blant dei råaste i si tid, sa juryleiar for Jenteprisen, Navjot Sandhu, då prisen vart delt ut.

Framleis brukar 23-åringen tid på å hjelpe menneske i ein vanskeleg situasjon på nett.

I haust gav ho ut boka Trygg på nett og i tillegg til kontorjobben har ho aksjeselskapet Landsem AS. Gjennom det held ho føredrag over heile Noreg for å bidra i kampen mot ulovleg biletspreiing, og for at alle skal kunne beskytte seg sjølve på internett.

– Det var litt skummelt, men òg gøy å satse på eiga hand, fortel ho.

Hadde fleire jobbtilbod

Sjølv fortel Mia Landsem at ho alltid har vore interessert i teknologi, og at det var difor ho valde å verte etisk hackar.

– Det kulaste med IT er at det alltid er noko nytt å lære, slik at ein aldri kjedar seg på jobb. Det er også utruleg gjevande å vete at arbeidet vi gjer som etiske hackarar kan hjelpe oss alle til å få ein tryggare digital kvardag, fortel ho og oppsummerer:

– Sikrar ein bedriftene er ein òg med å sikre kundane, som kan vere både meg og deg.

Landsem var ferdig utdanna i juni i år, og byrja i jobb hjå Orange Cyberdefense i august. 23-åringen fortel at ho var så heldig at fleire firma var interesserte i å tilsette ho, då ho var ferdig på skulebenken:

– Eg vart difor beden om å kome på intervju hjå fleire, noko eg syntest var veldig stas.

Ho var gjennom mange intervju, personlegdomstestar og IQ-testar hjå fleire bedrifter, men ho er nøgd med å ha landa hjå det ho synest er eit kult firma, der ho trivst godt med kollegaane sine.

Endå ho berre har vore tilsett som etisk hackar i nokre månadar, så er ho allereie positivt overraska, for det er endå kjekkare enn ho hadde trudd:

– Eg har det kjekt kvar einaste dag, og noko av det kjekkaste er at eg får utfordra meg sjølv på fleire plan.

Noko av det mest utrulege som har hendt Mia Landsem på jobb, er å verte vald som føredragshaldar på Inside Telecom-konferansen etter berre to månadar som tilsett: – Det er veldig kult! Foto: Orange Cyberdefence

Leitar etter svakheiter for å fjerne dei

Trass i at mange trur det, så brukar ikkje Mia Landsem arbeidskvardagen på å bryte seg inn på Facebook-kontoen til alle og einkvar.

Som etisk hackar får ho oppdrag frå bedrifter som vil vere sikre på at det dei har laga er sikkert. Dei kan be om at ho sikkerheitstestar til dømes nettsida deira, web- eller mobil-appen eller API (grensesnittet).

– Vi snusar deretter rundt omkring i det dei vil ha testa for å finne svakheiter, som vi kan utnytte med hacking-teknikkar, fortel Landsem og held fram:

– Slike teknikkar er vanlegvis ulovlege, men i vår jobb har vi fått godkjenning til å bruke dei – noko som er veldig gøy – for å sørge for at andre slemme hackarar ikkje kan utnytte dei same svakheitene.

Når dei etiske hackarane har leita seg ferdig, skriv dei ein rapport der dei listar opp alle svakheitene dei fann, og korleis bedrifta kan gjere produktet sitt meir sikkert.

For at dei alltid skal vere oppdaterte, skal òg ein del av arbeidstida gå til forsking og utdanning, som kurs og sertifiseringar.

Noregs kulaste jobb

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er at ein kan bruke utruleg kule teknikkar! Det gjer jo at eg synest eg har Noregs kulaste jobb, som får lov til å gjere kule ting kvar dag og lærer noko konstant. Det er ein never ending læringsjobb, der ein møter nye utfordringar kvar dag.

– Kva er det mest utfordrande?

– Det mest utfordrande er jo at det tek mange år å forstå det meste – IT er så utruleg stort! Eg har jo ganske kort utdanning, samanlikna med dei fleste andre, så eg har mykje å ta att. Så kunnskapen eg treng er vel den største utfordringa for meg, forklarar Landsem og fortel at ho tek fleire kurs og følgjer nøye med på kva kollegaane gjer.

23-åringen fortel at den toårige utdanninga ho har frå Noroff var mest generell, og at ho ikkje hadde mange vekene med faktisk hacking:

– Men for å vere god i hacking må ein forstå korleis system og anna er bygde opp – og det er eg godt rusta for.

Likevel rår ho ungdom som vil verte etiske hackar om å heller ta ei treårig bachelor, sidan ein då får litt meir mengdetrening. Men mykje kan ein også gjere på eiga hand:

– Ein må sitje ein del åleine for å lære seg ting ordentleg, spør du meg!

– Ver tolmodig!

– Kven passar yrket for?

– Dette yrke passar for alle som er interesserte i IT og hacking, og som likar å sitje med utfordringar i timesvis – ja, kanskje vekesvis òg!

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Mine tips til deg som vil verte hackar, er å passe på at du set deg inn i kva som er lovleg og ikkje. Ein god skule med rett utdanning er også eit must.

Mia Landsem fortel at det kan vere lurt å ha i bakhovudet at dei fleste IT-studium, bortsett frå Nettverk og IT-sikkerheit hjå Noroff, krev S1 og S2-matte eller R1/R2.

– Eg anbefalar deg òg å snuse rundt på fritida, og prøve å verte med på gratis kurs. Det finst òg ei rekkje kule bøker ein kan låne eller kjøpe seg. Ver tolmodig!

Drøymer om hund og drivhus

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg håpar å få halde fram å jobbe der eg jobbar i framtida. Eg håpar også eg kan ha bidrege til ein tryggare digital kvardag.

Samstundes håpar 23-åringen, som har ein hund frå før, at ho har fått nok ein firbeint venn, og ein hage med drivhus.

– Eg tenker veldig i noet, og set meg mål undervegs og framtidig. Først og fremst vil eg fokusere på å verte så god som mogeleg i jobben min.


Les også intervjuet med lokførar Halldis Folkedal (36): – Ingenting slår det å sitje der åleine i førarrommet, kanskje med god musikk på høgtalarane og suse gjennom vakre landskap.

Halldis Folkedal ville heim til Vestlandet, og la kulturkarrieren på hylla til fordel for å køyre tog! Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Mia Landsem

Alder: 23 år

Frå: Trondheim, men bur i Oslo

Yrke: Etisk hackar (Penetrasjonstester) hos Orange Cyberdefense og eigar/leiar av Landsem AS

Utdanning: Idrettsvitenskap på idrettshøgskolen (2 år), Nettverk og IT sikkerhet Noroff (2år)