Statar, skular og kringkastarar forbyr TikTok – bør du òg droppe appen? Ekspertane svarar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lista over kven som forbyr TikTok byrjar å verte lang.

President Joe Biden har forbode dei føderale statstilsette å ha appen på tenestetelefonane sine, med nokre få unntak. Det omfattar nesten 4 millionar tilsette.

Meir enn halvparten av alle amerikanske statar har delvis eller fullstendig forbode TikTok på tenestetelefonar, ifølgje ei CNN-analyse.

Fleire amerikanske universitet har stengt TikTok-tilgang frå skuledataar og campus-internettet.

Den svenske kringkastaren Sveriges Television (SVT) har bede sine tilsette slette appen frå jobbtelefonen, og lagt ned forbod.

Personvernsproblemet

Uroa stammar frå personvernshandsaminga. TikTok er mykje ivrigare på å samle info om brukarane sine, enn det andre appar er.

Kvar time går TikTok gjennom kontaktlista di og kalendaren din. Appen samlar inn stadane kor telefonen din er, og kan scanne harddisken.

– TikTok kan få tilgang til mange fleire personopplysningar enn vi antok då vi tok appen i bruk, fortel Malgorzata Agnieszka Cyndecka på e-post til Framtida.no. Ho er førsteamanuensis hjå Universitetet i Bergen, og forskar mellom anna på personvern.

Men om du vel å slå av all denne informasjonssamlinga, så held TikTok fram med å spørje:

Vil du slå det på att?

Er du sikker på at du ikkje vil slå den på att?

Slå den på att då, ok?

…i det uendelege.

Og TikTok treng ikkje all denne informasjonen for å fungere ein gong.

Koplinga til kinesiske styresmakter

Plattformar som TikTok – men òg Instagram, Facebook og YouTube – må vete kva du likar og kva som engasjerer deg, slik at dei klarar å halde på merksemda di lengst mogeleg.

Gaute Bjørklund Wangen er førsteamanuensis hjå
Institutt for informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi ved NTNY. Pressefoto

– Det som skil TikTok fra andre sosiale medium er at dei er eigde av kinesiske Bytedance, som på nytt truleg er delvis eigd av styresmaktene, forklarar Gaute Bjørklund Wangen på e-post til Framtida.no.

Han er førsteamanuensis hjå NTNU, der han forskar på informasjonstryggleik.

Det vil seie at dei kinesiske styresmaktene truleg har tilgang til data om nordmenn som blir samla av TikTok, tilsvarande det som Snowden-lekkasjane viste om amerikanske styresmakter og dei store sosiale media i USA.

NTNU-forskaren peikar på at data frå sosiale medium er ei særs god etterretningskjelde. Hovudforskjellen er at Noreg ikkje er allierte med Kina.

– TikTok samler også betydeleg meir informasjon enn konkurrentane fordi dei ikkje er regulert på same måte.

🗂 Kva konsekvensar kan dette ha for deg?

Så, kva konsekvensar kan lagring av personleg informasjon eigentleg ha for heilt vanlege folk?

– Det er vanskeleg å forutsjå alle måtane data kan misbrukast og konsekvensane ved lagring av personleg informasjon i samband med TikTok, svarar Wangen.

Faksimile: NRK

Han meiner NRK har presentert det beste dømet på korleis tilsynelatande uskuldig informasjon kan verte misbrukt.

I mai 2020 publiserte NRK saka Avslørt av mobilen. Der viser kringkastaren korleis dei fekk kjøpe tilsynelatande anonymiserte posisjonsdata, som synte rørslene til 140.000 mobilar og nettbrett i Noreg.

Dette kunne dei bruke til å identifisere 30 år gamle Karl Bjarne Bernhardsen. Dei kunne nemleg sjå kor mobilen hans hadde vore time for time i over 200 dagar.

NRK kunne dimed finne ut kor han budde, kor han arbeidde og kor han var på sommarferie.

– Eit anna døme er at det er lett å manipulere deg når dei veit kva som engasjerer og opptek deg, supplerer Wangen.

Cyndecka frå UIB åtvarar òg om at personopplysningar kan verte misbrukte til profilering ein ikkje har samtykka til. Det kan til dømes vere persontilpassa reklame – inkludert politisk reklame.

Personopplysningar kan også hamne hos ukjende aktørar som kan ha vonde hensikter, åtvarar forskaren.

📵 Bør eg slette TikTok?

Malgorzata Agnieszka Cyndecka er førsteamanuensis ved UiB.
Foto: Eirik Holmøyvik

Malgorzata Agnieszka Cyndecka er ikkje på TikTok, og ho ville vore veldig skeptisk til å bruke appen nettopp av omsyn til sitt eige personvern.

– Eg torer ikkje å moralisere, særleg sidan eg sjølv brukar Facebook. Meta er ikkje akkurat kjend for å bry seg om personvernet til brukarane sine, men å bruke TikTok ville eg vore langt meir skeptisk til. Det er mellom anna fordi appen sine brukarar ofte er barn og unge.

UiB-forskaren seier at dersom ein vel å bruke appen, må ein ta eit informert val og vete kva ein risikerer. Spørsmålet er om barn kan ta eit informert val.

– TikTok er langt meir aggressiv i sine førespurnadar om å gje appen tilgang til stadig fleire personopplysningar og det finst ein risiko for at oppdateringar av appen endrar innstillingar til brukarens disfavør.

NTNU-forskar Gaute Bjørklund Wangen rår unge til å vere medvitne om korleis dei brukar appen:

– Eg vil ikkje seie at vanlege unge nordmenn skal slette TikTok, men ver bevisst på at appen samlar det han kan om deg og at han er særs god på å halde på merksemda di.

– Har du sjølv Tiktok, eller ville du hatt det? 

– Nei, eg har ikkje det. No er eg tett på 40 år gamal, så eg er ikkje i hovudmålgruppa for TikTok. I tillegg arbeider eg med digital tryggleik så eg har betalt for å vere paranoid.

🫥 Korleis kan eg bruke TikTok trygt?

Det aller beste tiltaket for å bruke TikTok trygt, er nok å ikkje bruke appen i det heile.

– TikTok er i praksis eit datainnsamlingsverktøy og når du legg han inn vil han forsøke å samle så mykje data om deg som han kan, forklarar Wangen frå NTNU.

Men om du har eit godt operativsystem på telefonen din kan du gå på innstillingar, leite opp applikasjonen og avgrense tilgangane han har. Det viktigaste er likevel å tenkje igjennom kva du skriv og deler. 

– Bruk vanleg nettvett, ver kritisk til kva du deler og innhaldet du får servert, rår NTNU-forskaren. 

Malgorzata Cyndecka frå UiB understreker at eitt av problema med TikTok er at appen brukar mange fleire personopplysningar enn han treng til å fungere.

Det er eit stort spørsmål om TikTok har gyldig samtykke for dette. Har appen oppgjeve alle formåla med personopplysningane? Forstår vi kva vi samtykkar til? Og veit kvar enkelt at vi kan trekke tilbake samtykket når som helst, utan grunn?

– Eit anna spørsmål er om TikTok ville respektere våre rettar, og til dømes ikkje bruke våre personopplysningar til eit formål vi ikkje såg føre oss.

Cyndecka peikar på at TikTok nyleg innrømma å ha spionert på to vestlege journalistar for å avdekke kven som lak informasjon frå ByteDance til pressa.

– Eg torer ikkje å seie at ein vanleg brukar kan gjere TikTok trygg, fordi eg trur ikkje at det er mogeleg. Ikkje alle er journalistar, men alle kan verte utsette for misbruk av eigne personopplysningar.

🧑‍⚖️ Kan EU temme TikTok?

TikTok har hovudkvarteret sitt i Irland, og det irske datatilsynet er i gang med å granske om TikTok har brote personvernreglane i EU/EØS, dei såkalla GDPR.

Datatilsynet har to granskingar på gang: det eine handlar om korleis TikTok handsamar personopplysningar for barn under 18 år; og det andre om overføringar av personopplysningar frå EU/EØS til Kina.

– Resultata er venta i 2023, men spørsmålet er om andre europeiske land vil vere einige i den irske avgjersla, seier Cyndecka.

Samstundes peikar forskaren på at EU si lovgjeving på digitalområde – Data Services Act og Digital Markets Act – også kan kome til å gjelde for TikTok. Det kan hjelpe å «temme appen», seier ho.

– TikTok prøvar samstundes å gjere endringar i si handtering av personopplsyningar, mest truleg for å redusere potensielle sanksjonar.


Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har lagt ut to nye videoar på TikTok etter at kritikken først dukka opp. Skjermdump