Paven fordømmer clickbait

– Kommunikasjon må frigjerast frå clickbait og ugjennomtenkt tenking, seier paven til journalistar.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Torsdag var 150 medlem av MINDS International, ein medium-tenketank, på privat audiens med pave Leo 14. i Vatikanet.

Der fordømte paven clickbait som ein «nedverdigande» del av journalistikken, ifølgje The Guardian.

Han har tydeleg støtta journalistikken i sine første seks månadar som pave, som eit «allment gode me alle bør verne om».

– Kommunikasjon må frigjerast frå ugjennomtenkt tenking som korrumperer det, frå urettferdig konkurranse og den nedverdigande praksisen med såkalla clickbait, sa han på torsdag.

– Motgift til spreiing av «junk»-informasjon

Paven løfta også kor viktig journalistarbeidet ved frontlinjene i Gaza og Ukraina er, og meiner at fri tilgang på informasjon er ein grunnstein som held samfunnet oppe, og «derfor er må me forsvare og garantere den».

Han meiner nyheitsbyrå leverer ei teneste som krev «kompetanse, mot og etisk sans».

– Dette er uvurderleg og må vere ei motgift til spreiing av «junk»-informasjon, sa han.

Clickbait

Clickbait er ei nettsak med sensasjonalistisk og ofte villeiande tittel, ingress og bilete som skal lokke lesaren til å klikke seg inn.

Kjelde: SNL.no