Akademikarar blir oppmoda til å skrive på engelsk: – Eit demokratisk problem
Berre 15 prosent av dei tilsette ved norske universitet og høgskular opplever at dei blir oppmoda til å skrive tekstar på norsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Studentane treng det norske fagspråket. Det er det norske fagspråket som skal formidle forskingsbasert kunnskap til samfunnet. Vi risikerer å gå glipp av viktige debattar dersom sektoren ikkje tar sitt lovpålagde ansvar for å utvikle norsk fagspråk.
Det uttalar språkdirektør Åse Wetås i ei pressemelding.
Språkrådet la i dag fram ei ny undersøking om norsk språk i akademia. I undersøkinga kjem det fram at 15 prosent av dei tilsette ved norske universitet og høgskular opplever at dei blir oppmoda til å skrive tekstar på norsk.
– Det er eit demokratisk problem om vi ikkje kan snakke om resultata av viktig forsking på vårt eige språk, slår Wetås fast.
- Les også: Staten bryt språklova over heile linja
For lite tid og mangel på terminologi
Dei som har svara i undersøkinga oppgjev at dei heller blir oppmoda til å skrive på engelsk, at det er lite karrierefremjande å skrive norsk, at dei har for lite tid til å skrive norske fagtekstar, og at det manglar norsk fagterminologi.
Det kjem fram i rapporten som er bestilt av Språkrådet. 1329 vitskapeleg tilsette ved norske universitet og høgskular har svara på undersøkinga.
Majoriteten svarar at den viktigaste grunnen til at dei ikkje skriv meir på norsk, er at det ikkje fremjar karrieren, i tillegg til at det er få relevante norske kanalar å publisere i.
Ifølgje avisa Khrono er det berre sju prosent av doktoravhandlingane i Noreg som er skrivne på norsk.
Engelsk dominerer
Tilstandsrapporten for høgare utdanning syner at talet på emne som blir undervist på eit anna språk enn norsk har auka frå 16,2 prosent til 27,6 prosent mellom 2012 og 2022, skriv Khrono.
I den nye undersøkinga til Språkrådet er flest som oppgjev å nytte engelsk i undervisinga innan naturvitskap og teknologi og økonomi og administrasjon.
87 prosent svarar at dei har skrive minst ein fagtekst på engelsk dei siste to åra. 66 prosent oppgjev å ha skrive på norsk. 60 prosent har skrive på bokmål og 11 prosent på nynorsk.
– Akademia er det viktigaste utviklingslaboratoriet for norsk språk. Då er det betenkeleg om universiteta og høgskulane gjer det vanskeleg for tilsette å skrive fagtekstar på norsk og utvikle norsk terminologi, seier direktøren i Språkrådet, og peikar på at det er universiteta og høgskulane som har ansvaret for å skape gode vilkår for det norske fagspråket.