Jorunn har forska på nynorsk og samisk i akademia: – Enormt viktig val

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er positivt at utdanningsstader vel mindre brukte språk. Dei gjer det ofte på trass av samfunnsstrukturane. Det er ofte viktige enkeltaktørar som gjer at språka vert tekne i bruk og løfta fram.

Det seier Jorunn Simensen Thingnes. Ho har skrive ei doktogradavhandling der ho har sett på bruken av nynorsk som hovudspråk på Høgskulen på Vestlandet (HVL) og samisk som hovudspråk på Sámi allaskuvla (Samisk høgskule).

Thingnes fekk i haust tildelt Hans Majestet Kongens gullmedalje på årsfesten til Universitetet i Oslo, for avhandlinga. Medaljane vert delte ut til framifrå, yngre forskarar.

Går mot straumen

Thingnes har sett på språkbruken til sjølve institusjonane. Ho slår fast at det er mogleg å bruke mindre brukte språk i akademia, men at ein må gå aktivt inn for å vege opp for eksisterande maktforhold mellom språk.

– Eg vil gi mykje skryt til desse institusjonane for innsatsen dei gjer, seier ho.

Thingnes fortel at ho sjølv har opplevd på kroppen kor vanskeleg det kan vere å få det ein har rett på som nynorskbrukar i akademia, til dømes eksamensoppåver, powerpoint-malar og arbeidskontraktar. Ho viser til at mange utdanningsinstitusjonar ikkje oppfyller dei statlege krava til målbruk.

– Enormt viktig

Berre 0,9 % av alle doktorgradsavhandlingar i Noreg er skrivne på nynorsk, mot 7,7 på bokmål. Mykje er altså skrive på engelsk.

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo deler ut Kongens gullmedalje til Jorunn Simonsen Thingnes. Foto: Yngve Vogt/UiO

Thingnes seier at språkvala til utdanningsstadane har mykje å seie. Nokre av studentane ho intervjua på Sámi allaskuvla, fortalde at dei først byrja å lære samisk på Universitetet i Tromsø, men at dei bytte til høgskulen i Guovdageaidnu (Kautokeino). Det var lettare å lære språket når ein var omkrinsa av det, både på skulen og i kvardagen elles.

Ho seier at nynorskbruken på HVL er viktig for å normalisere språket. Når HVL bruker nynorsk på alle område, vert det noko sjølvsagt. Det gjer at bergensarar og andre bokmålsbrukarar ikkje lenger legg merke til det når noko står på nynorsk.

– Eg meiner at det er enormt viktig for nynorsken at ein stor institusjon som HVL vel å ha nynorsk som hovudspråk, seier Thingnes.

– Likt, men annleis

Thingnes argumenterer i avhandlinga for at også nynorsk er eit såkalla minorisert språk. Mange prosessar og strukturar i samfunnet råkar minoriserte språk på negativt vis. Men ho understreker at historia og konteksten til nynorsk og samisk er ulik.

– Samisk har eit meir komplekst historisk bakteppe med tanke på fornorskinga, og samisk språk er knytt til kultur og etnisitet på ein annan måte enn nynorsken er. Det er noko anna å få språkrettane dine brotne når du er brukar av eit samisk språk, seier ho.

Ho fortel at ho sjølv har gått gjennom ein indre prosess med å forsvare og forklare korleis ho kan omtale og forske på nynorsk og samiske språk under same paraply.

– Viktigheita av å velja å bruke språket er mykje den same. Hinder, strukturar, mangel på kunnskap, haldningar og ideologiar er felles, sjølv om historiene bak og graden varierer, seier Thingnes.

– Heilt nødvendig utvikling

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, slår fast at det er veldig bra at utdanningsinstitusjonar vel mindre brukte språk. Gjennom bruk vert fagspråk og terminologi utvikla, noko som er viktig for at eit språk skal halde seg vitalt.

Ho meiner det er avgjerande at det også vert skrive akademiske tekstar på mindre brukte språk.

– Det er heilt nødvendig for at språka kan dyrkast og styrkast, og vera levande språk også i framtida. Særleg når det gjeld terminologi. Språk som ikkje vert vedlikehaldne, kan til slutt berre brukast til å snakke om det nære og kjære, seier ho og legg til:

– Viss eit språk skal fungere på samfunnsnivå, er det heilt nødvendig at det finst eit ordforråd som gjer det mogleg. Det er heilt nødvendig å utvikla gode fagspråk i akademia.

Ho meiner at det er viktig at mindre brukte språk vert synlege i samfunnet, og at ein har ein aksept for at studentar vel å skrive nynorsk eller samisk.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, meiner det er viktig at språk som nynorsk og samisk vert brukte i akademia. Foto: Språkrådet

– Treng eksponering

Wetås seier at det også er ein stor ekstraverdi for bokmålsbrukarar at skulane løftar fram mindre brukte språk.

– Når vi i Språkrådet jobbar for å fremja nynorsk som det minst brukte av dei to norske, er det eit sentralt poeng at heile språkbrukarsamfunnet treng å bli eksponert for nynorsk. Det handlar om status og moglegheitene til å kunne vere likeverdig. Det same gjeld openbert for samisk i det samiske forvaltingsområdet, seier ho.

Wetås skulle ønske at fleire universitet og høgskular følgde det gode eksempelet HVL set med ein offensiv språkpolitikk.

– Nøkkelen til å lukkast i språkarbeidet er å ha gode strategiar, slår ho fast.

– Må vere klar over konteksten

Jorunn Simensen Thingnes fortel at ho har fått reaksjonar på at ho forskar på samiske spørsmål utan at ho sjølv har samisk bakgrunn. Ho viser til ein større diskusjon i akademia om kven som har rett til å forske på spørsmål om urfolk.

Ho meiner at hennar eige utgangspunkt vert styrkt av at ho er brukar av eit minorisert språk, og også ved at ho kjem frå Bygde-Noreg.

– Når du forskar i ein samisk kontekst, er det viktig å vere klar over fornorskinga og kor mykje forferdeleg forsking som har vorte utført i samiske område, seier ho.

Mellom anna grov raseforskarar opp samiske hovudskaller på byrjinga av 1900-talet.

– Eg har spurt meg sjølv kven eg er til å forske i den samiske konteksten. Men eg har heile vegen vore open om kva eg gjer og ønsker å oppnå. Eg er audmjuk om kva eg kan og ikkje kan, og kva eg er interessert i. Eg vart veldig godt teken imot på Sámi allaskuvla, seier ho.

Jorunn Simonsen Thingnes fekk Kongens gullmedalje for doktorgradsavhandligna si. Foto: Unn Røyneland

Ho synest det er skummelt å gjere feil når ein kjem utanfrå for å forske på urfolkproblematikk.

– Det er normalt å gjere småfeil, men i ein sånn kontekst vert det meir alvorleg. Viss du gjer feil, kan du verte redd for å røre problematikken igjen. Det er uheldig viss ein ikkje opnar for at du kan forske på urfolkproblematikk viss du kjem utanfrå, seier ho.

Skapar blæst

Thingnes synest det er skikkeleg stas å få kongens gullmedalje for arbeidet.

– Eg merkar at det skapar blæst om arbeidet mitt, og eg er heldig som får fleire moglegheiter til å snakke om samisk og nynorsk i akademia. Eg er glad for at tematikken vert løfta fram, seier ho.

Ho er glad for at også ein avhandling som er skriven på norsk, kan få utmerkingar.

– Det er symbolsk viktig at ei vitskapleg avhandling på nynorsk vert anerkjent, seier ho.

I samband med prisen har Thingnes fått audiens hos kong Harald i desember.

– Det vert kjekt å snakke med han om språkpolitikk, samiske språk og nynorsk, seier ho.