Staten bryt språklova over heile linja

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her har dei teke føre seg korleis departementa og dei underliggjande statsorgana etterlever reglane om veksling mellom nynorsk og bokmål.

– Det vi ser i denne rapporten er at staten på ingen måte løyser det lovpålagde oppdraget sitt om å bruke både bokmål og nynorsk ut frå eit minimumskrav. Det er rett og slett frykteleg dårleg, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås til NRK.

Klåre krav

Det er ikkje tvil om kva lova seier. Sentrale statsorgan skal veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, slik at ingen av skriftspråka er representerte med mindre enn 25 prosent. Det er også krav om at alle skjema og digitale sjølvbetente løysingar skal vere tilgjengelege på begge språk.

– På punkt etter punkt ser vi at språkvekslinga ikkje er godt nok, og at politikken Stortinget har vedteke om å særleg styrkje nynorsk som det minst brukte skriftspråket, ikkje blir teken omsyn til, seier Wetås.

Mållaget: – Sørgjeleg bilete

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

Rapporten byggjer på data frå heile 15 departement, Statsministerens kontor og 161 statsorgan. Berre Medietilsynet oppfyller alle krava i regelverket.

– Denne rapporten er eit sørgjeleg bilete på ein stat som ikkje er i stand til å følgje sine norske lover og etterleve sine eigne språkpolitiske ambisjonar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.


Sølve Rydland vert politisk redaktør i Bergensavisen. Foto: Amedia