Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag vert kring 7.000 språk snakka verda rundt. Innan år 2100 fryktar lingvistar at minst halvparten av verdas språk vil vere utdøydde eller alvorleg truga.

Eit endå meir pessimistisk, men likevel realistisk, scenario er at 90–95 prosent av språka vil vere anten utdøydde eller alvorleg truga.

– Vi er på veg mot eit katastrofalt språk- og kulturtap i det neste hundreåret, seier Dr. Gregory Anderson til The Guardian, som først omtalte saka.

Han er leiar for Living Tongues Institute for Endangered Languages, som dokumenterer og registrerer truga språk.

Den siste spikaren i kista

Allereie no døyr eitt språk kvar andre veke, men lingvistar fryktar språktapet vil verte forverra av klimaendringane.

Anastasia Riehl frå canadiske Queen’s University peikar på at små språksamfunn allereie er sårbare for globalisering og migrasjon, og at klimaendringane vil forstyrre dei endå meir.

Mange små språksamfunn held til på øyar og langs kysten, og er såleis sårbare for orkanar og eit havnivå som stig. Stillehavsøya Vanuatu har 110 språk, noko som er klodens høgaste språktettleik. Dette landet er også blant dei som er mest truga av at stigande havnivå.

I tillegg held små språksamfunn til på plassar der ein aukande temperatur trugar tradisjonelt jordbruk og fiske, noko som fører til fråflytting.

– Det har ei forsterkande effekt, den siste spikaren i kista, seier ho til den britiske avisa.

FN tek grep

For å svare på krisa, lanserte FN i desember Det internasjonale tiåret for urfolksspråk (International Decade of Indigenous Languages).

Målet er å verne og fremje urfolksspråk.

– Med kvart urfolksspråk som døyr ut, så forsvinn òg tankane, kulturen, tradisjonen og kunnskapen det ber, sa Csaba Kőrösi, president i FNs generalforsamling.


Les også: No skal unge kvenar kunne seie «fandens oldemor», «ikkje-binær» og «skal vi pule?»

Kristine Jonas (t.v.) er nestleiar i Kvenungdommen. Åsne Kummeneje Mellem er leiar. Foto: Kvenungdomen, Ruija Forlag. Illustrasjon: Astrid Jacobsen/Heilo illustrasjon. Kollasj: Framtida.no