Ti frasar du må kunne for å sjekke på kvensk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvääninuoret – Kvenungdommen har nettopp lansert ei kvensk frasebok – slik at unge kvenar kan bruke sitt eige språk i kvardagen, anten det er ei helsing på e-post eller når ein sjekkar opp nokon på byen.
Skriftspråket vert delt inn i tre varietetar, som alle er med i fraseboka:
Elvedalsk 🔴, Varanger 🔵 og Porsanger/Nordreisa 🟢. I nokre fraser har varietetane same formulering.
Her er ti fraser du må kunne om du vil sjekke på kvensk:
🎶 Eg elskar denne songen
Det kan vere lurt å starte forsiktig, med ein enkel isbreaker om at du likar songen som vert spelt. Då seier du:
🔴🔵 Mie rakastan tätä laulua 🟢 Mie rakastan tätä lauluu
👨❤️💋👨 Er du singel?
Det er greitt å vete om din utkåra allereie har ein kjærast, eller om du kan shoot your shot. Difor bør du spørje:
Oletko sie singeli?
🥰 Du er søt som eit multebær!
Om du får ja (joo) på førre spørsmål og ikkje nei (ei), så er det kanskje dags for å smøre på med eit vakkert kompliment for å sjarmere:
Sie olet makea ko hilla!
😍 Eg likar deg!
Synest du vil fortelje din nye flamme at du likar hen, så seier du:
Mie tykkään sinusta!
💋 Heim til deg eller til meg?
Om de verkeleg finn tonen, så kan du kanskje spørje korleis flørten din om de skal reise heim til hen eller til deg etter kvelden:
Sinun tykö, tahi minun tykö?
🫶 Skal vi pule?
Samtykke er viktig – på norsk, på kvensk, på alle språk. Så då er det fint å vete korleis ein spør! Om du lurer på om flørten din vil pule, seier du:
Nussimako?
🍆 Har du kondom?
Prevensjon, prevensjon, prevensjon. Om de skal ligge saman, spør om flørten din har kondom (om du ikkje har sjølv):
Oonko sinula kortonki?
eller oonko sinula kondomi?
😬 Eg har testa meg og eg har klamydia
Dersom ein svarar (n)ei på kondomspørsmålet, men likevel har sex, så kan denne frasen kome til nytte.
Mie olen ottanu testin ja minula oon klamyydia.
(Bruk kondom, så treng du ikkje denne.)
❤️ Eg elskar deg
Om forholdet utviklar seg og varme kjensler blømer, er det lurt å kunne eit par gloser til. Om du vil fortelje din utkåra at du elsker hen, så kan du seie:
🔴🔵 Rakastan sinua 🟢 Rakastan sinnuu.
💔 Det er ikke deg, det er meg
Om det derimot ikkje kjem til å fungere, så er det òg godt å vete korleis ein seier at det er ikkje deg, det er meg:
Ei se ole sie, se oon mie.
Og hugs på, om du er usikker så kan du alltid seie at «eg kan sjå i fraseboka» – mie katton fraasikirjasta.
- Les også intervjuet: No skal unge kvenar kunne seie «fandens oldemor», «ikkje-binær» og «skal vi pule?»