Tori (26) betalar 3000 kroner i månaden i husleige

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.09.2022 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste tida har vi lese tallause saker om bustadmarknaden i Noreg. Det er dyrt å kjøpe og det er dyrt å leige, om du skal bu i by. Kvart år, når universitet og høgskular er klare for semesterstart, står fleire tusenvis av studentar i bustadkø.

Og om du er lei av å høyre om høga bustadprisar i Oslo, så kan du finne byprisar på bygda òg.

Men korleis er det hjå söta bror?

– Ein kjenner seg plutseleg priviligert når ein sit med rom til 3000 kroner, og folk leiter etter rom av same storleik i endå større kollektiv, og må betale minst dobbelt så mykje, i alle fall i Oslo, seier Tori Heitmann Jørgensen.

26-åringen bur for tida i studiebyen Lund i Sverige, der ho tek ei mastergrad i Midtaustenstudium ved Lunds universitet. Ho har òg eit verv i Samhällsvetarkåren, som er ein studentorganisasjon på studieplassen.

Ho leiger rom i ein studentbustad på kring 60 kvadratmeter, som ho deler med éin annan person.

Prisregulert svensk marknad

I likskap med Noreg, er bustadpolitikken eit heitt tema i Sverige. I fjor måtte dåverande statsminister Stefan Löfven trekke seg på grunn av foreslegne endringar i leigemarknaden.

Stefan Löfven gjekk av som statsminister i Sverige 30. november 2021. Foto: PES Communications/CC BY-NC-SA 2.0

I Noreg er utleigesektoren marknadsbasert, medan den svenske bustadmarknaden har prisregulering.

Dersom du skal leige ut leilegheita di i Noreg, kan du ta betalt så mykje du vil. Du risikerer berre at ho er for dyr til at nokon vil leige ho.

Men i Sverige står ikkje eigarane fritt til å fastsetje utleigepris sjølv. Leigeprisane vert fastsette i forhandlingar mellom bransjeorganisasjonen for eigarar Fastighetsägarna og Hyresgästföreningen, som representerer leigetakarane.

For å illustrere kva dette betyr i praksis: Ein 3-roms leilegheit på kring 75 kvadratmeter i bydelen Södermalm i Stockholm kostar 7400 svenske kroner i månaden, ifølgje medlemsbladet Hem & Hyra. Det tilsvarar nesten 7050 norske kroner.

Grünerløkka i Oslo vil ein leilegheit med same storleik koste deg 18 000 kroner i månaden, syner Finn.no-annonsene tysdag.

Regjeringskrise grunna bustadpolitikk

Utleigeprisane var stridspunktet i regjeringskrisa i fjor. Regjeringa – som var sett saman av Socialdemokraterna og Miljøpartiet – føreslo å greie ut om endringar i utleigelova, slik at utleigarar stod friare til å bestemme leigepris for nye leilegheiter. Argumentet var at det skulle verte meir attraktivt å byggje fleire bustadar.

Det fekk Sverigedemokraterna til å leggje fram mistillitforslag, som Vänsterpartiet, Kristdemokraterna og Moderaterna stilte seg bak. Lövfen vart såleis første statsminister i svensk historie som måtte gå grunna mistillit, og utgreiingsforslaget vart lagt daudt.

– Her i Noreg verkar nok dette ofseleg, men svenskane har mykje av folkesjela si i leigemarknaden. Det er mykje vanlegare å leige bustad enn det er i Noreg, og mange gjev dagens regulering æra for at folk kan leige gjennom heile livet.

Det sa kommunikasjonsdirektør i utleigefirmaet Heimstaden, Christian Dreyer, til E24 då regjeringskrisa stod på.

Leige eller eige?

I Noreg bur 80,8 prosent i bustadar dei sjølve eig, medan det same gjeld 64,5 prosent av svenskaneviser tal frå Eurostat.

76,6 prosent av nordmenn bur i hus og ikkje leilegheit, medan 53,1 prosent av svenskane gjer det same.

Tori Jørgensen synest det er vanskeleg å skulle samanlikne bustadmarknadane i Sverige og i Noreg, men har inntrykk av at det er meir utbreidd å leige privat i den norske marknaden enn det er i nabolandet.

I Lund er det vanleg for studentar å bu i studentbustad, men då ho budde i Bergen kjende Jørgensen få som budde slik.

– Prismessig er det billegare her i Lund. Eg trur eg var ganske nøgd då eg fann ei leilegheit til 4700 kroner i Bergen, minnest ho.

I juli 2022 låg snittprisen på eit rom i bufellesskap i Bergen på 5 438 kroner i månaden, hybelkostnaden på 7 287 kroner og leilegheitprisen på 13 472 kroner.

‼️ Åtvaring: Få leilegheiter

Då ho fekk studieplass, fekk Jørgensen eit informasjonsskriv frå universitetet i Lund.

– Der stod det Åtvaring: Det er vanskeleg å få seg leilegheit

Med prisregulering i Sverige er det billegare å bu, men det er òg lange ventelister på bustad. Södermalm-leilegheita på 75 kvadrat som vert nemnt ovanfor har ei venteliste på heile 35,7 år.

Om du stiller deg i bustadkø i Stockholm, må du smøre deg med tolmod. Foto: Adam Gavlák/Unsplash

Ifølgje avisa Svenska Dagbladet står det over 1,1 millionar svenskar i kø på kommunal bustad i Stockholm, Göteborg og Malmø, og snittventetida er ni år.

– I Stockholm er det kaos, slår Jørgensen fast.

Kanskje Røkke kan sponse?

Tori Heitmann Jørgensen har så vidt starta å sjå på mogelegheita for å bu for seg sjølv i Lund, for ho kjenner at ho kanskje er kome i ein alder då ho ikkje vil bu i kollektiv lenger.

Ho har framleis to år att i Sverige, og er usikker på kor vegen går etterpå.

– Har du vurdert å berre verte buande i Lund, når du les alle sakene om bustadmarknaden i Noreg? 

– Eg har definitivt tenkt den tanken. Eg har hatt ein del samtalar med venninner om: kan ikkje vi få Kjell Inge Røkke til å sponse ein bygard der vi kan bu? seier Jørgensen og ler. 


Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner det bør vere ein «EU-kontroll» også på bustad. Foto: Brandon Griggs via Unsplash / Hanne Jones Solfjeld, NSO / kollasj Framtida.no