Nær 5000 studentar framleis i kø for studentbustad

4771 personar manglar studentbustad i Noreg, viser ferske tal frå Samskipnadsrådet, som etterlyser auka tilskot til studentbustader i Noreg.

NPK-NTB
Publisert

Ei fersk undersøking viser at 19 212 studentar har vorte tildelte studentbustad i perioden 1. mai–2. september, medan 4771 studentar framleis er i kø for ein studentbustad.

Det er stor variasjon mellom dei ulike byane i kor mange studentar som står i kø, opplyser dei vidare.

– Det er gledeleg at samskipnadene har fått tildelt så mange studentar ein studentbustad gjennom sommaren. Samtidig har vi veldig lyst til å tildele endå fleire i åra som kjem, seier styreleiar Rita Hirsum Lystad i Samskipnadsrådet i ei pressemelding.

I statsbudsjettet for 2025 etterlyser Samskipnadsrådet at regjeringa forbetrar rammevilkåra for bygging av studentbustader og aukar sin del av finansieringa av studentbustader.

– For å halde fram med å byggje fleire studentbustader er det avgjerande at regjeringa hevar tilskotssatsen, legg ho til.