Vekas viktigaste: Influensa, varmerekord og Shabana Rehman

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 09.01.2023 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye reglar for å kjøpe bustad

Foto: Jørn Eriksson/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

Fleire nye lover tredde i kraft 1. januar. Ei av desse er den nye finansavtalelova, som blant anna tek for seg regelverket rundt banklån.

For å få eit bustadlån var det før slik at banken måtte teste om du tolte ei renteauke på 5 prosent. Det siste året har det vore såpass mykje inflasjon, at regjeringa bestemte seg for å gjere denne grensa lågare.

No må du tole ei renteauke på 3 prosent for å kunne få lån. Det gjer det truleg lettare å få lån til bustad.

Andre reglar som kom på plass er blant anna mindre skattefordel for BSU, våpenamnesti, ny hundelov og endra tobakkskvote ved grensehandel.


Republikanarar slit med å velje ein leiar i Representanthuset

Foto: Martin Falbisoner, Wikipedia CC BY-SA 3.0

Oppdatering, 9. januar: Representanthuset har valt Kevin McCarthy som leiar, etter femten avstemmingar. Det skjedde ved at nokre av republikanarane frå ytre høgre let ver å stemme, og dermed var det færre som måtte til for å få fleirtal.

I fjor fekk republikanarane fleirtal i Representanthuset i USA, og no etter nyttår skal dei velje ein ny fleirtalsleiar. Nancy Pelosi hadde jobben før nyttår. I utgangspunktet var det forventa at republikanar Kevin McCarthy frå California kom til å ta over.

McCarthy var mindretalsleiar for republikanarane i fjor. For å bli fleirtalsleiar, må han naturleg nok få fleirtal i Representanthuset. Sjølv om republikanarane har fleirtal, har nokre valt å ikkje stemme på McCarthy.

Det er 20 republikanarar, for det meste til ytre høgre, som ikkje vil stemme på han, trass i at Donald Trump har oppmoda til det.

Representantane har no hatt 11 avstemmingar til saman på tysdag, onsdag og torsdag. Det er ingen formell frist for når ny leiar må vere valt, men det er over 164 år sidan prosessen tok så lang tid.


Varmerekordar i Europa i januar

Illustrasjonsfoto: tvbayernlive via Canva

Året starta med plussgradar og tilnærma sommarvêr fleire stader i Europa. Polen målte 19 plussgradar, Tsjekkia 19,6 og Bilboa i Spania har bikka 25 dei første dagane av januar. Det er varmare enn nokosinne.

Heile åtte europeiske land har sett varmerekord for januar, og den aukande varmen meiner klimaforskarar har samanheng med klimaendringar. Klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero seier at ein ser oppvarminga spesielt i nordlege land.

– Trenden i Noreg er også ei raskare oppvarming av vintrane, nesten like rask som i Polen. Vi er velsigna med eit veldig variabelt klima her, og ligg akkurat på grensa mellom to klimasoner, forklarar han.

Sjølv om året har starta med kulde og nedbør her til lands, fortel han at trenden er at det blir varmare, og talet på snø-dagar har gått ned i Sør-Noreg.


Ny koronavariant og auke i influensainnleggingar

Foto: Mika Baumeister / Unsplash

Ifølgje FHI er det no fleire som er innlagt på sjukehuset på grunn av influensa enn på grunn av covid-19. Det er større førekomst av luftvegsinfeksjonar enn før pandemien, noko som er ei ganske høg belastning på sjukehusa.

Samstundes er det ein auke i folk som blir smitta av ein ny omikron-variant, spesielt i Oslo-området. Han har fått kallenamnet «kraken» i USA, og er meir smittsam enn andre variantar, men gjev ikkje meir alvorleg sjukdom.

Grunnen til at varianten er meir smittsam er fordi han er betre til å omgå immunitet. Utanom Oslo er det svært lite påvist av den nye varianten i resten av landet.


Shabana Rehman blir gravlagt på statens rekning

Shabana Rehman på nordiske mediedagar.

Shabana Rehman i ein samtale frå 2018. Foto: Inge Krossøy (xoy.no) / Nordiske Mediedager, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

Oppdatert 6. januar kl. 13. Etter samtale med familien har 14. august-komiteen bestemt at dei ikkje deler ut prisen for å gi familien ro.

29. desember døydde komikar og samfunnsdebattant Shabana Rehman etter lang tids sjukdom. Ho vart født i Karachi, Pakistan og vaks opp på Holmlia i Oslo.

Denne veka annonserte Aamir Javed Sheikh, leiar for 14. august-komiteen, at ho er kåra til årets norskpakistanar. Han fortel at Rehman fekk vite dette før ho gjekk bort.

Komiteen arbeider for å fremje kontakta mellom norsk-pakistanske folk og resten av det norske samfunnet. Rehman var blant anna open om eigne opplevingar rundt negativ sosial kontroll, æreskultur og æresrelatert vald. Det er på grunn av dette arbeidet at ho blir gravlagd på statens rekning.

Rehman blir gravlagt tysdag 10. januar med ein humanistisk seremoni. Utdelinga av prisen skjer 14. august, på nasjonaldagen til Pakistan.


✨Vekas lyspunkt✨: Brasil får tilgang til Amazonasfondet

Regnskog som stoppar brått til avskoga område.

Ulovleg avskoging i delstaten Maranhão, nordaust i Brasil i 2016. Sidan Bolsonaro vart president i 2019 har avskoginga i Brasil auka. Foto: IBAMA from Brasil, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Den nye presidenten i Brasil, Luiz Inacio Lula da Silva, har sørgja for at landet får tilgang på 6,8 milliardar kroner for å kjempe mot avskoging av regnskogen.

Pengane kjem frå Amazonasfondet. Førre president, Jair Bolsonaro, stansa mange viktige klimatiltak, la til rette for meir avskoging, og i 2019 avsette han styret i fondet.

Noreg, som ein av dei største bidragsytarane til Amazonasfondet, fraus difor støtta. Ein av dei fyrste tinga Da Silva gjorde som president var å sette inn att styret, og han har lova å jobbe mot avskoging i Brasil sin regnskog.


Har du tid for eit tilbakeblikk? Sjå kva saker som prega fjoråret: