Norsk klimaforskar ikkje overraska over varmerekordar i januar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire europeiske land har sett varmerekordar dei første dagane i år. I Polen vart det meldt om 19 plussgrader, 18 meir enn vanleg, og i Tsjekkia kom rekorden opp på 19,6 grader, 16 grader høgare enn normalt. Slike rekordar er sette i åtte ulike land.

– Det er jo alltid ei blanding av ting når du får ein ny vêrrekord. Det kan vere naturlege variasjonar som tilfeldigvis slår til, og litt av det er det her òg. Men det er jo på bakgrunn av ei verd som blir stadig varmare, seier klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero senter for klimaforsking til Dagsavisen.

Det same skjer i Noreg

Klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero senter for klimaforsking. Foto: Cicero

– Ser ein på oppvarmingstakten frå sekstitalet, så er den soleklart høgast på land, i nord, og har eit toppunkt akkurat inni områda rundt Polen, vestre del av Russland og Finland. Det er ikkje noko uventa at det blir slått varmerekordar her, seier han og peikar på at det same skjer i Noreg, sjølv om vi startar året med minusgrader for det meste.

– Trenden i Noreg er også ei raskare oppvarming av vintrane, nesten like rask som i Polen. Vi er velsigna med eit veldig variabelt klima her, og ligg akkurat på grensa mellom to klimasoner, forklarer han.

Tala viser at talet på snødagar i Sør-Noreg går raskt nedover og at varmerekordar i januar er del av den globale oppvarminga.

Sommartemperaturar i Spania

Bilbao i Spania hadde 25,1 grader, det same som gjennomsnittstemperaturen vanlegvis er i juli og meir enn 10 grader over det normale gjennomsnittet for januar, ifølgje BBC.

Andre delar av Spania opplever også høge temperaturar, og i delar av Catalonia, inkludert Barcelona, er det innført restriksjonar for bruk av vatn.

Nye rekordar

Også i Nederland, Liechtenstein, Litauen, Latvia, Tsjekkia, Danmark og Belarus er det registrert rekordhøge temperaturar dei siste dagane, og det er også målt rekordvarme i regionar i Tyskland, Frankrike og Ukraina.

Den nye januar-rekorden i Belarus er på 16,4 grader, rundt 4,5 grader meir enn det som nokosinne er målt i januar.

Også i Sveits har gradestokken vist over 20 grader, og på skistadene i Alpane er det usedvanleg lite snø i år.

Fleire europeiske land opplever rekordhøge temperaturar, og det er snømangel i mange skianlegg. Her frå Tour de Ski i Oberstdorf. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Krympande isbrear i Alpane kan på sikt true vassforsyninga til fleire europeiske land, åtvarar ekspertar.

Varmare enn nokon gong

Storbritannia, Irland, Frankrike og Spania konstaterte nyleg at 2022 var det varmaste året som nokosinne er målt.

Menneskeskapte klimaendringar får skulda for at hetebølgjene blir stadig kraftigare, hyppigare og meir langvarige.

Gjennomsnittstemperaturen i verda har stige med 1,1 grad sidan førindustriell tid, og ifølgje Verdens meteorologiorganisasjon (WMO) er det 50 prosents sjanse for at han vil overstige 1,5 grader dei neste fem åra.

I Parisavtalen frå 2015 vart landa i verda samde om å avgrense den globale oppvarminga til «godt under» 2 grader, samanlikna med det som vart målt mellom 1850 og 1900.

Oppdatert: Saka er utvida


F.v. August Ihle, Gina Gerhardsen, Maria Myrene Nørstebø og Herman Midttun Tobiassen. Foto: Eirik Lygre