Regnskogmilliardar blir gjort tilgjengeleg for Brasil

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag tok Luiz Inacio Lula da Silva over som president i Brasil etter Jair Bolsonaro. Ein av dei fyrste tinga da Silva gjorde som president, var å underteikne ei avtale som opnar Amazonasfondet.

Amazonasfondet er eit organ i Brasil som tidlegare har teke imot pengestøtte frå utlandet og fordelt det på forskjellige prosjekt som skal avgrense og arbeide mot avskoging. Urfolk frå Amazonas, nokre av dei mest påverka av avskoging, har hatt store delar av ansvaret for å styre fondet.

Førre president, Jair Bolsonaro, nekta derimot for at klimaendringar var menneskeskapte. Han stansa mange viktige klimatiltak, la til rette for meir avskoging, og i 2019 avsette han styret i fondet.

Noreg, som ein av dei største bidragsytarane til Amazonasfondet, fraus difor støtta.

Da Silva har no sett inn att styret i fondet, og Brasil får no tilgang på 6,8 milliardar kroner for å kjempe mot avskoging.

– Statsfinansane i Brasil er i ei dårleg forfatning. Så å få tilgang til desse pengane raskt, kan styrke miljøpolitiet, bevare urfolksområde og sørgje for ein meir berekraftig måte å produsere mat på, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide til NRK.


Les meir om det svært jamne og omstridde presidentvalet som Brasil hadde i oktober:

Lula da Silva vann valet i Brasil – Bolsonaro har ikkje vedkjent tapet enno