Fleire høgskular kan bli universitet i 2023

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan hundreårsskifte har fleire norske høgskular slått seg saman og blitt universitet.

Blant anna blei Høgskulen i Stavanger til universitet i 2005, to år etter blei Høgskulen i Agder universitet og i 2018 blei Høgskulen i Telemark, Høgskulen i Vestfold og Høgskulen i Buskerud til Universitetet i Søraust-Noreg.

I dag har vi ti universitet, ni vitskaplege høgskular og 13 høgskular her i landet. Ein av høgskulane har allereie sendt søknad om å bli universitet og ein anna skal sende sin i 2023.

Vekstbehov

Høgskulen i Innlandet sende sin universitetssøknad måndag 12. desember. Rektor Peer Jacob Svenkerud seier dei har hatt som mål å bli universitet i fleire tiår.

– Prosjektet om å bli Innlandsuniversitetet starta i 2000. Den ambisjonen har styrkt oss betydeleg som høgskule. I dag har vi kvalitet i forsking og utdanning som gjer at vi tenkjer vi allereie driv som eit universitet.

Han seier det er fleire grunnar til at dei vil bli universitet.

– Det opnar andre rekrutteringsmoglegheiter i nasjonale og internasjonale forskingsmiljø og det gir oss fleire moglegheiter for internasjonalt samarbeid. Samanslåingane dei siste åra har òg gjort at det ikkje er mange høgskular igjen, og dei fleste av dei som er igjen har universitetsambisjon.

Liten forskjell

Høgskulen på Vestlandet skal sende universitetssøknad neste år, fortel rektor Gunnar Yttri. Han meiner høgskulen allereie blir drive som eit universitet og berre manglar stadfesting og eit skilt å hengje på studiestadane for å vise det.

– Det blir ikkje store forskjellen den dagen vi blir universitet. Vi har jobba systematisk mot dette i lang tid. Når vi blir universitet får vi berre stadfesta at vi har styrkt kvaliteten over tid.

– Kva er ulempa ved å bli verande som høgskule?

– Det handlar om større sjølvstende. Som universitet får vi opprette studieprogram på alle nivå. I dag må vi søkje gjennom Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning, underlagt kunnskapsdepartementet, red.anm).

Høgskulen på Vestlandet, her frå campus Sogndal, har ambisjonar om å sende universitetssøknad i 2023. Foto: Høgskulen på Vestlandet / Tove Takvam Uglum / NPK

Symbolsk verdi

Fredrik Thue er professor i profesjonshistorie ved OsloMet – storbyuniversitetet. Han seier forskjellane mellom høgskule og universitet her i landet har blitt mindre dei siste 22 åra.

– Forskjellen ligg mest mellom dei fire opphavlege universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø og dei andre som har fått universitetsstatus etter år 2000. Dei sistnemnde er framleis meir lik høgskular enn dei gamle universiteta, trass i universitetsstatusen, seier Thue.

Fredrik Thue er professor i profesjonshistorie ved OsloMet – storbyuniversitetet. Foto: OsloMet

Yttri ved Høgskulen på Vestlandet sitt argument med å kunne opprette studieprogram utan å søkje Nokut om løyve først, er ein av forskjellane som står igjen, ifølgje Thue.

Han meiner endra status kan gjere ein forskjell for høgskulane om den blir brukt til å byggje opp eit fagmiljø som ved dei opphavelege universiteta

– Det har dei i nokon grad gjort i Stavanger og Agder, men om ein held fram med meir eller mindre det same studietilbodet som før, blir det ikkje større budsjett eller betre forskingsprivilegium for dei tilsette berre fordi ein får kalle seg universitet, seier Thue.

Universitetsstatusen har difor mest ein symbolsk verdi, meiner han.

– Den signaliserer for styresmaktene at institusjonen har ambisjonar. Dess fleire som blir universitet, dess dårlegare tek det seg ut om ein sjølv ikkje blir med på ferda.

Tydeleg identitet

Høgskulen i Volda er ein av få som framleis held seg som høgskule, i alle fall i næraste framtid. Rektor Johann Roppen seier det ikkje ligg planar om å bli universitet i dagens strategi, men at ei endring av søknadskriteria kan endre på det.

– For å bli universitet må du ha tilbod om fire doktorgradsstudium. Vi har eitt tilbod i dag og søkjer om akkreditering av eitt til.

– Kvifor er kravet fire? Det er berre eit politisk kompromiss for mange år sidan, men det er kravet som er gitt. Andre høgskular strekkjer strikken langt for å kome opp i fire, men det eigentlege kriteriet burde vore å tilby éin god doktorgrad. Om det er éin eller fire skal det uansett vere ein kvalitetssikra doktorgradsgivande institusjon eit universitet skal vere.

Høgskulen i Volda vil halde fram å vere høgskule i næraste framtid, men rektor Johann Roppen seier ei endring i kriteria for å søkje om universitetsstatus kan endre på dette. Foto: Karl August Swanstrøm / Høgskulen i Volda / NPK

Roppen seier fordelen ved å bli universitet blant anna er sterkare regional støtte.

– Agder, Stavanger og Bodø hadde til dømes gode prosjekt om nye universitet. Regionane støtta prosjekta med store ressursar og dei fekk også politisk støtte og auka nasjonale løyvingar som fleire stipendiatstillingar for å nå universitetsmålet.

– Kva er fordelen ved å bli ståande som høgskule?

– Vi slepp å endre namn og kan halde på identiteten vår. Å bli ståande som høgskule er ein fordel i seg sjølv når alle andre høgskular blir universitet etter samanslåingar over ein låg sko i nokre år. Studiestadane er ikkje så tydelege lengre, men vi er framleis Høgskulen i Volda.


Maria Bonita Igland (23), Peter Alvsvåg (23) og Oda Mo Eikefet (23). Foto: Jannicke Totland / NPK, kollasj Framtida.no