Kuttar forskingskonkurranse for unge

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 1968 har Forskningsrådet kåra årets Unge forskere. No vert heile konkurransen lagt ned.

– Deltakarane i konkurransen har i ei årrekkje begeistra oss med spennande og kreative forskingsprosjekt av høg kvalitet, og vi beklagar at vi ikkje lenger har budsjett til å gjennomføre konkurransen.

Det seier konstituert områdedirektør Jesper Werdelin Simonsen til Khrono, som først omtalte saka. Han peikar på at verksemdsbudsjettet til Forskingsrådet har gjennomgått store kutt, noko som fører til at dei òg lyt kutte kostnadar.

Akademiet for yngre forskere skriv på Twitter at dei har forståing for at det er tøffe tider, men at å det er feil prioritering å leggje ned ein så etablert og viktig forskingsarena for barn og unge.


– Eg har alltid hatt lyst til å studera medisin, og den lysta har blitt større etter dette, seier Sara før ho legg til: – Eg har verkeleg sett kor fantastisk desse samanhengane i medisinen fungerer i praksis. Lysten har utan tvil blitt sterkare, seier ho. Foto: Privat