Studietida er langt ifrå eit glansbilete

Studiestøtta står meir eller mindre i ro, sjølv om prisane elles i samfunnet aukar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit trongt budsjett, høg arbeidsbelasting og etterdønningane av pandemien gjer det langt anna enn enkelt å vera student. Dette er noko studentar ved Universitetet i Oslo kan bekrefte.

– Altså, alle må jo ha ein jobb. For alle veit at det ikkje er mogleg å leve på stipendet, seier student Oda Mo Eikefet (23) til Nynorsk pressekontor.

Ho har nett flytta til Oslo frå Trondheim, der ho har studert statsvitskap i tre år. Ved sida av å studere medium og kommunikasjon, er ho praktikant for Stortingsgruppa til Venstre. På grunn av stillingsprosentar tenkte ho først ikkje på seg sjølv som ein vanleg student.

– Men så kom eg på at det er mange studentar som jobbar femti prosent. Både for erfaringa, men mest for pengane.

Med ein snev av ironi fortel ho om korleis det gjekk då ho prøvde å leve på stipendet eit halvt år.

– Eg enda jo med å tømme bufferkontoen min. Det er jo heilt tullete.

Oda Mo Eikefet (23) frå Modalen etterlyser ei tettare kopling mellom universitetet og næringslivet ved å til dømes ha meir praksis som ein del av utdanningsløpet. Foto: Jannicke Totland / NPK

Vanskeleg å få relevant jobb

Studenten frå Modalen skildrar seg sjølv som ein av få studentar som har ein relevant jobb ved sida av utdanninga.

Det er også noko Maria Bonita Igland (23) frå Bergen kjenner seg att i. Ved sida av å gå profesjonsstudiet i psykologi, jobbar ho som miljøarbeidar på Gaustad sjukehus.

– Eg føler at eg får like mykje erfaring med å jobbe ute i miljøet og ikkje berre i terapirom. Så eg er glad for å få moglegheita til å sjå dei perspektiva også.

Arbeidssituasjonen til vestlandsjentene samsvarer med funna i levekårsundersøkinga frå SSB, med funn frå 2021. Med unntak av studentar ved helse- og sosialfag og lærarutdanning, har fåtalet i humanistiske eller samfunnsvitskaplege studieretningar arbeid ved sida av studia som dei reknar som svært relevant. Det gjeld òg naturvitskaplege, økonomiske og juridiske fag.

Sjølv om jobben kan vera både lærerik og relevant uttrykkjer begge studentane at det er vanskeleg å kombinere studium og jobb på grunn av obligatorisk aktivitet på studiet, noko dei meiner går ut over utdanning og helse.

Maria Bonita Igland (23) frå Bergen brenn for at ein skal ta tilbake heiltidsstudenten og etterlyser fleire lågterskeltilbod for å betre studentane si psykiske helse. Foto: Jannicke Totland / NPK

Ein umogleg skvis

Erfaringane blir også spegla i statistikken, der Levekårundersøkinga (SSB) viser at 43 prosent av studentane som er forseinka i noverande studieløp oppgir at årsaka er deltidsjobben.

Statistikken blir òg støtta av Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT) som vart lagt fram i september. Eikefet fortel at ho vart sjokkert over at undersøkinga viser at tre av ti studentar er lite tilfreds med livet og at ein av fem studentar har hatt sjølvmordstankar. Noko som betyr at det gjeld nokon i dei fleste sin omgangskrins.

– SHoT-undersøkingane blir berre verre og verre for kvar gong. Det bør jo få nokon sin varsellampe til å blinke. Kanskje hjå minister Ola Borten Moe?

Igland presiserer at resultata av SHot-undersøkinga er meir enn tal, og fortel engasjert om at det er viktig å sjå situasjonen til studentane i lys av pandemien og tapte år med sosial interaksjon.

For å betre helsa til studentane etterlyser psykologistudenten fleire lågterskeltilbod for studentar. I tillegg til å gjere noko med dei økonomiske rammene.

– Det er ikkje noka naturlov som seier at studentane må leve i ein slags mellombels fattigdom. Det er eit politisk val.

Vidare, meiner ho at det er langt mellom glansbiletet fleire har av studietida og realiteten. Ho håpar at studentane i dag skal kunne sjå tilbake på studietida på same måte som foreldregenerasjonen.

Situasjonen slit på studentane

Peter Alvsvåg (23) frå Bømlo har også opplevd presset med å sjonglere studium og jobb. Han studerer kinesisk med Kina-studium og har delteke aktivt i samfunnsdebatten om tematikken.

Han fortel at mange studentar tek jobbar som både er irrelevante, dårleg betalt og har ugunstige arbeidstider.

– Det slit mange studentar ned. Og eg trur at det påverkar mange meir enn kva dei trur.

Peter Alvsvåg (23) frå Bømlo var usikker på om han skulle jobbe dette semesteret fordi han ville ta ein større del av den frivillige studentrørsla. Likevel, har han fått ein jobb han føler er relevant og fleksibel nok til å kunne gjere begge deler. Foto: Jannicke Totland / NPK

Bømlingen illustrerer den økonomiske situasjonen til studentane ved å samanlikne studiestøtta med fattigdomsgrensa i Noreg, som er omtrent det dobbelte av basislånet for studentar.

Alvsvåg meiner studentar blir sett i ein umogleg skvis då jobbar etter ferdig utdanning krev relevant erfaring, og gode karakterar. Samstundes som at ein treng solid eigenkapital for å kome seg inn på bustadmarknaden.

Han brenn også for viktigheita av frivillig arbeid, som historisk sett har vore ein viktig del av studieinstitusjonane.

– Eg trur at det er veldig mange studentar som sit inne med at dei har lyst å gjere noko større, men har verken tid eller energi.

Studentorganisasjonen er skuffa

I ein e-post til NPK uttrykkjer Maika Godal Dam, leiar i Norsk Studentorganisasjon, at det er skuffande å sjå at regjeringa ikkje satsar på studentar.

Sjølv om studiestøtta aukar i kroner og øre, så gir det ikkje studentane meir å rutte med det neste året, samanlikna med resten av prisveksten i samfunnet.

– Det er bra, men ingen siger. På lang sikt blir det nok vanskelegare og mindre attraktivt å vera student.

Som ein konsekvens av den økonomiske situasjonen til studentane trur Maika Godal Dam i Norsk Studentorganisasjon at ein må vera førebudd på at fleire må bruke lengre tid på å fullføre studia. Foto: Skjalg Bøhmer Vold / NSO

Kunnskapsdepartementet rikkar seg ikkje

Oddmund Hoel, statssekretær for forsking- og høgare utdanningsministeren deler ikkje meiningane til studentorganisasjonsleiaren. I ein e-post til NPK forsvarer han vurderingane som er gjort når det gjeld å auke basislånet i takt med konsumprisindeksen.

Oddmund Hoel forsvarer budsjettframlegget og synest det er bra at studentar får 1500 kroner meir i studiestøtte, som følgje av prisjustering i takt med konsumprisindeksen.
Foto: Ragne B. Lysaker / Regjeringen

Statssekretæren gjev òg studentane sjølv ansvaret om å balansere jobb og studium.

– Det er trongt å leva 11 månadar på berre studiestøtte, og derfor er ordninga lagt opp slik at studentar kan jobbe i tillegg. Så er det opp til kvar enkelt å finna ein god balanse mellom jobb og studium, noko dei aller fleste studentane ser ut til å få til.

 


Emma Skjølberg har ein master i filosofi og er tilsett i Human-Etisk Forbund som studenthumanist i heimbyen Trondheim. Foto: Privat