Streikeramma elevar kan tape pengar resten av livet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Manglande undervisning grunna lærarstreiken kan ha påverknad for kor mykje pengar elevane vil klare å tene i framtida, skriv ung.forskning.no.

Frå 1983 til 2014 opplevde Argentina heile 1500 lærarstreikar, og har difor vore eit «naturleg laboratorium». Forskarar har sett på resultatet av lærarstreikar på økonomien til barn når dei blir vaksne.

Barn som vart ramma av lærarstreikane i Argentina fekk klart lågare lønningar som vaksne enn andre barn, og jo fleire dagar med skule elevane mista, dess meir pengar tapte dei som vaksne.

– Om tala frå Argentina blir ført over til Noreg, viser våre utrekningar at elevane på skulane der lærarane streika lenge, vil miste ein halv million kroner i inntekt resten av livet sitt, seier forskar ved Noregs handelshøgskole i Bergen, Alexander W. Cappelen.

Ifølgje Cappelen viser utrekninga noko positivt, nemleg at elevane lærer mykje på skulen. Ved fleire månaders fråfall av undervisning, kan det vere vanskeleg å ta igjen det tapte.


Foto: Statsraad Lehmkuhl, Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl