Ny NHO-undersøking: Unge mest bekymra over jobbmoglegheiter og høge prisar

Eigen økonomi og jobbmoglegheiter er det ungdom no uroar seg mest over, viser ei fersk NHO-undersøking. Derimot krympar bekymringa for klimaendringane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auka prisar på renter, mat og straum toppar no lista over ting unge mellom 15 og 29 år bekymrar seg over. Sju av ti er redde for at dette skal slå inn på framtidsutsiktene deira og påverke forhold som jobb, bustad og familie.

Det kjem fram i ei undersøking blant unge som Opinion har gjort for NHO. Rapporten skal presenterast på NHOs årskonferanse torsdag 5. januar.

– Gjer inntrykk

For to år sidan var det klimaendringane som uroa ungdom mest. I fjor var det uro for krig. I år er det altså bekymring for eigen økonomi og jobbmoglegheiter som toppar lista.

NHO-sjef Ole Erik Almlid meiner undersøkinga er eit kraftig varsku, særleg når det gjeld moglegheitene til dei unge på arbeidsmarknaden.

– Det er for mange unge som står utanfor arbeidslivet. Det er alvorleg. Tala er sterke, og det gjer inntrykk, seier han til NTB.

Pessimisme

For undersøkinga viser at pessimismen er temmeleg utbreidd blant dei unge:

  • Ein av to, 50 prosent, trur at deira generasjon får det verre enn den førre. Talet er det høgaste på tre år. Like mange trur det vil bli tøffare å få jobb om ti år enn det er i dag.
  • Blant dei yngste, 15-19-åringane, er nesten halvparten urolege for at dei ikkje skal få den jobben dei ønskjer seg, og at dei ikkje skal greie å prestere bra nok på det studiet dei går på.
  • Nesten like mange, 47 prosent, er bekymra over eige stressnivå. Det er litt fleire enn i to tidlegare ung-undersøkingar.
  • 46 prosent er uroa over aukande forskjellar i Noreg.
  • Fire av ti synest også det er vanskelegare å planleggje framtida si no enn for to år sidan.

Marsjordre

Undersøkinga skal gi betre innsikt om kva dei unge tenkjer om framtida. Sjølv les Almlid ho som ein marsjordre for å sikre arbeidsmarknaden.

– Vi må ikkje gjere noko no som gjer at fleire må ut av arbeidsmarknaden enn det ein forventar, slår han fast, og peikar på at redsel for eigen økonomi gjerne er knytt til frykta for ikkje å få jobb.

Det at så mange i undersøkinga oppgir at dei er bekymra for dette, er eit alvorleg teikn, meiner han.

– Så vi må i alle fall seie tydeleg at vi gjer alt vi kan for å sikre at folk ikkje mistar jobben sin, samtidig som vi skaper nye jobbar. Jobb er nøkkelen til alt, seier NHO-sjefen.

I undersøkinga i år har frykt for klimaendringar og øydeleggingar av natur og miljø rykte ned på tredjeplass. Det er også langt færre, 58 prosent, som seier dei er bekymra for dette enn for to år sidan. Då oppgav 72 prosent at klimaendringane uroa dei.

– Det trur eg kjem av at akkurat no kjenner folk problema mykje nærare enn dei gjorde tidlegare. Klimautfordringa er akkurat like stor, om ikkje større, enn i 2020. Men no stiller folk seg spørsmålet – kva skjer med livet mitt? Har eg ein jobb i framtida, seier Almlid.

Jenter mest bekymra

Jenter er gjennomgåande ein del meir bekymra enn gutar, viser undersøkinga. Til dømes uroar 80 prosent av jenter og unge kvinner seg over dei auka prisane, medan det same gjeld 60 prosent av gutar og unge menn.

Bekymringane aukar også med alder: Dei mellom 25 og 29 år er meir urolege enn 15-19-åringane.

Også geografisk er uroa ulikt fordelt. Ungdom i Oslo er til dømes langt meir bekymra over klimaendringane enn jamaldra i distrikta.


Foto: Nordisk FIlm Distribusjon AS, Viaplay, Hesdotno/CC BY-SA 4.0, Evan Agostini/Invision/AP, Privat. Kollasj: Framtida.no