Ny rapport: 1 av 3 studentar rapporterer om alvorlege psykiske plager

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 19.09.2023 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det første som slår meg er at dette er tal som gjer meg veldig lei meg, og at det er openbert at vi ikkje har gode nok løysingar, seier Maika Godal Dam.

I dag vart Noregs største undersøking om helse og trivsel blant studentar lagt fram. Det leiaren i Norsk Studentorganisasjon (NSO) finn mest oppsiktsvekkjande i rapporten, er at 1 av 3 studentar opplever å ha det som i undersøkinga blir klassifisert som alvorlege psykiske plagar.

– I 2010 var dette talet 1 av 6, så det har skjedd ei ganske drastisk endring i heilt feil retning.

– Frustrert

SHoT-undersøkinga har blitt gjennomført kvart fjerde år sidan 2010. I tillegg vart det gjennomført ei ekstraundersøking i samband med koronapandemien i 2021.

– Eg må innrømme at eg blir både frustrert og lei meg av å sjå at etter 12 år med tal, så har vi ikkje klart å få ei betring, seier ein oppgitt NSO-leiar på telefon til Framtida.no.

Delen studentar som rapporterer om det som vert klassifisert som alvorlege psykiske plager er òg høgare enn hjå same aldersgruppe elles i befolkninga, ifølgje ei pressemelding frå studentsamskipnadane som står bak rapporten.

Kvinnelege studentar rapporterer i høgare grad enn mannlege studentar om psykiske plager.

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Maika Marie Godal Dam. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

Aukande forskjellar

– Vi ser aukande forskjellar mellom studentane. Majoriteten av studentane har det framleis bra, men vi ser eit større skilje til dei som ikkje har det bra, seier leiar for SHoT-undersøkinga, Kari-Jussie Lønning, i ei pressemelding.

Ho peikar på at årets undersøking viser ein svak auke i delen studentar som rapporterer god livskvalitet, samstundes som delen som rapporterer dårleg og svært dårleg livskvalitet har auka kraftig.

Kari Jussie Lønning. Foto: Unni Irmelin Kvam / SiO

På den positive sida indikerer undersøkinga at fleire studentar opplever den fysiske helsa si som betre enn under er pandemien, og eit klart fleirtal av studentane (75 prosent) er nøgde med studiestaden. 86 prosent svarar at dei har blitt tekne godt imot på studieprogrammet.

Auke i sjølvmordstankar

SHoT viser òg ein stor auke i delen studentar som svarar at dei har hatt sjølvmordstankar det siste året.

Det kjem fram at éin av fem studentar har hatt tankar om å skade seg sjølv. Også her er tala vesentleg høgare blant dei kvinnelege enn dei mannlege studentane.

NSO-leiaren synest det er vanskeleg å svare på kva som ligg bak tala.

– Det er ganske valdsame tal å ta innover seg. Igjen viser det veldig godt at vi ikkje har dei løysingane som faktisk fungerer, og i såpass kritiske tilfelle er det snakk om ganske alvorlege konsekvensar om ein ikkje snart finn løysingar på utfordringane.

Éin av fem svarar at dei har skada seg sjølv med vilje, utan intensjon om å ta sitt eige liv. Like mange svarar at dei har tenkt seriøst på å skade seg sjølv eller å ta sitt eige liv, men ikkje faktisk forsøkt å gjere det.

Fem prosent oppgir å ha forsøkt å ta sitt eige liv.

Oppmoding til politikarane

Maika Godal Dam skulle gjerne hatt ein fasit på kva som skal til for å snu trenden, men peikar på at det er eit samansett problem.

– Vi kan ikkje sjå det isolert i eit vakuum. Det er ikkje berre éi årsak, og heller ikkje éi løysing. Eg har ei klar oppmoding til helseministeren og til Ola Borten Moe (forskings- og høgare utdanningsminister, red.anm.) om at vi saman jobbar for å ikkje berre få fleire tal på situasjonen, men også nokre løysingar som fungerer.

– Bør studiestadane gjere meir?

– Eg tenker at studia og studieinstitusjonane og samskipnadane er veldig viktige aktørar her for å sikre at det er best mogeleg føresetnader og rammer for at studentane skal kunne ta vare på eiga helse, svarar ho og held fram:

– Studentane er avhengige av sosiale møteplassar, lågterskeltilbod, studentfrivilligheit og andre ting som bidreg til å byggje sosialt nettverk. At ein har menneske rundt seg er viktig for helsa.

Regjeringa set i gang tilleggsundersøking

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) fortel til VG at departementet set i gang ei tilleggsundersøking for å finne ut meir om kva som ligg bak tala i SHoT.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

Han meiner det er behov for å sjå på korleis omgrep blir brukte i undersøkinga, og peikar på at undersøkinga er basert på sjølvrapportering.

– Viss du går inn i materialet og ser på det, så er det stress, uro, og slike variablar som ligg bak overskrifta alvorlege psykiske plager. Vi er nøydde til å forstå dette betre, seier han til avisa.

Bjørneteneste

Tala på delen studentar som rapporterer om dårleg psykisk helse går litt ned samanlikna med undersøkinga frå pandemiåret.

Maika Godal Dam i NSO er oppteken av at 2021 var ein ekstraordinær situasjon, og at tala frå tilleggsundersøkinga difor skil seg frå undersøkingane både før og etter.

Ho meiner vi likevel ikkje kan sjå bort frå den langsiktige trenden som syner at den psykiske helsa til studentar blir dårlegare.

– Eg trur vi gjer oss sjølv ei stor bjørneteneste om vi ikkje tar tala på alvor og skuldar på korona. Årets tal liknar veldig på tala frå 2018, og stadfestar at det ikkje er noko nytt at det skrantar.

Fleire til tannlegen

Framtida.no spør Norsk studentorganisasjon om dei ser nokre lyspunkt i rapporten.

Etter å ha tenkt seg litt om, kjem Maika Godal Dam på noko som forundrar ho litt.

– Eg kan ikkje forklare kvifor, men det er mange fleire studentar som no går til tannlegen. Ei forklaring på det – her er mi gjetting så god som nokon andre si – er at det har vore mykje oppe til debatt. Tannhelse har vore eit viktig tema, og det er mange foreldre òg som er blitt klar over kor dyrt det er for mange studentar å ta vare på tennene.

Alvorlege psykiske plagar

I SHoT-undersøkingane er psykiske plager målt med det internasjonalt anerkjente spørjeskjemaet HSCL-25.

Psykiske lidingar er sjølvrapportert etter ei liste over dei vanlegaste psykiske lidingane.

Skalaen består av ei liste med 25 symptom eller problem, der studentane blei bedne om å gje ei vurdering av kor mykje kvart symptom var til plage eller ulempe for dei dei siste to vekene. Svaralternativa er (1) «ikkje i det heile tatt», (2) «litt», (3) «ein god del» og (4) «svært mykje».

Gjennomsnittskåren på HSCL-5/25 har auka jamt og delen studentar med det som kan karakteriserast som alvorlege psykiske plagar har auka frå nesten kvar 6. student i 2010 til over kvar 3. i 2022. Delen har gått noko ned sidan tilleggsundersøkinga i 2021.

 

SHoT

  • Studentenes helse- og trivselsundersøkelse er Noregs største studentundersøking, og tek for seg ei rekkje tema knytt til studentar si helse og trivsel.
  • Studentsamskipnadene Sammen, Sit og SiO står bak undersøkinga.
  • Undersøkinga er gjennomført av Folkehelseinstituttet.
  • Undersøkinga er gjennomført i perioden februar til april 2022.
  • Nær 60 000 norske studentar har svart på årets undersøking.
  • Blant deltakarane i årets undersøking er 66,4 % kvinner og 32,9 % menn, medan 0,7 % oppgir annan kjønnsidentitet.
  • SHoT er gjennomført kvart fjerde år sidan 2010, med ei tilleggsundersøking i 2021.