Ukraina-krigen, Taylor Swift og årets helt – 2022 samanfatta av ungdomspartia

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartileiarane kårar årets helt, årets store skuffelse og sitt håp for 2023.


Unge Høgre-leiar Ola Svenneby

 

Ola Svenneby frå Våler i Hedmark er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høyres Landsforbund

🏆 Årets helt: Det ukrainske forsvaret.

📺 Serien eg koste meg mest med: Pørni.

📽 Årets beste film: Eg såg Interstellar for første gong. Den var bra.

📖 Beste boka eg las i år: Likte boka til Jens Kihl om Liv Signe Navarsete.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Get it on, T. Rex

📰 Draumeoverskrifta mi: «Ukraina rykker fram – russarane trekker seg ut»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– Alle reisene eg har kunna gjennomføre i inn- og utland.

– Kva har skuffa deg mest?

Regjeringa.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

Sambuaren min fekk vitnemål. Det var hyggeleg.

Ola Svenneby sitt favorittminne frå i år. Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2023?

Eit fritt Ukraina! Og valsiger.


Senterungdommen-leiar Andrine Hanssen-Seppola

Andrine Hanssen-Seppola. Foto: Senterungdommen/Flickr

🏆 Årets helt: Kvinnene i Iran som kjempar for fridom.

📺 Serien eg koste meg mest med: The Rings of Power. 2022 trong Tolkien-magi.

📽 Årets beste film: Kampen om Narvik. I skrivande stund har eg ikkje sett denne, men historia bak er ei av dei viktigaste i noregshistoria. Dette var Hitlers første nederlag under 2. verdskrig, og det skjedde i Troms og Nordland. Mange gav livet sitt for Noreg den gongen i 1940, og det er ei historie som fortener mykje større plass i historiebøkene. Slaget om Narvik er nesten meir kjend i utlandet enn i Noreg, men filmar som denne håpar eg bidreg til at fleire lærer om krigen i Noreg.

📖 Beste boka eg las i år: Kvinnen i ilden av Ingeborg Arvola. Eg har nesten nådd lesemålet mitt på 35 bøker i år, men kan trygt seie at dette var årets lesing. Boka handlar om livet på Nordkalotten, ei mor som reiser frå Finland og til Bugøynes i Finnmark med sine to søner, kvener, kjærleik og harde kår. Attpåtil er ho basert på livet til forfattaren si tipp-tipp-oldemor, og skildringane er så gode at ein vert stolt kvensk nordlending og får lyst til å høyre på nordnorsk julesalme. Boka vann også årets Bragepris. Terningkast 6, om det var noko tvil.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Må bli Midnights (3am Edition) av Taylor Swift. Var jo trass alt blant hennar topp 0,5 prosent lyttarar på Spotify i år.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Senterungdommar i alle landets kommunestyre: Senterpartiet valvinnar for femte val på rad!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

Eit historisk godt statsbudsjett for barn og unge. Auke i utstyrs- og bortebuarstipend, over 400 millionar til utbygging av breiband, satsing på barn og unge si psykiske helse, auka studiestøtte og straumstipend til studentar, 850 millionar til ungdom i arbeid og ein ungdomsgaranti – lista er lang! Å engasjere seg nyttar!

– Kva har skuffa deg mest?

Er ikkje berre skuffa, men vonbroten, rasande og lei meg for at det er krig i Europa. Dei som ikkje hugsar historia, er dømde til å gjenta ho – og vi som har levd trygt i demokrati har ikkje gjort leksa vår. Eg håpar ukrainarar får fridomen og folkestyret tilbake i 2023, og så må vi bidra med det vi kan for å hjelpe.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Den veka som har gjort mest inntrykk på meg var då eg var i Israel og Palestina i mai. Det var utruleg lærerikt, og eg trur mitt favorittminne frå dette året er gjestfridomen og kor raus palestinarane i den okkuperte Vestbredden var. Dei hadde ikkje så mykje, men dei hadde stort hjarterom og trua på ei betre framtid. Og maten var heilt fantastisk.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– For 2023 passar det seg ekstra godt å ønske seg fred og rettferd. Og valsiger.


1. nestleiar i Sosialistisk Ungdom Eirin Helgesen

Eirin Miljeteig Helgesen er 1. nestleiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU

🏆 Årets helt: Alle som stod på for å stanse Wisting-oljefeltet!

📺 Serien eg koste meg mest med: Jul i Blåfjell!

📽 Årets beste film: Hannah Montana The movie?

📖 Beste boka eg las i år: Eg las Albertine av Christian Krohg på nytt i år, og den er framleis veldig bra! Eg likte òg Frøken Julie godt, men August Strindberg sitt kvinnesyn gjer meg ekstremt sint.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Avanti av Honningbarna

📰 Draumeoverskrifta mi: «Endeleg fritt Palestina! Israel stansar den 55 år lange okkupasjonen».

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– Bra folk som vil skape ei rettferdig verd.

– Kva har skuffa deg mest?

– At regjeringa ikkje har prioritert studentar.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Å sjå SU-arar gå i land på Utøya, klare for Sosialistisk sommarleir.

Eirin Helgesen sitt beste minne frå 2022. Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Eg vil ha fred. Og samtykkelov.


Unge Venstre-leiar Ane Breivik

Ane Breivik er leiar i Unge Venstre. Foto: Hanna Bakkelund/Unge Venstre

📽 Årets helt: Delt førsteplass mellom Ursula von der Leyen og Volodymyr Zelenskyj.

📺 Serien eg koste meg mest med: White Lotus.

📽 Årets beste film: Makta rår.

📖 Beste boka eg las i år: Blå av Maja Lunde.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Heile Midnights-albumet til Taylor Swift. Eigentleg alt av Taylor Swift.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Regjeringa tar ansvar.» Skjedde dessverre aldri.

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

Samhaldet mellom europeiske land i tydeleg motstand mot Russland og respekt for folkeretten.

– Kva har skuffa deg mest?

– Invasjonen av Ukraina, kanskje.

Ane Breivik sitt beste minne frå 2022. Foto. Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Frå Unge Venstre sin sommarleir, då eg heldt leiarens tale for første gong nokosinne.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– At Ukraina gjenerobrar territoriet sitt.


AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

🏆 Årets helt: AUF-arane som kvar dag står opp for å endre verda.

📺 Serien eg koste meg mest med: Norske beefer på NRK.

📽 Årets beste film: Harry Potter (alle filmane), alltid årets beste!

📖 Beste boka eg las i år: jente, kvinner, annet av Bernardine Evaristo.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Bjørn Eidsvåg og Taylor Swift.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Forskjellane har gått ned og klimakrisa er løyst!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– At vi fekk til ein historisk auke i utstyrsstipend og bortebuarstipend, og at Wisting vart avlyst.

– Kva har skuffa deg mest?

– Russland sin invasjon av Ukraina.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

Astrid Hoem sitt beste minne frå 2022 er frå den første Pride-paraden på Utøya nokosinne – under årets sommarleir. Foto. Privat

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Fritt Ukraina, Palestina og Vest-Sahara.


Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus

Alberte Tennøe Bekkhus er leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

🏆 Årets helt: Center for Civil Liberties og andre som har kjempa for fred og fridom i Ukraina, og iranske kvinner og demonstrantar.

📺 Serien eg koste meg mest med: The Office (igjen).

📽 Årets beste film: Everything Everywhere All at Once.

📖 Beste boka eg las i år: Eg trur ikkje eg har lese ferdig ei einaste bok i år. Men eg har starta på Streik av Jonas Bals som så langt er veldig bra!

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Mary on a Cross av Ghost og generelt Abba.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Krig er forbi for alltid!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

At menneske stiller opp for kvarandre. Folk har stått opp i solidaritet med Ukraina og bidrege til å ta imot flyktningar, folk har slått ring rundt det skeive miljøet, folk har demonstrert med og for iranske kvinner, og no når vi er i ei fattigdomskrise stiller folk opp og bidreg så alle kjem seg gjennom jula. Det er mykje som er gæli, men menneske er bra. <3

– Kva har skuffa deg mest?

At vi ikkje har klart å halde fleire tankar i hovudet av gongen. Vi må løyse mange problem: klimakrisa, krig og imperialisme, priskrise og høge straumprisar og så vidare. Alt for ofte har vi anten berre snakka om éin av tinga, eller så har dei vorte sette opp mot kvarandre. Det er krevjande, men vi må klare å sjå heilskapen.

Alberte Bekkhus sitt favorittminne frå 2022. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Då vi arrangerte Pride på sommarleir.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– At vi får eit meir solidarisk samfunn utan imperialisme, der ressursbruken er innanfor jordas toleevne. Om eg må velje noko meir gjennomførbart: At vi får eit overveldande raudgrønt fleirtal i valet og mange raude kommunar.


KRFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland

Hadle Rasmus Bjuland er leiar i KrFU. Foto: KrFU

🏆 Årets helt: Ales Bjaljatski (Nobels fredspris-vinnar 2022), som sit i fengsel i Belarus for sin kamp mot fridom og demokrati.

📺 Serien eg koste meg mest med: Er litt sein ute, men har sett Homeland dette året, faktisk. Den er bra.

📽 Årets beste film: 

📖 Beste boka eg las i år: Jegerånden av Eirik Kristoffersen.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: –

📰 Draumeoverskrifta mi: «KrFU-leder krever kaldt øl i kjøleskap»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– Har vore eit år som har sett ting i perspektiv – krig i Ukraina og aukande forskjellar her i Noreg har gjort meg meir medviten på kor heldig eg er.

– Kva har skuffa deg mest?

– Det irriterer meg at fleire tusen står i kø for å få hjelp med si psykiske helse. Då vert eg oppgitt av at vi no har ei regjering som kuttar, strupar og øydelegg alt som ikkje er statleg styrt i velferda vår.

Hadle Rasmus Bjuland sitt favorittminne frå 2022 er då han reiste til Israel og Palestina med dei andre ungdomspartileiarane. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

Tur til Israel og Palestina med dei andre ungdomspartileiarane er noko av det gøyaste dette året. Vi lærte mykje om heile Midtausten-konflikten, noko eg sette veldig pris på.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Rekordmange unge kommunestyrerepresentantar for KrF etter valet til hausten.


Grøn Ungdom-talsperson Margit Martinsen

Magit Martinsen er talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Privat

🏆 Årets helt: Foreningen FRI. Det er mange ein kan nemne her – Volodymyr Zelenskyj og alle som har gjort ein innsats for klimaet står sjølvsagt høgt på lista – men same år som vi opplevde vårt første målretta terroråtak mot alle skeive, held homofobien og særleg transfobien fram å auke. Innsatsen deira for å få på plass ein Pride-parade etter terroren, vareta alle råka, og stå tydeleg opp mot transfobiske stemmer er helteverdig.

📺 Serien eg koste meg mest med: Pørni! Elskar den serien. Nydeleg innblikk i trøblete og litt skada familiar,  som likevel er breiddfulle av kjærleik. Henriette Steenstrup er rå.

📽 Årets beste film: Eg må innrømme at eg er kjempedårleg på filmar! Men av dei, så likte eg Ingenting å le av skikkeleg godt!

📖 Beste boka eg las i år: Beste og nylegaste eg har lese i år er Bjørnholt VGS av Sarah Zahid! Utruleg fine og livsnære dikt.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: All den tid svaret her ikkje berre er nr. 1 på Spotify Wrapped, er det første som poppa opp i hovudet mitt Sakte film av Karpe. Det året her har gått litt i sakte film: invasjonen av Ukraina, Pakistan under vatn og ei rekkje andre klimakatastrofar, terror i Oslo. Men også masse fine augeblikk mellom slaga.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Noreg når klimamåla, og stoppar å leite etter meir olje». For klimaet, naturen og kvarandre.

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– At riksadvokaten har bede politiet slutte å straffe rusbrukarar.

– Kva har skuffa deg mest?

– At Støre har brote absolutt alle klimaløfte.

Margit Martinsen sitt favorittminne frå 2022 er når søskena hennar kjem på besøk til ho i Oslo. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Eg har jo opplevd så mykje fint i år! Men her er eit bilete frå då søskena mine besøkte meg i Oslo. Eg saknar dei mykje etter at eg flytta, sidan dei framleis bur i Solør, Hedmark. Så det er skikkeleg fint når dei kjem på besøk!

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– At vi når klimamåla. Og at vi innfører ein ordentleg rusreform. Gjerne eit betre samarbeid med EU og ein mykje sterkare sosialpolitikk. Alt i alt vil eg helst ha ei ny regjering.


Madelen Ljosland (28) har fått mange positive reaksjonar etter ho inviterte ein ekstra til nyttår, men har framleis ledig plass. Foto: Privat