Vekas viktigaste: Skattelister, statskupp og diskriminering

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysk politi arresterte personar som planla statskupp

"Prins" Heinrich XIII Reuss blir arrestert av tysk politi.

Ein av frontfigurane til Reichbürger-rørsla, «Prins» Heinrich XIII Reuss, vart arrestert av tysk politi 7. desember i Frankfurt. Foto: Boris Roessler/dpa via AP, NTB

Rundt 50 personar er mistenkte for å ha planlagt statskupp i Tyskland, og 25 vart arresterte av tysk politi på onsdag.

Dei mistenkte tilhøyrer den høgreekstreme Reichsbürg-rørsla som meiner at Tyskland ikkje er ein legitim stat. Politiet meiner at rundt 20 000 personar er knytt til rørsla.

Nokre av dei mistenkte inkluderer tidlegare medlem i den tyske nasjonalforsamlinga, personar med adeleg opphav og tidlegare elitesoldatar.

Over 3000 politibetjentar søkte gjennom over 130 bustader i minst 11 tyske delstatar i løpet av aksjonen.


Dei norske skattelistene for 2021 er tilgjengeleg

Kronestykke

Foto: Norges Bank/Nils S. Aasheim

Kvart år kan ein søke gjennom kor mykje folk i Noreg tente og kor stor formue dei hadde i fjoråret.

Lista for 2021 viser blant anna at:

  • Laksearvingen Gustav Witzøe (29) er den rikaste personen i Noreg, med rundt 7,65 milliardar kroner i formue.
  • Witzøe betalte over 550 millionar kroner i skatt i fjor.
  • Dei 20 rikaste nordmennene har ein samla formue på rundt 41 milliardar kroner.
  • Dei rundt 30 rike personane som i år har meldt at dei skal flytte til utlandet, skatta 523 millionar i skatt.

Skattelistene viser ikkje alltid heile biletet av kor mykje ein person tener, eller kor stor formue ein person har. Ifølgje Kapital er det til dømes John Fredriksen som er Noregs rikaste mann, med ei formue på 124 milliardar kroner.


Indonesia forbyr sex utanfor ekteskap

Det raude og kvite indonesiske flagget

Indonesia forbyr sex utanfor ekteskap. Foto: Nick Agus Arya via Unsplash

I ei ny indonesisk lov blir det blant anna ulovleg å ha sex utanfor ekteskap, fornærme presidenten, og ytre ting som ikkje er i tråd med statens ideologi.

Lova vart vedteken tysdag, og gjeld for alle i landet, inkludert turistar. Personar som har sex utanfor ekteskap risikerer no eit år i fengsel.

Både turistindustrien og menneskerettsorganisasjonar har kritisert den nye lovgivinga. Fleire seier det spesielt kjem til å påverke dei som er utsette for seksuelle overgrep.

Indonesia er eitt av dei største landa i verda der majoriteten av innbyggjarar er muslimar, og dei siste åra har det blitt fleire konservative lover i tråd med islam.


Ein tredjedel av nordmenn ynskjer ikkje sosial kontakt med romar

Ein av tre

Ein av tre nordmenn ville ikkje likt å ha ein romar som nabo eller i venekrinsen sin. Illustrasjon av Framtida med Canva.

Denne veka kom Holocaustsenteret med ein rapport som kartlegg haldningar mot jødar og muslimar i Noreg. Rapporten viser at talet på negative haldningar mot jødar og muslimar har gått ned dei siste åra.

Svært få, til saman 3,9 prosent, er negative til sosial kontakt med jødar. Dette er ein nedgang frå 5,9 prosent i 2017.

Rundt 30,7 prosent av folk har fordommar mot muslimar, ein nedgang frå 34,1 prosent i 2017.

Sjølv om romar ikkje var hovudfokuset i rapporten kjem dei likevel svært dårleg ut. Rundt 32 prosent av nordmenn ynskjer ikkje sosial kontakt med romar, noko som stemmer med tidlegare undersøkingar frå Holocaustsenteret. Romar er ein av dei nasjonale minoritetane i Noreg.


Presidenten i Peru forsøkte å gjennomføre statskupp

Pedro Castillo 2. desember 2022. Foto: Presidencia Perú, CC BY 2.0, via Flickr

Kongressen i Peru avsette president Pedro Castillo etter han erklærte unntakstilstand og ville løyse opp nasjonalforsamlinga. Han informerte om dette i ein tale til nasjonen, der han også sa at ein ny kongress vil jobbe med å lage ei ny grunnlov.

Presidenten gjorde dette same dag som kongressen skulle setje i gang arbeidet med å stemne han for riksrett på grunn av korrupsjonsklager. Castillo lukkast ikkje med å gjennomføre statskupp, og etter eit ekstraordinært møte fekk kongressen avsett presidenten.

No har Peru fått sin fyrste kvinnelege president, Dina Boluarte, som var visepresident i Castillo si regjering.


✨Vekas lyspunkt✨: Hasnain Asghar vann Frivillighetsprisen

Hasnain Asghar fekk Frivillighetsprisen 2022 for sitt arbeid i Lif laga. Foto: Frivillighet Norge

Frivillighetsprisen hadde utdeling på måndag, og Hasnain Asghar vann for det engasjementet han har hatt i bydel Stovner i Oslo dei siste fire åra.

Han er blant anna engasjert i organisasjonen Líf laga der ungdom kan plukke eple i private hagar og lage eplemost. Organisasjonen står bak at nær tusen epletre er planta i Oslo.


Hugsar du kva som skjedde førre veke?

  • Les også:

Vekas viktigaste: Demonstrasjonar i Kina, statsrådboikott og historisk VM-kamp