«Kom kompisen din med ein jødevits? Ikkje le, sei han heller i mot»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Eg bestemmer meg for å sjå Dagsrevyen, både for å få litt oversikt over kva som skjer i nyheitsbildet, men også i håp om å bli positivt overraska av verda, noko som ikkje skjer så ofte lenger.

Ei av hovudsakene handlar om haldningar til jødar og muslimar i Noreg. Eg vart sittande og måpe av tala som vart lagt fram.

Antisemittiske og muslimfiendtlege haldningar

Nyheitsinnslaget handla om den nye rapporten til Senteret for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret). Her har dei kartlagt antisemittiske og muslimfiendtlege haldningar blant den norske befolkninga.

At dette finst i Noreg overraskar meg ikkje, men at det var så utbreidd vart eit sjokk.

Eg har hatt det eg forstår no er eit naivt bilete på mangfalds-Noreg, og korleis befolkninga oppfattar dette mangfaldet.

I mitt hovud, fram til tidlegare denne veka, så er det stort sett berre nettroll som har hatefulle, fiendtlege og fordomsfulle haldningar mot religiøse grupper. Men 1 av 3 i Noreg er vel ikkje nettroll?

Atta Mohammed og Ervin Kohn snakkar om rapporten med NRK. Mohammed fortel at 33 % av befolkninga er einig i påstanden «Muslimar passar ikkje inn i eit moderne vestleg samfunn». Og Kohn fortel at 10 % av befolkninga meiner vald mot jødar kan forsvarast.

Eg vert heilt sett ut. Kva faen var det dei sa no? Eg skundar meg å søke opp rapporten for å lese meir.

Befolkninga sine haldningar til muslimar

  • 26 % meiner at muslimar er meir valdelege enn andre.
  • 10 % meiner at vald mot muslimar kan forsvarast.
  • 44 % meiner at skulda for aukande muslimhets ligg hos muslimane sjølve.
  • 33 % meiner at muslimar utgjer ein trussel mot norsk kultur.

Befolkninga sine haldningar til jødar

  • 14 % meiner at jødar jobbar i det skjulte for å fremje jødiske interesser.
  • 14 % meiner at jødar har altfor stor innflytelse på den globale økonomien.
  • 8 % meiner at jødane sjølv har mykje av skulda for at dei har vorte forfylgt.

Fy faen kor ekkelt. Kven er desse folka? Korleis er det mogleg å ha slike haldningar i dagens Noreg?

Like stor rett til eit godt liv i tryggleik

Om det skulle vere uklart for nokon, noko som det tydelegvis er, så er ein kristen, ein jøde, ein muslim, ein sikh, ein buddhist, ein hindu, og ein livssynshumanist like mykje verd.

Uavhengig om ein trur på éin, eller mange, eller ingen gudar, har ein like stor rett til eit godt liv i tryggleik.

Kor norsk ein er, kva enn dette ordet betyr, og i kor stor del ein bidreg positivt i det norske samfunn har INGENTING med kva for eit religiøst syn ein har.

Ta folk sine ytringar på alvor

Det er skummelt å tenke på at det er så mange som har desse hatefulle meiningane, og eg håpar at tala søkk fort.

Akkurat korleis vi skal få til dette veit eg ikkje, men eg tenkjer ein god stad å starte er å ta folk sine ytringar, anten ansikt til ansikt, eller i kommentarfelta, på alvor. Det er ikkje greitt å spreie hat online eller offline, og dette burde få konsekvensar.

Kom kompisen din med ein jødevits? Ikkje le, sei han heller i mot.

Kom venninna di med ein uvitande og upassande kommentar om muslimar? Ikkje ignorer det for å bevare den gode stemninga, men ta tak i det.

Kunnskap er ein nøkkelfaktor

Skulane og media har òg eit stor ansvar her. Kunnskap er ein nøkkelfaktor for å få bukt med framandfrykt.

Kanskje hadde det vore ein idé å ta vekk K-en i KRLE, slik det også kjem fram i fordelinga av pensum at alle religionar er like mykje verd? Og at ein faktisk får tid til å gå igjennom alle religionane like nøye?

Og media kan kanskje jobbe meir med framstillingane sine når det kjem til ulike religionar. Om ein skal ta med at «gjerningsmannen var muslim», må ein også ta med den religiøse tilhøyra når den er ein annan enn islam.

Vi har alle eit ansvar i å kjempe i mot desse uvelkomne haldningane, som vi allereie burde ha fått bukt på. Og vi må starte med det same, for dette er ikkje greitt.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også innlegget: «Det beste staten kan gjere for å hindre vald i klimaet sitt namn er å lytte til den ikkje-valdelege klimarørsla»

Cornelia Reichmann (23) fotografert under ein aksjon mot statoil sitt forskingssenter på Rotvoll i Trondheim. Foto: stoppoljeletinga.no