Indonesia må flytte hovudstaden sin

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert på Framtida Junior. Der kan du også lesa om at artist Aurora plantar eit tre kvar gong nokon kjøper ei plate

Parlamentet i Indonesia har valt å ta problemet med at hovudstaden deira søkk, i eigne hender.

No har dei derfor vedteke ei lov som seier at hovudstaden skal flyttast til eit område som ligg 1300 kilometer vekk frå der den ligg i dag. Det skriv BBC.

Under vatn innan 2050

Hovudstaden Jakarta er bygd på eit sumpete underlag på ein av dei 17.000 øyane i det øyrike landet. Øya som heiter Java, er overfyld med både folk og bygningar, og søkk raskt.

Faktisk er det slik at halve byen allereie ligg under havoverflata.

Forskarar har uttalt at dei trur at store deler av byen kan vera under vatn innan år 2050, i og med at byen i løpet av dei 10 siste åra har sokke med opp til fire meter enkelte stader. I gjennomsnitt søkker byen 1-15 cm i året.

Derfor byrjar det å hasta å få flytta dei 10 millionar innbyggjarane som bur der i dag.

Frå Jakarta til Nusantara

Og kvar skal dei flytta, lurer du på?

Parlamentet har bestemt at innbyggjarane må pakka sekken og flytta til den nybygde byen som har fått namnet Nusantara.

Den blir bygd på øya Borneo, som i dag er mest kjend for å ha ein frodig jungel og ein rik orangutangbestand.

Slik ser deler av Jakarta ut i dag. Illustrasjonsfoto: Pixabay

Dette er det ikkje alle som er særleg klare for.

Mellom anna har kritikarar hevda at bygginga av den nye byen vil gå ut over det mangfaldige dyre- og plantelivet som finst på Borneo.

I tillegg er det nokre som er bekymra for at det nye namnet kan bli forvirrande. Grunnen er at Nusantara er eit gammalt javanesisk ord som ofte blir brukt for å referera til heile landet – altså heile Indonesia, og ikkje berre hovudstaden.

Det er førespegla at flyttinga vil kosta om lag 23,8 milliardar pund. Det gjer det til eit av dei største prosjekta som den indonesiske regjeringa nokon gong har vore med på.

Visste du? Fem andre land har også flytta hovudstaden sin tidlegare: Russland, Nigeria, Pakistan, Brasil og Myanmar.