Hasnain (19) vann Frivillighetsprisen: – Ei leiestjerne

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Frivilligheit er som ein nøkkelverdi, det opnar veldig mange dører. For frivilligheit kan få deg ut av det negative, og få deg inn i det positive. Det kan få deg til å tenke: ja, eg gjer noko godt for samfunnet.

Det sa 19 år gamle Hasnain Asghar, då han vart presentert som ein av finalistane til årets Frivillighetspris.

Han peika på at ein som frivillig vert kjent med nærmiljøet sitt og samfunnet rundt seg, og skapar eit nettverk.

– Er du ein person som startar frivillig, tru meg så vil du kome langt, sa Asghar.

Måndag fekk han Frivillighetsprisen 2022. I år var det kome rekordmange nominasjonar, heile 504 til saman.

– Ei leiestjerne

I grunngjevinga skriv juryen at Hasnain Asghar har bidrege mykje som frivillig i bydel Stovner dei siste fire åra.

Han er mellom anna engasjert i Líf laga. Det er eit prosjekt der ungdom i Stovner får plukke eple i private hagar som dei seinare lagar eplemost av. Trevaktarane i Líf laga har dei siste åra planta nær tusen epletre i Oslo.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) delte ut heidersprisen.

– Trass sin unge alder, har vinnaren vorte ei leiestjerne, og vi håpar og trur at stjerna vil skine i mange år til, sa kulturministeren.

Hasnain Asghar fekk Frivillighetsprisen 2022 frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Frivillighet Norge

Ho rosa Asghar for å vere eit føredøme og ein motivator som dreg med seg nye folk inn i frivilligheita – på tvers av generasjonar og kulturar.

– Det er heilt ubeskriveleg. Det er ikkje mogeleg å skildre kor takksam eg er for å stå her, sa Hasnain Asghar frå scena.

19-åringen får 50 000 kroner i premiepengar, som han kan bruke til å fremje sakene han arbeider for.

Prisdryss

Prisutdelinga gjekk føre seg på Sentralen i Oslo. Til stades var fleire ministrar og kronprins Haakon.

Tre andre prisar vart òg delte ut. Hunter Bjerkeli (20) fekk årets nykommar i det frivillige for å ha starta opp møteplassen «Skeiv Kafe» i Flekkefjord.

Nordlandskommunen Sømna på Helgeland vart årets frivilligkommune, medan Helseprisen gjekk til prosjektet «Tegnspråkelig vernepleieutdanning». Prosjektet jobbar med å senke arbeidsløysa blant døve som i dag blir estimerte å vere på rundt 50 prosent.


Illustrasjonsfoto: Daria Nepriakhina ?? on Unsplash
Kollasj: Framtida.no