Laks, skipsfart, klede og mat: Dette er dei rikaste under 30 år

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  1. Gustav Magnar Witzøe (29) 🐟

Fødd 1993. Skattar til Frøya kommune.

https://datawrapper.dwcdn.net/sNp0w/5/

Gustav Witzøe (29) si inntekt i 2021 var på 1,2 milliardar kroner, og med ein formue på 19,7 milliardar kroner, er han både den med høgast inntekt og formue i Noreg, ikkje berre blant dei under 30 år.

Den skattbare inntekta er 212 millionar kroner meir enn året før og den tredje høgaste i Noreg – noko sinne. I 2019 var formuen på 20,9 milliardar kroner og han toppa lista også då.

Han er arving til lakseselskapet SalMar som faren stifta i 1991. I fjor kunne Witzøe jr. ta ut eit utbytte på 1,25 milliardar kroner takk vera aksjane sine.

Witzøe jr. jobbar også som modell.

2. Alexandra Gamlemshaug Andresen (26) 📈

Fødd 1996. Skattar til Moss kommune.

https://datawrapper.dwcdn.net/K6Qy6/1/

Alexandra Andersen er også arving etter far sin Johan H. Andersen og har fekk i 2007 42 prosent av verdiane i selskapet Ferd. Han er femte generasjon eigar og leiar av familiebedrifta som starta som J. L. Tiedemanns Tobaksfabrik, men som i dag heiter Ferd og er eit industri- og investeringsselskap.

I fjor var formuen til Alexandra 4,9 milliardar kroner og inntekta 482 millionar kroner. På dette skatta ho 195 millionar kroner. Ho er på sjette plass over alle i Noreg, uavhengig av alder, på formue.

Ho vart verdas yngste milliardær då ho var 19 år i 2016, og heldt denne tittelen på Forbes si liste i tre år. Ho står også oppført som innehavar av hestesenteret Evje Gård.

3. Katharina G. Andresen (27) 📈

Fødd 1995. Skattar til Oslo kommune.

https://datawrapper.dwcdn.net/YhxDr/1/

Søstera Katharina G. Andresen har fekk også 42 prosent av verdiane i selskapet Ferd i 2007, og har ein formue på 4,9 milliardar kroner. I fjor hadde ho ei inntekt på 239 millionar kroner. Skatten vart 117 millionar kroner.

Ho er på sjuande plass over alle i Noreg på formueslista, uavhengig av alder.

4. Karl Edvard Johannson (26) 🛒

Fødd 1996. Skattar til Oslo kommune.

Karl Edvard Johannson er ein av tre søner av Johan Johannson (som er den femte rikaste i landet). Han står oppført som styremedlem i investeringsselskapet Kejoh Invest AS.

I fjor hadde han ei inntekt på 0 kroner, men ein formue på 2,2 milliardar kroner og skatta 19,2 millionar kroner.

I 2003 vart Johan han kåra til verdas 12. rikaste person under 40 år av Forbes. Så gav han store delar av aksjane sine til barna. Dimed er senior og tre sønene er dei største aksjonærane i NorgesGruppen, med om lag 65 prosent av aksjane.

Norges Gruppen kontrollerer rundt ein 44 prosent av daglegvaremarknaden i Noreg, og eig butikkjedene Kiwi, Meny, Spar, Joker og Nærbutikken.

5. Finn Hartvig Johannson (28) 🛒

Fødd 1994. Skattar til Oslo kommune.

Bror til Karl Edvard og son av Johan Johannson. Han er også ein av dei største aksjonærane i NorgesGruppen. Han står også oppført som styremedlem i investeringsselskapet Fhj Invest AS.

I fjor hadde han ei inntekt på 514.000 kroner, men ein formue på 2,2 milliardar kroner og skatta 19,4 millionar kroner.

6. Peder Oskar Johannson (23) 🛒

Fødd 1999. Skattar til Oslo kommune.

Bror til Karl Edvard og Finn Hartvig, og son av Johan Johannson. Han er også ein av dei største aksjonærane i NorgesGruppen. Han står også oppført som styremedlem i investeringsselskapet Poj Invest AS.

I fjor hadde han ei inntekt på 263 kroner, men ein formue på 2,2 milliardar kroner og skatta 19,2 millionar kroner.

7. Knut Fredrik Natvig Aspelin (29) 🏠

Fødd 1993. Skattar til Oslo kommune.

Son av Knut Gustaf Aspelin som er medeigar og styreleiar i eigedomsselskapet Aspelin Ramm. Natvig Aspelin er også registrert som styremedlem i fleire investeringsselskap.

Han hadde ei inntekt på 13 millionar i fjor, ein formue på 1,2 milliardar kroner og betalte 14,2 millionar i skatt.

8. Christian Ringnes jr. (30) 🏠

Fødd 1992. Skattar til Oslo kommune.

Han er son til Christian Ringnes, og utvikla appen Sporty i 2014. Han er også aksjeeigar og styremedlem i fleire selskap.

I fjor hadde han ei inntekt på 64 millionar kroner, ein formue på 747,7 millionar kroner og betalte 26 millionar i skatt.

Ringnes senior er sjølv arving, forretningsmann og eigedomsinvestor. Han er deleigar og dagleg leiar i Eiendomsspar og Victoria Eiendom.

9. Mathias Varner (23) 🛍️

Fødd 1999. Skattar til Bergen kommune.

Mathias Varner er son til Marius Varner som er administrerande direktør i det familieeigde kleskonsernet Varner-Gruppen.

Varner-Gruppen omfattar motekjedene BikBok, Carlings, Cubus, Dressmann, Dressmann XL, Junkyard, Volt, Urban, Vivikes, Wearhouse, SOLO, A-Z og Levi’s Store. Kleskonsernet har i alt om lag 1200 butikkar.

Mathias Varner hadde i 2021 ei skattbar inntekt på 35 millionar kroner, ein formue på 684  millionar kroner og betalte 16,9 millionar i skatt.

Han eig også investeringsselskapet Matvar Invest AS.

10. Henrik Varner (26) 🛍️

Fødd 1996. Skattar til Oslo kommune.

Henrik Varner er bror til Mathias og son til Marius Varner som er administrerande direktør i det familieeigde kleskonsernet Varner-Gruppen.

I fjor tente Henrik Varner 35 millionar kroner, hadde ein formue på 663 millionar kroner og skatta 16,7 millionar kroner.

Han eig også investeringsselskapet Henvar Invest AS.

Brørne Petter, Marius og Joakim Varner står saman bak VarnerGruppen og er sjølv arvingar. Deira barn utgjer også 11., 12. og 13.-plass på lista med: Alexander (1996) og Julie (1993) på 11. og 12.-plass (barna til Petter), og Oskar Varner (2001) på 13.-plass (sonen til Joakim).


Les også: Tømmerhoggar, innsidehandel og verdas rikaste mann: 10 interessante fakta om Elon Musk

Elon Musk tenker på twitter, rakettar til Mars og stonks

Kollasj av framtida med Canva. Foto: The Royal Society, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons, Twitter

Dette viser skattelistene:

Inntekta: Summen av dei skattepliktige inntektene, minus frådrag som minstefrådrag, renteutgifter, tap på aksjar og andre frådragsberettiga utgifter.

Formue: Den skattemessige verdien av det personen eig, minus gjeld. Talet er som regel lågare enn den reelle formuen, mellom anna fordi bustaden ein eig og bur blir verdisett til berre 25 prosent av marknadsverdien.

Skattetal: Viser kor mykje ein har betalt i skatt i året som gjekk.