Kongressen i Peru avset presidenten etter forsøkt statskupp

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går hadde dåverande president av Peru, Pedro Castillo, ei tale til nasjonen der han erklærte unntakstilstand.

Pedro Castillo var president i Peru frå 2021 til han forsøkte statskupp 7. desember 2022. Foto: Galería del Ministerio de Defensa del Perú, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Han sa at han kom til å erstatte nasjonalforsamlinga med ei ny nødregjering som skulle lage ei ny grunnlov.

Nasjonalforsamlinga er styrt av den politiske opposisjonen til Castillo, og planla å starte arbeidet med å stemne han for riksrett før presidenten kom med tala si. Presidenten har hatt fleire korrupsjonsskuldingar mot seg, som han sjølv seier er falske.

Nasjonalforsamlinga gjennomførte eit ekstraordinært møte for å få fortgang i saka.

Dei stemna han for riksrett og i går vart Castillo arrestert for å forsøke statskupp.

Fyrste kvinnelege president

Dina Boluarte vart valt inn som fyrste kvinnelege peruanske president same dag som Castillo forsøkte eit statskupp. Foto: World Intellectual Property Organization, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Det er Dina Boluarte som no er valt inn som den fyrste kvinnelege presidenten landet nokon gong har hatt. Fram til i går var ho visepresident, og ein del av Castillo si regjering.

Castillo vart valt og danna regjering 2021 som presidentkandidat for Perú Libre eller Fritt Peru, eit marxistisk parti.

Sjølv om han frå 2022 er uavhengig frå noko parti, har han vore ideologisk på venstresida i peruansk politikk. Nasjonalforsamlinga har derimot eit fleirtal med representantar frå parti på høgresida.

Peru har hatt mange forskjellige statsleiarar dei siste åra. I 2020 hadde dei tre forskjellige presidentar i løpet av fem dagar. Dette hadde også med ein konflikt mellom presidenten si regjering og ei nasjonalforsamling som også då var styrt av opposisjonsparti.


Det har også storma rundt valet til president i Brasil.