Kort forklart: Må eg vere med på skulegudsteneste?

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det korte svaret er: Nei, du treng ikkje vere med på ei skulegudsteneste.

Grunnskulen i Noreg har kristne røter, og religionen var ein gong ein stor del av undervisninga, men i dag har du rett på skulegang utan forkynning.

Det vil seie at du skal sleppe at ein vaksen preikar om at ein religion er den rette i skuletida.

Likevel er det mange skular som held fast ved julegudsteneste. For at dette skal vere greitt, må skulane følgje ei rettleiing frå Utdanningsdirektoratet.

Nedanfor finn du fire punkt som du kan bruke for å sjekke om skulen din følgjer reglane når det kjem til skulegudsteneste.

(Merk: dette gjeld offentlege skular. Religiøse privatskular treng ikkje å følgje rettleiinga frå Utdanningsdirektoratet.)


Skulegudsteneste er ikkje obligatorisk

Ei gudsteneste er religionsutøving og forkynning. Det kan du be om fritak frå.

Dersom du er under 15 år, er det dei føresette som må gjere dette.

Er du over 15 år, kan du sjølv bestemme om du vil vere med eller ikkje.

Fritak frå religionsutøving står i ein av paragrafane i opplæringslova.


Elevar som ikkje deltek skal få eit likeverdig tilbod

Illustrasjon via Canva: Åshild Slåen

Dersom du ikkje deltek på gudstenesta har du likevel rett på eit skikkeleg tilbod frå skulen.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet skal det vere eit opplegg der du kan lære om kultur og tradisjonar i Noreg.

Kva nøyaktig som skjer i opplegget er opp til lærarane dine. Det kan vere song, lesing, lysfest, temadag eller andre passande aktivitetar.

Med andre ord: det skal ikkje vere eit opplegg der du puggar matte eller grammatikk i siste liten før ferien din.


Opplegget er ikkje ein del av KRLE

Illustrasjon via Canva: Åshild Slåen

Fritak frå skulegudsteneste tyder også fritak frå førebuing til ei skulegudsteneste. Dersom nokon treng å øve på juleevangeliet før gudstenesta, skal ikkje dette skje i undervisningstida i til dømes KRLE.

Sjølv om KRLE er eit fag der du lærar om forskjellige religionar, er det eit fag med kompetansemål i læreplanen. Dersom skulen brukar av dette faget til førebuing på julegudsteneste, ekskluderer dei elevar frå den obligatorisk opplæringa.

Det er ikkje lov.

På same måte skal ikkje det alternative opplegget vere ein del av KRLE, eller anna obligatorisk undervisning, sidan dei som er på gudsteneste då går glipp av dette opplegget.


Gudsteneste skal ikkje vere det siste elevane gjer før ferie

Dei fleste skular har eit felles arrangement der alle elevar er med før dei tek ferie.

Slike arrangement skal vere samlande, og skal difor ikkje vere ei gudsteneste eller anna religionsutøving.

Ein enkel måte å løyse dette for skulen, er å ikkje leggje ei skulegudsteneste til siste skuledag.

Då kan du ha ei avslutning på siste dagen der du får vere saman med alle skulekameratane dine.

Får du velje om du skal vere med på gudsteneste med skulen din?

Får du velje om du skal vere med på gudsteneste med skulen din?

Ja, alle vel sjølv kva dei gjer0
Nei, det er obligatorisk0
Nei, foreldra mine bestemmer for meg0
Eg veit ikkje0
Svar totalt: 0

I haust var det debatt om religionsutøving på ein skule i Balestrand.

Kva er religionsutøving?

Religionsutøving er dei personlege tinga du gjer for å markere at du høyrer til og trur på ein religion. Det kan vere alt frå at du ber, har på deg religiøse plagg eller smykke, eller feirar høgtidar som høyrer til religionen din.

Som elev har du rett til å utøve din religion, innanfor visse rammar, i skulen.

Skulen kan derimot ikkje tvinge deg til noko type religionsutøving.

Rettleiinga til Utdanningsdirektoratet tek utgangspunkt i opplæringslova §2-3a. Der står det at:

«Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.»

Les heile opplæringslova her.