Andaktsforbod på skulen: «Det er umogleg å ha ein livssynsnøytral skule»

Marta Rydland Kjelby
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På Sagatun skule i Sogndal kommune får ikkje lenger nokre kristne ungdomar halde
Lagsmøte på skulen sin eigedom.

Først var det snakk om i klasserom, men etter at Laget hadde samla inn pengar til ein lavvo, kom beskjeden om at det gjeld på heile skulen sin eigedom. Kommunen sin administrasjon grunngjev dette med at skulen skal vere ein livssynsnøytral arena, utan religiøse og ekskluderande samlingar.

Alle har ei form for livssyn. Nokre trur på ein gud, nokre på menneske, nokre på naturen og andre på heilt andre ting.

Kva livssyn ein har påverkar avgjerslene ein tek. Livssynet verkar inn på verdigrunnlaget, kven ein brukar tid saman med og korleis ein vel å leve livet. Det er noko ein ber med seg kvar enn ein går. Det er difor umogleg å ha ein livssynsnøytral skule, noko heller ikkje læreplanen legg opp til.

Alle skal ha rett til å utøve trua si

KrFU er tydelege på at me ynsker eit livssynsopent samfunn, noko som då òg inneber ein livssynsopen skule. Det skal vere lov å tru på det ein vil tru på, og alle skal ha moglegheita til å kunne gjennomføre dette i praksis.

Skulen skal vere ein inkluderande og trygg stad for barn og unge. Dersom ein nektar nokon å ha fellesskap med andre med same livssyn, vil det vere det same som å ekskludere desse. Det sender ut signal om at det ikkje er greitt eller lov å utøve den trua ein har.

Me meiner at alle skal ha rett til å utøve trua si, om du er kristen, muslim, humanetikar osv. Det spelar inga rolle, du har ein plass på skulen og ein plass i samfunnet. Du skal få lov til å kunne bruke skulen til å ha møte når det ikkje påverkar noko av undervisinga, utan å måtte vere redd for å verte kasta ut i kulda.

Når både ein biskop og Human-Etisk Forbund går ut i media og er einige om noko, så seier det sitt.

La skulen vere ein plass som inkluderer, respekterer, og oppmuntrar elevane til å vere den dei er og dyrke sine interesser.

Dersom kristne møte er ekskluderande fordi ikkje alle er kristne, må ein seie det same om fotball og volleyball-speling i friminutta der ikkje alle har moglegheit eller interesse av å delta. Forskjellen er at trua er noko ein ikkje berre kan legge frå seg.

Eg forventar at Sogndal kommune kjem med ei unnskyldning til Laget på Sagatun, og på nytt let dei ta i bruk klasserommet til lagsmøta i lunsjen.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Anna Riksaasen skriv om å vere skeiv på Kyrkjemøtet. Foto: Privat