Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva veit vi?

Tysdag kveld meldte Polen at eit eller to missil trefte landsbyen Przewodów, som ligg nær den polske grensa til Ukraina. To personar vart drepne i eksplosjonen.

Først meldte fleire medium at missilane kunne vere russiske rakettar. Situasjonen er ikkje avklart, men fleire trur missila kom frå Ukraina, som skaut dei inn i Polen ved eit uhell.

Etter eksplosjonen kalla Polen inn til krisemøte i forsvarsalliansen NATO, som dei sjølv er ein del av.

Kvifor er dette viktig?

NATO er ein allianse mellom 30 forskjellige land, og Polen er ein del av denne alliansen. Eit åtak på eit Nato-land blir rekna som eit åtak på alle landa i alliansen.

Om Russland med vilje hadde gått til åtak på Polen, kunne det betydd krig for alle Nato-land, inkludert Noreg.

Sidan det ser ut som at Russland truleg ikkje står bak åtaket, og det i tillegg truleg ikkje var med vilje, treng ikkje NATO-landa å gå til krig med eit anna land.

Kva skjer vidare?

Mykje er framleis uavklart rundt situasjonen. Etter møtet i NATO har fleire land, inkludert Tyskland og Kina, bedt om at folk er rolege, og at ein ikkje trekker konklusjonar før saka er etterforska skikkeleg.

Både NATO og G7-landa har lova å støtte etterforskinga i Polen. G7 er eit samarbeid mellom Canada, USA, Frankrike, Storbritannia, Tyskland, Italia og Japan.

Polen har heller ikkje utløyst paragraf 4 i NATO-traktaten, som gir dei rett til å rådføre seg med andre Nato-land når dei føler at landet er truga.

Det tyder truleg at ingen av NATO-landa vil gjere noko meir i denne konflikten før etterforskinga er fullført.


Tidlegare i år var det også spørsmål rundt om fleire land ville bli dratt inn i krigen mellom Russland og Ukraina.

Gassboblar blir til ein kvit ring med skum i Østersjøen.

Foto: Danske forsvaret / NTB