Donald Trump vil vere presidentkandidat i 2024

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På fire korte år hadde alle det bra. Alle blomstra som aldri før. No er vi eit land der det går nedover.

Det sa Donald Trump då han annonserte at han vil bli president på nytt i USA.

Trump har lagt opp til presidentkandidatur ei stund no. Han promoterte over 300 kandidatar i mellomvalet til Kongressen. Sjølv om færre av desse vann enn venta, var det ein klar beskjed frå den tidlegare presidenten om at han involverer seg meir i politikk.

Presidentvalet i USA er ikkje før i 2024, men kandidatar seier vanlegvis frå i god tid på førehand.

Dersom dei skal representere Det republikanske eller Det demokratiske partiet må dei også først veljast som kandidat for det partiet. Donald Trump stiller for Det republikanske partiet, på same måte som han gjorde i 2016 og 2020.

Konkurranse

Den andre store republikanske kandidaten er Ron DeSantis, guvernøren av delstaten Florida.

DeSantis er ein av politikarane bak Don’t say gay-lovforslaget, eit forbod som gjorde at lærarar i delstaten ikkje kunne prate om seksualitet i klasserommet.

Foreløpig gjer han det betre på meiningsmålingar i Florida enn Donald Trump.


Amerikanarane har valt nye folk til nasjonalforsamlinga. Foto: Janine Robinson on Unsplash