Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «For deg tusen ganger» er ei linje eg aldri gløymer, fortel Sumaya Jirde Ali på e-post til Framtida.no.

Drageløperen av Khaled Hosseini gjorde nemleg sterkt inntrykk på bodøværingen som tenåring.

– Eg har døypt katten min Hassan, som ein slags tribute til Hosseini sin karakter Hassan.

Sumaya Jirde Ali debuterte som forfattar i 2017 med diktsamlinga Kvinner som hater menn, og er no aktuell med si fjerde bok, Når jeg ser havet, slokner lyset. Der følgjer ho den fiktive flyktningen Samira, frå den farefulle ferda til havs til ho finn hamn i Bodø.

Samstundes har Jirde Ali vore ei markant og prisløna stemme i samfunnsdebatten. Då ho fekk Ytringsfrihetsprisen 2018 av Forfattarforeningen sa grunngjevinga at ho på svært kort tid har «etablert seg som ei av dei viktigaste stemmene i sin generasjon».

Vi har spurt forfattaren kva bøker ho har i bokhylla si:

Kva ligg på nattbordet ditt?

Eit glas med vatn, nokre gongar p-piller og ei bok.

Dette er bøkene som fekk Sumaya Jirde Ali til å grine, le, verte sint og tenkje. Kollasj: Framtid.a.no

Kva bøker les du helst?

Litt av kvart! Som poet les eg sjølvsagt ein god del poesi. Romanar. Nokre gongar noveller, men då er eg som regel interessert i forfattaren. Synest noveller er vanskelege, ettersom eg føretrekker lange historier. Eg er veldig imponert av folk som skriv noveller.

Elskar krim, det er favorittsjangeren. Veldig stolt av at Stefan Ahnhem er på same forlag som meg (!!!). Også veldig, veldig glad i historisk fiksjon.

Svenske Stefan Ahnhem har arbeidd som manusforfattar for film og tv i over 20 år, og debuterte med si første bok i 2014.
Foto: Thron Ullberg/Aschehoug. Kollasj: Framtida.no

Kor les du?

Biblioteket, heime, hjå vennar, på bussen, på kafear. Elskar å lese når eg flyr.

Kva bok vart lesne til deg som liten?

Somaliske og islamske bøker.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Den andre kvinnen av Therese Bohman. Og ein dag har eg lyst til å skrive like godt som det Lena Andersson gjorde i Rettsstridig forføyning.

Foto: Sara Mac Key/Cappelen Damm , Henric Lindsten/Gyldendal. Kollasj: Framtida.no

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det å ta seg god tid, ikkje skrive luft, altså overflødig. Det å vere unik i eins skildring, vere tolmodig og observant, sjå det andre ikkje ser. Humor, det meste av samtidslitteratur er så dølt. Hm, det er masse!

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Nyleg kjende eg meg veldig att i rastløysa til Leïla Slimani sin karakter frå I udyrets hage.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

T.S. Eliot, slik at eg kunne høyre korleis favorittdiktet mitt The love song of J. Alfred Prufrock vart til. Kva tilstand var han i under skrivinga?

Sumaya Jirde Ali ville invitert den amerikanske-engelske poeten Thomas Stearns Eliot på middag. Bilete: Offentleg eigedom. Kollasj: Framtida.no

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Vigdis Hjorth. For det er noko vi allereie gjer, og vi er ikkje lei av den grunn. Eg elskar Hjorth slik ho elskar Brecht.

Ei av bøkene dine vert gjort om til film – og kven skulle spelt hovudrolla?

Om mi siste diktsamling Når jeg ser havet, slokner lyset vart ein film, så hadde eg villa at Samira skulle verte spelt av skodespelar Ameli Isungset Agbota.

Skodespelar Ameli Isungset Agbota er utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og debuterte i «Løperjenten» på DNS hausten 2016. Ho har spelt i den Heddaprisnominerte førestillinga «Arv og Miljø», basert på Vigdis Hjorth sin roman med same namn. Omslag: Aschehoug. Foto: Den Nationale Scene. Kollasj: Framtida.no


Amanda Gorman trefte menneske over heile verda med det sterke diktet «The Hill We Climb» under presidentseremonien. Foto: Peter Stevens, Flickr

Sumaya Jirde Ali

Namn: Sumaya Jirde Ali

Alder: 23 år

Frå: Bodø

Utdanning: Bachelor i Sosialantropologi

Yrke: Debattant og poet

Kor mykje les du sjølv, gjerne tal bøker i året? Typ 50 bøker.