Venstre med nynorskløft i sitt alternative statsbudsjett: – Dette bør regjeringspartia merkje seg
I sitt alternative budsjett løyver Venstre meir pengar til nynorsktiltak. Mållagsleiaren meiner regjeringspartia må følgje opp ambisjonar med pengar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Venstre vil gje nynorsken eit løft. Sjølv i eit trongt budsjett, har vi funne fram pengar til fleire nynorsksatsingar.
Det uttalar Venstre-politikar Grunde Almeland til Framtida.no på e-post. Han sit på Stortinget, og leiar familie- og kulturkomiteen.
I Venstre sitt alternative statsbudsjett for 2023 har partiet løyvd éin million ekstra til Noregs Mållag, samanlikna med regjeringspartia sitt forslag til budsjett. Arbeidarpartiet og Senterpartiet føreslår å løyve nesten 6,4 millionar til Mållaget.
Dessutan vil Venstre løyve 2,1 millionar ekstra til Det Vestnorske Teatret og 3,5 millionar til Teater Vestland.
Almeland viser til at regjeringa i Hurdalsplattforma skriv: «Nynorsk og bokmål skal vere likestilte målformer, og som det minst brukte skriftspråket skal nynorsk fremmast og sikrast gode vilkår».
– Regjeringa skriv mykje pent om språk og nynorsk i Hurdalsplattforma. Då finn eg det merkeleg at det ikkje finst spor av dei gode orda i praktisk politikk, i statsbudsjettet.
Mållaget: – Dette bør regjeringspartia merkje seg
Arbeidarpartiet og Senterpartiet sitt forslag til statsbudsjett for 2023 fekk ein lunken 3-ar på terningen frå Norsk Målungdom-leiar Tobias Christensen Eikeland.
Han rosa forslaget for å auke løyvingane til samiske språk, men var skuffa over at det ikkje var skapt rom for nye nynorsktiltak.
– I tillegg har nynorskdelen i kulturbudsjettet aldri vore lågare. Det er skuffande at regjeringa ikkje prioriterer nynorsken, som dermed ikkje tek det særlege ansvaret det offentlege har til å fremje nynorsk, på alvor, sa Eikeland til Framtida.no i oktober.
Venstre sitt alternative budsjett får derimot ros frå Noregs Mållag-leiar Peder Lofnes Hauge.
– Dette er svært gledeleg. Venstre har forstått at språkpolitiske ambisjonar må følgjast opp med pengar. Det bør regjeringspartia merkje seg, uttalar Lofnes Hauge i ein e-post til Framtida.no.
Lofnes Hauge arbeidde som politisk rådgjevar i Venstre før han tok til som mållagsleiar i 2020.
Mållagsleiaren seier han er særleg glad for millionane til nynorsk scenekunst. Han peikar på at Teater Vestland manglar pengar til husleige og at Det Vestnorske Teateret har ei ny scene dei ikkje har råd til å ta i bruk.
I tillegg håpar Lofnes Hauge at dei tre raudgrøne partia som forhandlar bit seg merkje i den ekstra millionen til Noregs Mållag.
– Dei nasjonale nynorskorganisasjonane i Noreg har samla seg om dette som det viktigaste tiltaket på kulturfeltet. Ingen ting gjev meir nynorsk for pengane enn ei auka løyving til Noregs Mållag, seier mållagsleiaren.
- Les også kva terning ungdomspartia trilla på regjeringa sitt statsbudsjettforslag – og kva ungdomsorganisasjonane tykte!
– No må SV tvinge fram ei satsing
– Når regjeringa ikkje vil følgje opp intensjonane i den nye språklova, set vi vår lit til at SV tar opp saka i forhandlingane med regjeringspartia om statsbudsjettet, seier Grunde Almeland frå Venstre.
Han poengterer at det er eit stort behov for å styrkje kulturtilbodet til barn og unge ved å produsere meir nynorsk litteratur og ved målretta tiltak som gjer nynorsken meir synleg og tilgjengeleg.
– Venstre har prioritert det i vårt budsjett, no må SV tvinge fram ei satsing i Stortinget.
Budsjettforhandlingane mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti starta førre måndag. Før partia møttest rundt forhandlingsbordet presenterte SV sitt eige alternative statsbudsjett.
Der har partiet allereie gått inn for å auke løyvingane til nynorskteatera. SV føreslår å auke støtta til Det Vestnorske Teatret med 3,5 millionar kroner, og Teater Vestland med 2 millionar.
Før forhandlingane tok til peika SV-leiar Audun Lysbakken på at partiet vil prioritere rettferdig fordeling og klimakrisa.
Dette er Venstre si nynorskpakke – og dette står i regjeringa sitt forslag:
Dette føreslår Venstre:
- 1 million ekstra til Noregs Mållag
- 400 000 kroner til Skuleboknemda til Studentmållaget i Oslo
- 1 million ekstra til Det Norske Samlaget
- 1 million ekstra til Nynorsk kultursentrum
- 2,1 millionar ekstra til Teater Vestland
- 3,5 millionar ekstra til Det Vestnorske Teatret
Dette føreslår regjeringa:
- 6 375 000 kroner til Noregs Mållag
- 22 065 000 til Det Norske Samlaget
- 24 115 000 kroner til Nynorsk kultursentrum
- 23 615 000 kroner til Teater Vestland
- 18 085 000 kroner til Det Vestnorske Teatret