Rappar risikerer dødsstraff etter å ha støtta iranske demonstrantar

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For tre veker sidan vart den kurdiske rapparen Saman Yasin (27) arrestert i sin eigen heim av iranske tryggleiksstyrkar. No står han overfor ein dødsdom etter å ha blitt sikta for å føre krig mot Gud, fordi han la ut støtte til demonstrantane på sosiale medium.

I løpet av dei neste dagane vil han få den endelege dommen av den iranske domstolen, ifølgje The Guardian.

Menneskerettsaktivistar fryktar han berre er ein av mange som kan kome til å få dødsdom, etter at iranske styresmakter førre sundag gjorde det tydeleg at dei ynskjer harde dommar for demonstrantane.

14.000 arresterte demonstrantar

Den islamske republikken slit med å halde nede protestane i det som er ein av dei største opprøra mot styresmaktene på mange år. Demonstrasjonane starta etter at Masha Amini (22) døydde i varetekt i september. Ho vart arrestert av moralpolitiet for å ha vist for mykje hår under hijaben.

Ifølgje FN er det om lag 14.000 menneske, inkludert barn, som har blitt arresterte av regimet sidan protestane starta i september.

Styresmaktene vil ha alvorleg straff for demonstrantar

– Me bed domstolane om å slå hardt ned på gjerningspersonane bak desse lovbrota og alle dei som hjelpte til med lovbrota og provoserte opprørarane.

Dette skal 227 av dei 290 i Iran sitt parlament ha sagt i ei samla utsegn sundag førre veke.

Det melder Reuters og fleire andre internasjonale medium.

Menneskerettsorganisasjonar fryktar dette vil bety dødsdommar og Oslo-baserte Iran Human Rights har publisert ei pressemelding der dei fordømmer dette.

– Den islamske republikken har historie med å bruke dødsdom som eit politisk verktøy for å kneble motstanden og halde på makta. Liva til iranske demonstrantar er difor i alvorleg fare og det internasjonale samfunnet må stoppe desse grufulle handlingane med rettidige handlingar, skriv dei mellom anna.

Amnesty: Urovekkande auke i bruk av dødsstraff

– Me veit at fleire av demonstrantane har blitt tiltalt basert på straffeavgjerder som kan medføre dødsstraff.

Det fortel Gerald Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty Norge, som mellom anna har ansvar for Iran, i ein e-post til Framtida.no.

Gerald Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty Norge. Foto: Amnesty

– Det at lovgjevarar går saman og prøver å fortelje domstolane korleis dei skal døme, viser kor sterkt rettssystemet er påverka av makthavarane og deira politiske interesser.

Han fortel at dei allereie før demonstrasjonane byrja, såg ei urovekkande auke i bruk av både dødsstraff og andre fysiske avstraffingsmetodar i Iran, som til dømes amputasjon og pisking.

Dette bryt med det internasjonale forbodet mot tortur.

– Alarmerande, men ikkje overraskande

– Signal om at styresmaktene vil ta i bruk dødsstraff for å tvinge fredelege demonstrantar til å teie er alarmerande, men diverre ikkje overraskande. Styresmaktene gjer allereie omfattande bruk av vilkårlege drap, tortur, tvungen forsvinning og andre overgrep for å skremme folk til teiing.

Nyleg overleverte Amnesty ein appell til FNs menneskerettsråd om ei gransking og ansvarleggjering av dei som er ansvarlege for dei mest alvorlege menneskerettsbrota i Iran.

Appellen vart skriven under av meir enn 760 000 menneske over heile verda og over 46 000 i Noreg.


Kollasj av framtida. Foto: Richter Frank-Jurgen, CC BY-SA 2.0, <https://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0> via Flickr, Ashkan Forouzani on Unsplash, UNclimatechange via Flickr, CC BY-NC-SA 2.0