Denne saka stod først i Framtida Junior si temautgåve om klima. Der kan du òg lese om kva Ella (12) ville gjort om ho var klimaminister og at New Zealand vil skattlegge kufis.
For å nå klimamåla, er vi nøydde til å fjerne mykje klimagass frå atmosfæren. Mange selskap satsar difor på resirkulering av CO₂, medan forskarar ser etter andre løysingar, til dømes å lagre CO₂ under jorda.
Nokre peiker også på løysingar som kan kontrollere vêret. Forskarane er likevel tydelege på at nokre av desse forslaga er naudløysingar – det viktigaste er å kutte utslepp.
Her er fem tiltak som forskarane trur kan vere med på å redde verda:
1Plante skog
Du har kanskje lært om fotosyntesen i naturfagstimane? Plantar brukar CO₂ og sollys for å produsere oksygen. Ved å plante fleire skogar, kan ein altså fjerne meir CO₂ frå lufta.
I dag vert det derimot hogd meir skog enn det vert planta.
2Strø kalk over havet
Når det regner, fangar dropane opp CO₂ frå lufta. Kalkstein kan knyte til seg CO₂-et når regnet treffer kalken, og viss ein strør det på vassoverflata kan CO₂-et bli lagra i havet.
3Fange CO₂ direkte frå lufta

Ein kan sette opp store tårn eller vifter som syg inn CO₂ frå lufta. Då må ein også bygge store rør under jorda der ein kan lagre CO₂.
4Montere spegel i verdsrommet
Noko forskarane held på å undersøke, er såkalla klimafiksing. Det inneber å kontrollere vêret, noko mange er skeptiske til.
Viss ein monterer store spegel i verdsrommet, blir noko av sollyset reflektert vekk frå jorda, og då blir oppvarmingseffekten mindre. Men dette vil vere veldig dyrt og risikabelt.
5Spreie diamantstøv på himmelen
Ved å spreie diamantstøv på himmelen med store ballongar eller fly, meiner forskarar at ein kan kjøle ned klimaet.
Det er fordi støvet kan lage eit stort, avkjølande «teppe» over kloden, som reflekterer noko av sollyset tilbake i verdsrommet. Det liknar noko som skjer etter store vulkanutbrot.
Men ein veit ikkje kva biverknader grepet kan ha. Forskarane er også redde for at klimafiksing kan føre til at vi ikkje tar andre grep for å redusere utslepp. Difor meiner dei at det bør vere ein plan C dersom vi ikkje klarar å gjere store nok kutt i utsleppa.
Kjelder: Energiogklima.no og Litteraturhusets podkast
Har du fått med deg kva utfallet av årets klimatoppmøte var?
- Kort forklart: Kva står i slutterklæringa etter klimatoppmøtet?
- Unge på COP27 krev fossilfritt EU i 2030
- Klimatoppmøtet etablerer fond for tap og skade: – Endeleg
Her får du ei oppsummering av dei store oppturane og nedturane frå første veka, og her får du høgdepunkta og skuffelsane frå siste veka.